Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det er riktig at du kan utelukke Veslebotnskarvet.
  2. Kva for fjell er dette. Hint: primærfaktor omlag 600m, ikkje høgaste toppen i kommuna, og fjellet ligg ikkje i Østfold.
  3. afe

    Kneppetelt

    Eg har ein duk som det er trykt på nokre teikningar, ja. Ettersom knappane ikkje kan fjernast enkelt, kan eg desverre ikkje køyre duken gjennom scannaren.
  4. Snø er det nok av, i alle fall til skiføre. Det kan vera noko overvatn på isane på denne tida av vinteren. Ellers er det kanskje verdt å nevne at rv7 er stengt frå natt til jueaften til lurdag 27. kl 07:00, og frå onsdag 31. kl 15:00 til fredag 2. kl 10:00.
  5. Nei, men eg kjenner at mi kjære Lauvdalsbrea og Blåbergi til venstre i bakgrunnen. Så er det vel Skogshodn til høgre. Eg er ikkje lenger sør enn Gaustatoppen, men kanskje lenger aust. Kanksje i nærheita av Norefjell eller Hallingnatten.
  6. Etter kva eg hugsar, skjedde det ei dødsulykke på grunn av kullosforgifting i telt i forbindelse med skiVM i Trondheim 1997, det skulle i så fall passe godt med 'pasient 5' i artikkelen det er linka til over.
  7. Dersom det gule glasset stoppar UV, så skal det jo hindre snøblindheit. Eg har i alle fall ikkje opplevd å bli snøblind etter ein dag med gult glass.
  8. Har aldri høyrt om at nokon har knekt den. Og mi eiga meining er at det ser solid ut, i alle fall solid nok i forhold til kva slags kraft som kan tenkast at spaken kan bli utsatt for. Eg har nok opplevd å knekke spaken på fyrste generasjon nnn (ikkje bc). Men det var tynn plastikk. Bindingen fungerte forresten like godt etterpå, men det var litt meir pirk å få han av og på
  9. Sjølv har eg laga snøpluggar av 20-25cm lange lekter, splitta til passe tynne på Gjerdesaga og late det stå att ein liten klump i øvre enden. Desse pluggane har eg brukt på same måte som ein brukar vanlege pluggar om sumaren. Dei frys fast i snøen i løpet av få minutt, og eg må stort sett bruke spaden for å få dei opp att heile. Ikkje så at eg må make dei opp, det er nok å skuve spaden ned langs med pluggen.
  10. Sjølv sverger eg til forsvaret si loslue (BF) i kulda eller sterk vind. Eg har fått mine for 25kr pr stk på utsalg.
  11. Å påstå at 75mm er trygt, er vel litt drøyt i denne samanhengen. Eg har sjølv opplevd såleknekk på 75mm sko, og det var ikkje morosamt. Eg har også høyrt om nokon som har hatt problem med nnn-bindingar, men eg har ikkje opplevd slikt sjølv, til tross for at eg brukar det i underkant av 100 dagar i fjellet kvar vinter. Så uansett bindingstype, kan ein få problem, men dersom utstyret er i orden, er det nok ikkje vanleg med slike problem, verken med 75mm eller BC. Det viktigaste av alt er at ein finn ein støvel som passar til foten, slik at ein unngår gnagsår. Så kan ein velge binding som passar støvelen. Dei stivaste BC-støvlane er forresten betre å løype nedover med enn dei slaskaste 75mm-støvlane. Så ikkje velg billege 75mm-støvlar fordi ein trur desse skal vera betre enn alt innan BC.
  12. Det er nok ikkje problem å fyre opp dette teltet, men luftelukene til Hilleberg er store og effektiva, så du må nok strype att lukene litt, i alle fall luka mot vinden. Dersom det er litt snø i lufta vil det forresten drive inn så mykje snø i denne luka at valget gjer seg sjølv.
