Jump to content

"Alzheimer-quiz"


tf
 Share

Recommended Posts

Var på fottur til Onen (1621 moh, på grensa mellom Ulvik og Eidfjord i Hordaland) hausten 2006. Knipsa bilder i "aust og vest" på turen, men gjekk ikkje gjennom materialet før nyleg, og har no fått følgjande problem: Eg kjenner att mesteparten av motiva, men ikkje fjellet midt på bildet nedanfor! :D Det er tatt med ca. 10x zoom, og (den distré!) fotografen står sannsynlegvis ca. 1 km aust-nordaust frå toppen av Onen, mellom 1550-1600 moh.

Eg appellerer difor til eventuelle Hardanger-spesialistar på forumet om hjelp til å fastslå kva topp me ser ...!

Torbjørn

post-958-133474510525_thumb.jpg

Link to comment
Share on other sites

Eg veit ikkje kva fjell dette er desverre, men har opplevd det same som du og gløymd kva eg har tatt bilete av...

Det ser jo ut som det går nokre dalar (og fjordar?) her, ein på tvers i framkant av fjellet du spør om og ein inn til høgre i biletet. Kan det siste vere Osafjorden? I så fall kan fjellet til høgre vere Midtfjell og det i bakgrunnen Storeflåtten? Eg har aldri vore på Onen sjølv, og kjenner ikkje profilen til Storeflåtten frå denne sida. Berre ei gjetting frå mi side.

Link to comment
Share on other sites

Det ser jo ut som det går nokre dalar (og fjordar?) her, ein på tvers i framkant av fjellet du spør om og ein inn til høgre i biletet. Kan det siste vere Osafjorden? I så fall kan fjellet til høgre vere Midtfjell og det i bakgrunnen Storeflåtten? Eg har aldri vore på Onen sjølv, og kjenner ikkje profilen til Storeflåtten frå denne sida. Berre ei gjetting frå mi side.

Det er nok ikkje Midtfjell til høgre (har vore der ca. 200 gonger, og meiner å vita korleis det fjellet ser ut! :D); skulle i så fall også ha sett Grimsnuten tydeleg på venstre sida av denne toppen. Trur heller at bildet er teke i ei eller anna retning mellom sørvest til aust-søraust; td. mot Veigdalen, eller kanskje retning Skykkjedalen / området sør for Hardangerjøkulen. Dei tversgåande "dalane" kunne i så fall vera Eidfjord eller Simadalen, og ei mogeleg løysing på gåta kunne vera "naboane" Øktanuten 1614 og Sovarenuten 1648. Men eg har ikkje så langt klart å få dette til å stemma med kartet heller ...! :P

Torbjørn

Link to comment
Share on other sites

Det er nok ikkje Midtfjell til høgre (har vore der ca. 200 gonger, og meiner å vita korleis det fjellet ser ut! :D);

Hehe, nei då kjøper eg greit din konklusjon her! Blir spennande å sjå om nokon har svaret på dette.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy