Gå til innhold
  • Bli medlem

tuva

Aktiv medlem
  • Innlegg

    13
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om tuva

  1. Hei Åsnes er utruleg bra skimerke, har hatt fleire typar, og no utfaldar eg meg på Åsnes Nansen, fytti så mykje moro eg har med dei! Gler meg til å pløye ned ei fjellside med dei atte Så skulle eg anbefale nokon, er det Nansen skia - med riva binding! Irene
  2. tuva

    Lage eigne ski

    Hei! Det stemmer at eg brukte ei planke per ski ja. Eg brukte som sagt furu, noko som var bra pga den er så mjuk og god å jobbe med. Men er du vant med å svinge øksa, og er nøysom med det du gjer, ville eg anbefale å prøve med ask. Det er vel skiemne nr 1, men hard å jobbe med. Irene
  3. tuva

    Lage eigne ski

    Hei! Eg lagde mine ski av furu. Me fant emna på eit lager, der me kunne plukke ut dei beste emna. Det me såg etter, var kvistfrie, rette emner, der årringane låg ganske tett. Når ein plukker emner, bør ein ha med nokon som kan det, eg må i alle fall ha hjelp! Emna til mine ski som eg lagde for nokre år sidan, hadde eg veldig flaks med, for dei hadde god spenning i seg. Spennet er noko som ligg i skia. For å lage bøyen i tuppen brukte med vanndamp, og ei spesiell innretning som me la skia i for å presse til bøyen. Når skia var ferdige, satte me dei inn med tjøre, og brukte ei svært sterk lampe for å brenne tjøra inn. Dette gjer eg kvar vår, etter skisesongen er ferdig. Eg smører tjøre på, og let dei steike seg i solveggen. Det er ein koseleg jobb! Når det gjeld sålen, så gjorde me ingenting. Det er der treets eigenskapar kjem fram, for furu er ganske mjukt tre. Dei ljose årringane blir slitt ned, medan dei mørke årringane, som er hardare, vert ståande ca 1 mm høgare opp. Så då blir det naturlege furer langs skia. Når det gjeld treskias bruksområder samanlikna med glasfiberski, så er det forsåvidt likt. Berre tenk på korleis dei brukte treski før... Men treskia vert tyngre til våtare snø du går i. Dette er berre noko ein må prøve seg fram i. Det hadde vore moro å høyre meir frå deg, dersom du skal lage ski! Irene
  4. Har du prøvd Åsnes Nansen? Ingen over- ingen ved siden Det er svært stabile ski, som er best på fjellet, men eit helv... å gå med i preppa spor! Dei kostar litt, men eg for min del håpar å ha dei lenge. Dei er forøvrig best med kabelbinding. irene
  5. Eg har også gitt blanke i om skoa pustar, det er jo viktigast at dei er tette for væte utanfrå. Men om nokon har ei formeining om stell av gore-tex sko, ville det vore interessant å høyre om det. irene
  6. Hei Kva med gore-tex fjellsko? Eg har prøvd å sette dei fulle med vatn for å vaske dei etter nokre turar, tørke dei (som tok jæskla lang tid) også bruke Nikwax gore-tex imprignering. Dette funka greit nok. Men er det andre erfaringar med gore-tex sko? Og kva gjer de for å vaske gore-tex sko? Dei skal jo helst ha opne porar, og det er jo eit problem i sko, for det er ikkje lite salt og drit som ein svettar ut gjennom føtane... Irene
  7. Du må aldri kjøpe den real frokost- posen!! Mykje billigare å tilberede den sjøl!!! Tørrmelk + havregrynsblanding + rosiner + nøttar +++. elles er det ikkje lenge før ein brekk seg berre av lukta av real turmat, når ein har ete det ei stund... Enig i at torskegryta er best.
  8. tuva

    Lage eigne ski

    For ein del år sidan laga eg mine eigne treski. Dei funkar utruleg bra frå slutten av desember til litt uti februar, når det er kaldt og snøen er tørr. Eg elsker å stå i hobbyrommet og spikke, sage, høvle osb, og kunne tenke meg å lage endå eit par treski. Men eg kunne trengt litt hjelp angåande nokre småting, td om det er nokon som veit om nokon som sel emner til ski? Ogå hadde det vore moro å snakka med andre skimakerar! Irene
  9. Har lest ein del utgåver i fleire år av det svenske friluftslivbladet Utemagasinet, og vil på det varmaste tilråde folk å kjøpe ei utgåve neste gong de ser dette på Narvesen. Dessutan kom det våren 2004 ei svær bok om Hardangervidda, skrive av Tore Qvenild. Denne er veeeldig bra! Men tilrådast ikkje å ta med på turen, den er stor!
  10. Ja,såg at han ikkje fekk løyve. Poenget mitt er at det er stor skilnad på nyttekøyring og køyring kun for å oppleve action.
  11. 60 åringen sin bruk av motorisert køyretøy inn til hytta i verneområdet når han har løyve til det, er det ingen som kan ta han for. Når de kan skrive at hytta burde brennast eller selgast fordi han ikkje orkar gå inn, er det å gå vel langt i å henge ut enkelt personar. Men kva med ungdom som råkøyrer i bratte heng, både i og utafor verneområder? Vedder det om ikkje lenge skjer ei alvorleg ulukke der skuterfolk køyrer seg i hel i ras eller liknande (Det skjer kvart år at dei skader seg og drep seg). Kva med reklamen for å kjøpe farts-skuterar og firhjulingar? Alle har lov til å eige, men ikkje bruke...
  12. tuva

    Hund på fjellet?

    Hunden er det beste følget ein kan ha med på fjellet! Bikkje vert i fyr og flamme når den veit den skal få vere med, og det er som sagt alltid moro å ha den med! Dei få turane den ikkje har vore med, er det noko som har mangla ved sida mi! Dessutan lurt å trene den til å bere kløv, så kan den minst bere eigen mat. Sørg for at bikkja alltid får drikke vatn når de passerer bekkar o.l. I forkant av periodar du veit du skal vere mykje ute med bikkja, kan det vere lurt å fore bikkja med for som har mykje energi, td Labb aktiv pluss. Eg har opplevd at bikkja blei mager og sliten etter ei påske med særdeles høg aktivitet, kjem difor til å fore ho opp litt i forkant av slike periodar. Men ein ting alle som har bikkje med seg i fjellet bør tenke over er: Kva gjer eg om bikkja bryt ein fot eller skader seg alvorleg, og ein er langt frå folk? Dette bør ein ha tenkt over kva ein gjer med, før uhellet er ute! Snøblindhet og såre potar er det vanlegaste trøbbelet om våren. Hoggormbitt og vepsestikk (15 stikk under magen på ei 4 mnd gamal bikkje, 2 veker etter hoggormbitt er mykje!!!) er svært fort å få, kjøp kortison-tablettar hos dyrlegen - og ha dei alltid med! Dei hjelper for både dyr og mennesker.
  13. Er det nokon som har turforslag til 4-7 dagars skitur i Rondane/ Dovrefjell området? Me som skal gå har med telt, og eg har med hund. Tidspunkt for turen er før påske ei gong, men planlegginga er jo litt moro den også!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.