
ørjan
Aktiv medlem-
Innlegg
200 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av ørjan
-
Torgeir skreiv: Vegen over Hardangervidda vil f.o.m. i vinter verte midlertidig stengt viss det er villrein i området. Det er ein del krav til kor mange dyr som er i området etc, så ein reknar med at vil verte sjeldant med vegstenging, ein gong i året er visst anslaget. Det viktige er prinsippet. At ein aksepterer at ein såpass "viktig" veg vert stengt grunna villrein. Ei stamme som fekk eit flott oppsving med tusen dyr i år, trass i sterk motarbeiding frå DN.
-
Hjelledalen er eit veldig flott alternativ til/frå Bøen istadenfor grusvegen om Vetti for dei som skal til/frå Hjelle. Noko tyngre sjølvsagt, men du får så mykje meir att. Og utsikten frå Morkaskaret mot Morki, Stølsmaradalen og Hurrungane er fantastisk . Og Øytjørn er innihampen idyllisk. Og det går så alt for få her . Elles er ikkje Storurdi å anbefale, uansett ærend
-
er stengt frå sør ved skihytta/lysløypa i Fardalen. Mao vert det nokre høgdemeter opp til Berdalen
-
Bergen Turlag advarer på heimesidene sine mot Vossaskavlen. Det er meir eller mindre berre blåis og merkinga er fjerna.
-
var naturleg nok Fanaråken ein eller annan gong for ikkje alt for lenge sidan.
-
Har frå sikre kjelder at toppen er 1999,68, og avrunding til heile meter gjer vel at toppen blir 2000 . Elles kan det jo bemerkast at i diskusjonen over/under 2000 må det hugsast at ein del av målingane til kartverket ikkje er nøyaktige (toppar utan trigg). Kartverket oppgjev då at usikkerheita er pluss/minus tre meter. Noko som vil seie at td Stølsnostind Ø-1 kan vere 1998... eller 2004. Korleis usikkerheita er fordelt, td normalfordeling, vert det ikkje sagt noko om. Berre for å få litt matematikk inn i dette
-
Fanaråkbreen har vel knapt sprekker å snakke om. No er det for den saks skuld veldig lite snø der (surprise, surprise), har høyrt rykte om krampongar/stegjernføre. Problemet på denne breen er vasshola som er langt meir ubereknelege enn sprekkene. Dette gjer det vanskeleg å seie kva som er trygg lei, men så lenge det er føre som idag går det jo fint. Eit lite snapshot frå Smørstabbtind: Ørjan
-
Gjerde - Tungastølen er bretur (Tunsbergdalsbreen), med mindre de går ein kjempeomveg ned til Leirdalen og over Nonskard til Veitastrondi. Fiske er blant anna mogleg mellom Arentzbu og Gjerde i Martadalsvatnet og Holmevatnet, men trur ikkje det er så mykje fisk der (utbytet var iallfall magert då eg var på Holmevatnet nokre veker sidan) God tur! Ørjan
-
Såta er toppen av breen du ser frå Gaupne og det er Såta som er 1701. Hesten er ryggen sør for Såta, høgda på Hesten er 1632. Har ikkje vore på toppen sjølv , men har ikkje høyrt om nokon som har sagt det var svårt. Det er mogleg å gå opp både aust og sørryggane, ingen av dei krev brepassering. Du kan sjølvsagt fortsetje til Såta frå Hesten, men du vil vel trengje stegjern til det. Har ikkje sett opp dit på ei stund, men det skulle vel ikkje vere for mykje snø der no. God tur! Ørjan
-
Bondhusbreen er òg eit alternativ på Fonno som er lett tilgjengeleg (frå Sunndal) Ørjan
-
Såg opp der frå båten sist veke og ruta såg rimeleg opplagt og grei ut. Ser ut til å byrje frå der eggen flatar ut, og på skrå nedover
-
Søndag og måndag gjekk eg nok det som (truleg) vert sesongens siste skitur for mitt vedkomande. Turen gjekk over Hallingskarvet frå Finse til Geilo. Eg var nok litt seint ute i høve årstida, men det gjekk overraskande bra. Det byrja med morgontoget opp til Finse, sidan nattoget ikkje går laurdag/søndag. Fyrste kilometeren opp frå Finse gjekk til beins, på om lag 1400 moh var det på med skia. Deretter gjekk det nokonlunde greitt opp til Kyrkjedørsnuten, før ferda fortsette innover Skarvet. Her fekk eg eit gamalt spor å følgje, noko som var greitt i dei partia der det var mindre snø og det måtte gåast litt slalåm. Vidare til Hellevassfonni og Folarskardnuten var det stort sett veldig bra, veret var nydeleg, bris i ryggen, nok snø og fantastisk utsyn i alle himmelretningar . På toppane var det sparsomt med snø, men det skapte ikkje større vanskar. Ned til Folarskardet rota eg litt før eg skjøna at det var korrekt å følgje fonna heilt ned. Overnattinga fann stad i Lordehytta. Det var nokre minusgrader då eg byrja siste del av turen, litt snø var det òg i lufta opp til topp 1905. Føret var glimrande tidleg på morgonen, dermed gjekk det kjapt avgarde. Utsynet var nok ein gong nydeleg, morgonlyset gjorde Gaustatoppen og Hårteigen mykje tydelegare enn i soldisen dagen før. Før eg visste ordet av det stod eg i Prestholtskardet og festa skia til sekken. Dermed hadde eg veldig god tid til å nå toget på Geilo, noko som vart utnytta med ein lang pause på Prestholtseter. Sesongens siste skitur var over, så sant eg ikkje kjem meg avgarde til Blåskavlen med det fyrste. Generelt var føret overraskande bra, litt gjennomslag i nærleiken av stein og våt snø skapte berre litt sommarstemning. Tidsbruken var sju timar frå Finse til Lordehytta og fem og ein halv time frå Lordehytta til Prestholtseter. Ørjan
-
Eit bilete teke tysdag:
-
Rundt Litlos skal det vere bra moglegheiter for fiske, spør betjeningen på hytta, men vil tru både Kvennsjøen og Litlosvatnet er bra. Ved Hellevassbu er det ikkje så bra, Øvre Hellevatnet virka tomt dei tre vekene eg var på Hellevass som hyttevakt. Nedre Hellevatnet kan vere betre. Ved Torehytten var det dårleg fiske i fjor, berre fire-fem aurar på alle overnattande dei fjorten dagane eg var der. Litt vest for Torehytten er det betre, dvs Veivatnet og Austdalsvatnet/Nedsta Onkjelsvatnet. Det beste vil vel uansett vere å finne ein lokalkjend fiskar og riste hemmelegheitene ut av han Ørjan
-
I følgje breførarlaget er det mindre snø enn vanleg (surprise, surprise). Dette har medført blant anna dårlege snøbruer+sprekker på Erdalsbreen, opne sprekker i Lodalsbrekka og Småttene er Småttene. Sjølv har eg tenkt meg avgarde neste veke, men det som i utgangspunktet skulle vere Erdalen-Fjærland vurderer eg no mot Bødalen-Fjærland, ala det ovanståande innlegg. Det er sjølvsagt mogleg å gå opp frå Erdalen, men det tek nok lenger tid enn vanleg. Ørjan
-
Er nok mogleg at eg dukkar innom, men tvilar på at eg overnattar. Olavsbu kan nok bli for mykje NM i kroppslydar. Har sjølv søkt på hyttevakt (har ikkje fått svar frå Tor Martin enno), men er redd eg må takke nei til evnt. tilbod (har lovd meg bort til for mange turar med kompisar i sommar ). Olavsbu stod uansett ikkje på prioriteringslista mi då eg rekna med for mykje arbeid og for lite fritid der. Ørjan
-
Ein grei tredagars er å gå til Stordalsbu, vidare til Kalhovd og avslutning ned til Rjukan. Denne kan utvidast ved fyrst å gå til Lågaros, vidare til Mårbu og så til Kalhovd og Rjukan. Ein lang femdagars kan vere noko slikt som Mogen-Lågaros-Sandhaug/Besso-Litlos-Hellevassbu-Haukelisæter, og buss tilbake via Åmot. Viss det er telttur vil eg anbefale å følgje Kvenna oppover og nyte livet, for eksempel Mogen-Hansbu-Litlos og så anten ned til Haukelisæter eller tilbake til Mogen via Sandhaug/Besso. Ørjan
-
For å vere heilt presis var det Fredrik Christian Arentz som forsvann på veg frå Leirvassbu til Turtagrø i 1914, hovedteorien er at han fekk problem med kryssing av Utla. Han hadde vel ein tur i heiane i Ryfylke (trur eg) der han mista det meste og gjekk og virra ein ti-tolv dagar utan heilt å vite kvar han var. Høyrest litt for ekstremt ut for meg. Erik Arentz er forresten son til FC og oppretta Arentz legat til minne om faren. Sjølv går eg dei fleste turane sommarstid åleine utan at eg oppfattar det som eit problem. Det er sjølvsagt greitt å opplyse om kvar eg har tenkt meg, men det er samstundes med på å avgrense turen. Så eg er mest fornøyd med avtalar ala eg tek kontakt innan eit eller anna tidspunkt der eg har teke meg god tidsmargin. 99,99% av eventuelle skader/hindringar vil uansett ikkje vere livstruande. Ørjan
-
Høyrest ikkje så dumt ut, det burde vere mogleg å få kanoen/kajakken opp Vivassdalen til Holmavatnet (om lag ei mil), deretter er det jo berre bortover og nedover heilt til Møsvatn Ørjan
-
Var med på turen i fjor, men er usikker på om det vert noko i år. Dukkar eg opp, vert det nok i sju-tida om morgonen for å unngå køane, spesielt ned frå Lyderhorn var det veldig kaotisk såvidt eg hugsar. Sjølve turen var kjempemessig, med flott utsikt og fint ver og masse hyggelege bergensarar Ørjan
-
Nope, har aldri sett sprekker frå Steinmannen og innover, sjølvsagt med unntak i bassenget ned mot Nigardsbreen. Og Kartverket kunne nok klart å teikne inn sprekkstrukturen, men i dette landet er me vel innpoda med at bre er farleg og sprekkstruktur på kart kan lokka uvørne blablabla. Kan forresten minnast eit innlegg i ei gamal DNT-årbok om ein førar som gjekk åleine i dårleg ver utan kart og kompass over frå Fåberg til Loen, det gjekk sjølvsagt bra, han visste jo kva han dreiv med. Ørjan
-
Det heile dreiar seg vel eigentleg om kva ein synest er akseptabel risiko, dei fleste ulukker skjer i heimen osv. Det går som oftast bra, men det dei gongene det ikkje går bra, vert konsekvensane veldig store. Eg skal innrømme at eg har gjort ting eg ikkje er veldig stolt av på bre, men det gjekk jo bra. I slutten av mai skal eg, som truleg veldig mange andre, gå Josten på langs. Viss det er så lite snø som somme vil ha det til, kan det jo verte "artig" å sjå kva som skjer i Smaotti (Småttene) med og utan sikring. Ørjan
-
I utgangspunktet vart vel Aurlandsdalen rekna som turen frå Finse til Vassbygdi, etter dagens termar er dette tre dagsmarsjar. Diverre er dag to, Geiterygghytta-Østerbø, sterkt prega av kraftutbygginga nokre tiår tilbake. Har sjølv gått frå Steinbergdalshytta til Vassbygdi, den fyrste delen ned til Østerbø er vel ikkje den mest minnerike, du går tre-fire timar og ser ned på riksvegen. Vil tilrå å bruke fredagen til transport, ta ein tur med Flåmsbana laurdagen og så gå Østerbø - Vassbygdi søndag. Er samd med Morten i at den nedre ruta er best. Har faktisk blitt anbefalt å gå Aurlandsdalen opp av ein del lokalkjende, dei meiner du får langt meir utbyte av det. Elles går bussen mellom Flåm og Østerbø (vidare til Geilo) til slutten av september viss det skulle vere behov for den. Ørjan
-
Dette er absolutt ein morosam klyvetur, sjølv holdt eg på å snu ved Søre då Vesle såg litt kranglevoren ut. Heldigvis gjekk eg i det minste bort for å prøve og det gjekk eigentleg veldig greitt. Utsynet frå toppen av Store er veldig bra. Bilete finn du på www.fjelluft.com. Ørjan
-
Eg har lyst på ein padletur på Vidda, men lurer på kor lurt det er. Tanken er Møsvatn (evnt. ta båten), deretter Kvenna oppover så langt det let seg gjere. Såg nokre kanoar på Kvennsjøen for eit par år sidan så det er nok mogleg, men spørsmålet er vel kor mykje det må berast oppover frå Mogen? Ørjan