Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Mine BC-støvlar i storleik 46 går fint nedi fotposane i storleik 45/46. Fotposane med 3 lag filtsolar og eit par ekstra sokkar, vert varme sko til bruk på post eller andre typiske fryse-øvelsar. Den store fordelen framfor fjellstøvlane i desse situasjonane er at alt er mjukt så ein enkelt før rørt på tærne.
  2. 1. Dette er ikkje målingar men generet værspådom. På sida står det "Hardangervidda nasjonalpark: Verneområder i Eidfjord (Hordaland). Ligger på 60°10′18″N 07°24′40″Ø." 2. Dyranut er heilt riktig. 3. Lappesteinen er ca sone32 6699200N 430200Ø Stasjonen står like ved riksvegen. Dersom du også er interessert i snømengde, kan du sjå på http://www2.nve.no/h/hd/plotreal/water_equi/0015.00118.002/index.html Denne viser kor mykje vatn det er i snøen.
  3. Eg har høyrt Bleia i Lærdal. Toppen er 1717moh med samanhengande relieff ned til 1000 meters djup i fjorden rett utanfor.
  4. Eg gjer alltid det i forteltet, der er det så mykje snø fra før, så eg ser ikkje heilt forskjellen
  5. Lappestein ligg omlag 1150moh, Dyranut 1240moh. Slik veret er no, er det varmare luftlag høgare oppe, derfor desse skilnadane over så kort avstand. I tillegg kan det liggje lommer med kald luft i søkk i terrenget som kan gje store temperaturforskjellar over små avstandar. Akkurat det same erfarte eg i helga. Sundag opplevde eg eit markert skille på omlag 1400moh. Lågare var det nokre kuldegrader. Høgare var det varmt. Heilt normalt desember og tidleg januarver på desse trakter.
  6. Dyranut (Eidfjord): http://vegklima.vegvesen.no/enkeltstasjon.aspx?maalepktnr=M620&namn=Rv7+Dyranut Lappestein (Hol): http://vegklima.vegvesen.no/enkeltstasjon.aspx?maalepktnr=M621&namn=Rv7%20Lappestein Desse ligg ved Rv7 på kvar si side av fylkesgrensa.
  7. Sjølv svergar eg til trepluggar i snøen. Dei er enklast å lage sjølv på Gjerdesaga. Trepluggar frys fast i snøen, noko som gjer at ein ikkje treng så lange pluggar. Men ein bør ha spade for å få dei opp att.
  8. 6 forslag får mi side: Norge den nordlege arena av Slingsby Ein udødeleg klassiker: Tre i Norge ved to av dem Scott-ekspedisjonen av ein av dei som var med: The worst journey in the world av Apsley Cherry-Garrard Hardangervidda av Johannes Dahl Blant nordpolens naboer av Eivind Astrup Den store sledereisen av Knud Rasmussen
  9. Tipset mitt ville vera å droppe kaffikjelen og heller bruke ein vanleg kjel. Då får du ein større åpning slik at det vert enklare å få primusen nedi. Oppvasken vert også enklare. Novaen min går i alle fall nedi kjelesettet mitt, og den minste kjelen der (den eg brukar om sumaren) er 1,5 liter.
  10. Nettop derfor (og eit par andre liknande grunnar) har eg liggande ein hudrelapp eller tohundrelapp i kartmappa.
  11. Dette finn du på Norge i bilder. i-knappen og klikk i bildet så får ein dato, oppløysing, kilde mm.
  12. Eg har gode erfaringar med Ringstind. Innvendig plass er lang nok sjølv om eg er 1.90. Sekken får plass i den delen av forteltet som ikkje er inngang. Teltet er raskt å setje opp. Ein treng ikkje store teltplassen, noko som er av stor verdi for oss som går der det er mest stein. For meg har dette vorte det ultimate sumarteltet. Vurder Hilleberg Akto også. Storleik og vekt er som Ringstind. Eg har derimot dårlegare erfaring med Ringstind på snø (i juli). Det vert for dårleg tetting mot bakken, slik at det vil drive inn i teltet.
  13. Hudrevis er det då ikkje Under 'Grid:' er det 3 aktuelle valg. Lat/Lon hddd.ddddd° Lat/Lon hddd°mm.mmm' Lat/Lon hddd°mm'ss.s''
  14. Eg har hatt Nova sidan 2000, og har vore godt fornøgd med den. Aldri noko problem. Brenn kontrollert utan stikkflammer. Brukar parafin. Eg har også ein Primus multifuel, forløparen til omnifuel, med effektjustering bare ved pumpa. Multifuelen bråkar meir, og under forvarminga får eg høgare flammer enn Novaen og meir sot. Nettop dei låge og kontrollerte flammene under forvarminga gjer at eg føler meg meir komfortabel med å fyre opp Novaen i gropa i forteltet. Multifuelen manglar også slik risterensenål. Korleis Omnifuel er i forhold til multifuel på desse punkta har eg inga erfaring med. Kjelestøttene og føttene til Primus (både multifuel og omnifuel) er noko vidare enn Novaen, slik at brennaren står stødigare, men samanpakka er Novaen overlegen med tanke på kompaktheit. Vinterstid fester eg Novaen på ei passe stor sponplate slik at det uansett er stødig nok, og kjelane mine er ikkje breiare støttene på Novaen så det er heller ikkje noko problem. Mine erfaringar er i alle fall at Novaen er ein mykje betre primus enn multifuel, og derfor har multifuelen nesten ikkje vorte brukt, men så har eg heller ikkje betalt noko for han. Eg fekk han faktis av Primus, men det er ei anna historie.
  15. Og for oss som vil ha eit heilt generelt program som gjer jobben frå kommandolinja: http://proj.maptools.org/ eller interaktivt: http://earth-info.nga.mil/GandG/geotrans/ Begge desse støtter eit stort tal projeksjonar og koordinatsystem, både i unix-baserte OS og windows.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.