
kjesso
Aktiv medlem-
Innlegg
148 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av kjesso
-
Eg veit ikkje om det har snøa mykje nyleg, men det låg i alle fall ikkje snø på toppane eg gjekk over. E
-
Eg vakna i sjutida. Termometeret på klokka viste tre usle plussgrader, og i halvsøvne tenkte eg at det var trist med slikt ver. Litt etter slo det meg at viss det er så kaldt, må det jo vera skyfri himmel. Eg opna teltglidelåsen, kika ut, og såg knapt ei sky. Ut av teltet, og heile Leirdalen smilte til meg. Eg køyrde til Krossbu, der eg parkerte og la vegen mot St.Smørstabbtind. Toppen var gøymd bak ein skydott, men skya gjekk ikkje heilt rundt - skuggen av toppen viste seg i profil mot skya. Ruta var grei, og turen gjekk utan problem, bortsett frå at såpass tidleg på morgonen låg det framleis eit tynt islag her og der i det brattaste partiet, der sola ikkje hadde fått tak enno. Thommessen, den luringen, skriv at det kan vera luftig i det brattaste partiet, dersom ein kjem langt ut mot Storbreen, men det var absolutt ikkje noko problem å halda seg lengre inne på ryggen. Utsikta frå toppen var strålande, i alle retningar. Eg sat der ei stund, og returnerte same veg som eg kom opp. Nede i skaret møtte eg ein 5-6 personar på veg mot toppen. Vidare utover ryggen mot Loftet såg eg fleire, både i nære og fjerne område. Nokre brelag på breen; nokre som kom frå Skagsnebb på veg mot Bakarste Skagsnebb. Eg veksla nokre ord med fleire av dei eg møtte, og vart gåande og fundera på om nokre av dei eg trefte eller såg kjende til Fjellforum. Av ein eller annan grunn tenkte eg mest på Tom. I debatten om den nedlagde togstasjonen som visst ikkje skal nedleggast likevel, skreiv ein eller annan noko slikt som at det er vanskeleg å ta alt Tom skriv på alvor. Eg kopla dette saman med noko far min fortalde for mange år sidan, og kom fram til at Tom truleg ikkje er ein verkeleg person, men ein nettperson som er dikta opp for å få meir livfulle debattar på Fjellforum. (Far min var redaktør for ei lita lokalavis for mange år sidan, og dei gongene han ikkje hadde nok stoff, skreiv han nokre lesarbrev under oppdikta namn, gjerne med litt oppsiktsvekkande innhald, slik at det kom svar frå andre i det neste nummeret.) Kva argument finst for at Tom er oppdikta? 1. Namnet. Tom er eit godt og fint namn, for all del, men det som er tomt er utan innhald. Det kan òg gje assosiasjonar til tomprat eller å gå på tomgang, og slik passar det jo bra med fleire av innlegga til Tom. 2. Geografien. Dei av oss vestlendingar som er mest fordomsfulle har ein del oppfatningar av dei som bur vest for Oslo vest. Mellom anna har dei relativt høgrevridde meiningar, og mellom anna spaserer dei rundt i fløyelsnikkers kvar helg. Og dersom ein går i fløyelsnikkers på heimebane, er det jo naturleg å finna fram dongeribukser når ein skal til fjells. 3. Turkameraten. Her kan det henda at eg er på tynn is, men eg meiner at Tom vart invitert/utfordra med på tur av ei kvinne (Tora?) for nokre år sidan. Han takka nei. Rett som det er kjem det tur-rapportar frå turar der fleire forumistar har slege seg saman, men etter det eg kan sjå er aldri Tom med her, sjølv om han er blant dei ivrigaste i debatten. 4. Pausane. For meg verkar det altså som om nokon opererer med dobbel identitet her. Av og til vert dei leie av å vera Tom, og då passar det bra å melda at Tom er nyoperert i kneet, og at han vert vekke frå fjellet ei stund, eller at han skal på ferie til USA ein månad, slik at han kjem til å vera meir passiv ei stund. 5. Hintinga. For nokre dagar sidan kom det eit innlegg frå Tom, der han hadde drøymt at Morten hadde teke livet av Tom på ein fjelltur. Morten verkar då som ein fornuftig og rimeleg etisk mann, så kvifor skulle han ta livet av Tom? Den einaste grunnen måtte vera at Tom berre er ein digital person, ein oppdikta person, og at Morten er den som av og til loggar seg på som Tom. Det forklarar truleg dei fornuftige innlegga Tom kjem med - Morten er truleg innlogga under falskt namn, og svarar utan å hugsa at han akkurat då er Tom. 6. ? Med hjelp av alle desse tankane kom eg meg heilt fram til Loftet. Der sat to personar med ei flaske champagne og to plastglas. Dei lurte på om eg ville ha eit glas, men eg takka høfleg nei - champagnen kunne jo vore alkoholfri. Eg spurde kva dei feira - han svara "livet", og det er jo ein grei nok grunn for meg. Me snakka litt om toppar i horisonten, som var stor og vid, før eg snudde og gjekk attende. Frå ryggen mellom Loftet og Veslfjelltinden tok eg snarvegen, ned ura forbi Brangsbrean. Det var ikkje det luraste eg har gjort - der var laust og ustabilt, men eg kom meg trygt ned, og var attende på Krossbu 10-11 timar etter avgang.
