Gå til innhold
  • Bli medlem

tf

Aktiv medlem
  • Innlegg

    53
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av tf

  1. Grattis med flott tur - synd du ikkje tok turen opp på Kyrkjedørsnuten også, som er kurant året rundt, så lenge det ikkje er for hardt / isete. Var opp 2 gonger i 2005, både i februar (sjå http://impact.ii.uib.no/arnt/Peaks/flakavassnutane.html) og i mai. Gjekk heile Hallingskarvet på langs i går saman med ein kompis, me starta på Finse og gjekk til Havsdalen ved Geilo. Super tur, men litt tunge bein i dag ...! Torbjørn
  2. Dette er vel Fagernut vest for Finse? Torbjørn
  3. Yo, all; Eit par kommentarar til TrondE si 'fylkesliste' kan kanskje vera på sin plass når det gjeld Hordaland: Denne lista kallar punkt 1815 (Norgesglasset: 1816) lengst vest på Hallingskarvet for 'Kyrkjedørsnuten', men bruken av dette namnet er nok ikkje korrekt, då den eigentlege Kyrkjedørsnuten (1790 moh) ligg ca. 1.3 km mot nord. Vidare kan det også diskuterast om 1815 er det høgaste punktet på fast fjell i Hordaland fylke. På 1990-utgåva av 'Turkart 1:50000 Finse' er det merka av eit punkt 1839 (som ikkje er synleg på Norgesglasset - der er høgaste fjellpunkt på Jøkulen 1813, SV for Bukkeskinnshjellane) litt nord for toppen av Hardangerjøkulen, og ca. 1.3 km vest for Jøkulhytta. Etter sterk avsmelting dei siste åra, har det vore synleg ein liten 'nunatak' i omlag denne posisjonen både i 2004 og 2005. Har ikkje sjekka høgda med GPS, men eg har ein mistanke om at denne 'knausen' må vera høgare enn 1815. GPS measurements, anyone?? Torbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.