  13. Dersom det er vanleg med 50cm nysnø der du har gått, så har me nok ikkje gått på same stad, nei Eg har opplevd omlag 50cm nysnø ein gong over skoggrensa, og då var det ikkje trinsene på stavane som var problemet. Hadde desse flote oppå snøen, ville stavane vore 50cm for lang den gongen. Fjellskia gjorde ikkje teikn til å ville flyte oppå, så det vart ein stutt tur. Eg har ingen tru på at store trinser ville ha flote oppå heller. Små trinser kan i slike tilfeller vera fordelaktig, ved at dei er mykje lettare å dra oppatt frå snøen. Dagen etterpå var alt ved det normale att. Eg ville ikkje ha nokon betenklegheiter med å gå over Hardangervidda med racingstavane mine. Eg har ikkje brukt anna enn racingtrinser sidan midten av 80-talet, og i alle fall dei siste åra har eg vore på skitur over skoggrensa kvar helg frå tidleg november til månadskiftet juni/juli. Stort sett har eg tråkka mi eiga løype, og trinsene har aldri vore noko problem. Det einaste er i såfall at stavane ikkje står av seg sjølv når det er veldig hardt.
  14. Sjølv går eg 5 cm opp i lengde i løpet av sesongen. Startar med kroppslengde minus 35cm før jul og endar med kroppslengde minus 30 cm i løpet av januar. Vanlege racingtrinser held i massevis så lenge ein held seg over skoggrensa.
  15. Om vinteren, i dagslys med snøføyke eller skodde, er mi erfaring at mørkast mogleg er lettast å få auge på, altså grønt. I god sikt, gjerne sol, ser du teltet uansett mot snøen, men eit grønt telt er lettare å forveksle med ein stein. I hovudlyktlys, er det refleks som gjeld. Ei lita refleksstripe på toppen av teltet, så ser du det på fleire hundre meters avstand med ei god hovudlykt.
  16. Gyrinosvatnet er farbart det meste av vinteren, men hald deg vekk frå sundet mellom Gyrinosvatnet og Flævatnet, for der går isen etter kvart opp att når vannstanden går ned og det vert strøymt. Men dersom været er fint, er det jo mykje finare å gå oppå Skarvet!
  17. Etter det eg har frstått, er innerteltgavlen mindre bratt på Saivo enn på Tarra. På Tarra er innerteltgavlen loddrett som på eit klassisk tunelltelt. Eg har i alle fall fyra opp primusen min i dette forteltet, riktignok litt nedgrave i forteltet, men eg kjenner primusen min godt også. Dette har eg forsåvidt redegjordt for tidlegare i tråden. Når det gjeld bardunering, så er bardunane festa i duken som på andre telt. Bardunene ved buekryssa er grei å surre ein gong rundt buene for å stabilisere litt ekstra. Med stengane i det fri, kan du derimot henge på fleire bardunar dersom du ynskjer det, bare ved å hekte dei ei stengane.
  18. Apropos motbakkar. Eg har hatt stor glede av å gå med trugar (Solide moderne trugar med kraftig stegjern) i dei brattaste motbakkane (opptil 200 høgdemeter og 28% stigning). Erfaringa mi er at dette er ein god del lettare å dra pulk med enn ski og feller, sjølv om trugene vert ekstra last på pulken resten av turen. Som ekstra bonus har eg trugene som sikkerheit i tilfelle skiknekk, sjølv om eg ikkje reknar med å knekke ski att før i 2011.
  19. Eg har også ein tidleg Nova. Innanfor det fyrste produksjonsåret trur eg. Mi erfaring med forvarming av denne, er at flammene aldri har stått nevneverdig over brennaren, og det er den primusen med desidert lågast forvarmingsflammehøgde av dei eg har prøvd. Denne har eg alltid forvarma litt under bakkenivå i forteltet.
