Hei!
Eg lagde mine ski av furu. Me fant emna på eit lager, der me kunne plukke ut dei beste emna. Det me såg etter, var kvistfrie, rette emner, der årringane låg ganske tett. Når ein plukker emner, bør ein ha med nokon som kan det, eg må i alle fall ha hjelp! Emna til mine ski som eg lagde for nokre år sidan, hadde eg veldig flaks med, for dei hadde god spenning i seg. Spennet er noko som ligg i skia.
For å lage bøyen i tuppen brukte med vanndamp, og ei spesiell innretning som me la skia i for å presse til bøyen.
Når skia var ferdige, satte me dei inn med tjøre, og brukte ei svært sterk lampe for å brenne tjøra inn. Dette gjer eg kvar vår, etter skisesongen er ferdig. Eg smører tjøre på, og let dei steike seg i solveggen. Det er ein koseleg jobb!
Når det gjeld sålen, så gjorde me ingenting. Det er der treets eigenskapar kjem fram, for furu er ganske mjukt tre. Dei ljose årringane blir slitt ned, medan dei mørke årringane, som er hardare, vert ståande ca 1 mm høgare opp. Så då blir det naturlege furer langs skia.
Når det gjeld treskias bruksområder samanlikna med glasfiberski, så er det forsåvidt likt. Berre tenk på korleis dei brukte treski før... Men treskia vert tyngre til våtare snø du går i. Dette er berre noko ein må prøve seg fram i.
Det hadde vore moro å høyre meir frå deg, dersom du skal lage ski!
Irene