  20. Eg har ikkje gått turen verken frå Tyinkrysset eller til Finse, men eg har gått mykje på kryss og tvers i området mellom rv50 og rv52, både sumar og vinter, og kan vel kallast lommekjent i austlege deler av dette området. Det var bra skiføre før dette siste mildværet i alle fall. Dei uregulerte vatna er nok trygge, men det er jo alltid litt usikkert tidleg på vinteren. Så det må du vurdere litt undervegs. Går ein gjennom eit vatn, så går ein rundt det neste, så enkelt er det Små vatn frys raskare enn store, og dei store er jo regulert. Er snøen fast så han bær, skal det faktis noko til før ein skiløpar går gjennom, sjølv om isen under er tynn. I eit tilfelle har eg opplevd å stikke staven gjennom snøskorpa og rett ned i vatn ved juletider. Då gjekk eg forsiktig baklengs på land att og var temmeleg forsiktig på alle vatn fram til påske. På det kartutsnittet du har lagt ut, er det jo bare Øljuvatnet og midre Flågrunnsvatnet det ser ut som du har tenkt å krysse. Øljuvatnet er som nevnt regulert og bør uansett omgås. Midtre Flågrunnsvatnet ligg høgt og har så lita gjennomstrømning at det ville overraske meg stort om isen ikkje er trygg.
  21. Deter vel på grunn av slike, at importøren faktis sponsar dei aller beste
  22. Med pulk kan du slå til med ein sovepose som er noko varmare enn kva du reknar med å få bruk for. Vekta vert litt større, men det spelar ingen rolle. Og du er sikra god søvn, sjølv om det vert kaldare enn planlagt. Soveposen vil tape seg i isolasjonsevne etter bruk, så du vil få lenger levetid på posen dersom han i utgangspunktet er noko varmare enn nødvendig.
  23. Sjekk opp området rundt Starsjøen. Det er nokre usikre elvestrekningar mellom dei regulerte votna der, Men eg trur du skal koma fram ved å gå over tunelltak. Og Øljuvatnet må du gå rundt. I tillegg til at det er regulert fleire 10-tals meter, har det fått navnet sitt av at isen legg seg seint frå naturen si side. På austsida kjem du kanskje rundt der gamle dnt-stigen (frå før reguleringa) gjekk, i skardet mellom Skorpetind og Uthusnose. Der er det riktignok nokre bratte kneiker, så ta hensyn til eventuell rasfare. Alternativet er vestsida å gå over demningen. Det legg seg opp skavl akkurat i austenden av demningen som kan gjera at det er vanskeleg å koma endpå denne. I alle fall med pulk. Eg har sjølv hatt problem her, og bestemt meg for aldri å prøve att, men det kan hende det er mogleg å koma fram så tidleg på vinteren. Dersom du må nedom dammen, kan du plusse på 100 høgdemeter i reknskapet ditt. Eg vil i så fall foreslå å gå på nordsida av Svarterandane og vestom Volanutan. Dersom du ikkje kjem utpå den store dammen, er det fint å løype ned frå den vesle og opp att der vegen går. Då kjem du inn på ruta di att litt vest for Kongshelleren.
  24. http://arcus.nve.no/website/svekket_is/viewer.htm der ser du i alle fall kva som er regulert. Men kva som er merka som usikkert gjeld seinare på vinteren, så bare hald deg på turt land. Ver spesielt oppmerksom på nokre elver og vatn i området mellom Breistølen og Bjordalsbu. Djupsvatnet-Iungsdalsvatnet ville eg også unngå. Her er det kanskje greiast å gå sumarløypa frå Bjordalsbu gjennom Gråhyrnerane til litt før Jutultjørne. Der kan du svinge ned Breiskardet og følgje Fødalen ned til Iungsdalen. Hald deg godt utanom utosen på Fødalsvatnet, for der er det gjerne åpent vatn heile vinteren. Dette vert omlag like langt som å gå Mjolgedalen, og du kjem heilt utanom Djupsvatnet-Iungsdalsvatnet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.