-
erik - gratulerer med 50 toppar. planen min var å leggja inn eit minijubileum (40 toppar) over same ryggen i går. eg gjekk opp frå storkroken, og møtte skodda rundt 1900 moh. eg gjekk opp til Stornubben NA/2049, sat der ein gyllen halvtime utan å sjå anna enn skodde, og tusla ned att til teltet. E
-
Her er resultatlista: http://www.jotunheimenrundt.com/res2005.pdf , med Torgeir Eraker på s. 2. Tid: 16:06:29 - for meg ser det ut som ein sterk sjuandeplass i sin klasse. E
-
Hvilken by i Norge har utsikt til det høyeste fjellet
kjesso svarte på Erling sitt emne i Generelt om friluftsliv
eg skal ikkje lyga på meg altfor stor lokalkunnskap om lofoten, men dersom svolvær, kabelvåg eller henningsvær har bystatus, er det ikkje utenkjeleg at ein kan sjå høge fjell ein eller annan stad på fastlandet. kanskje, kanskje ikkje. E -
det er rett, men i dette tilfellet vil vel mangel på plusspoeng gå opp i opp med underhaldninga når han går på trynet. takk for svar. E
-
nytt spørsmål til gamalt tema: er det konkrete planar for stenging/fjerning av vegen til snøheim, eller er det berre snakk om å gjera det? i eit desperat forsøk på å skrapa saman plusspoeng hjå svigerfar min har eg invitert han med til snøhetta i sommar, og forklart at me kan køyra inn til snøheim, slik at sjølve fjellturen vert relativt kort. viss fotturen startar lengre unna (frå E6?) kan det henda dei planlagde plusspoenga endrar seg til det vanlege underskotet. E
-
2000 metere man kan se fra havflatenivå
kjesso svarte på Jotunologen_Mohn sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Du har i og for seg rett, det er bare VELDIG mye lettere å se toppen av et fjell mot himmelen, enn ei lita vik av ei fjord nede i en allerede blå dal... det er eg med på, men det er ikkje alltid like lett å sjå kva for ein topp det er, eller om det er sjølve topp-punktet på fjellet. på den andre sida er det vel ikkje alltid like lett å sjå om det er saltvatn eller ferskvatn heller, så då er me sikkert like langt, og vel så det. E -
2000 metere man kan se fra havflatenivå
kjesso svarte på Jotunologen_Mohn sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
ein annan måte å finna ut av dette på er sjølvsagt å reisa til storen (eller andre fjelltoppar), og sjå om det er råd å sjå havflata derfrå. E -
I serien "spørsmål og svar som ikkje har altfor mykje med diskusjonstemaet å gjera": Vesen spør kvar framsidebiletet på DNT-årboka er frå. Rett svar, i fylgje fotografen, er "frå eit skar i egga på ruta opp frå Baklidalen til Sunnavindsnipa", altså ikkje så langt frå Sykkylven på Sunnmøre. E
-
2000 meterssamlere - Presentasjonsrunde
kjesso svarte på morten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
1. 39 år, Volda 2. G-piggen, 1993. Før den tid hadde eg hatt nokre turar frå hytte til hytte i J-heimen, og var mykje betre kjend i fjella rundt Voss, der eg budde då. 3. Eg har 34 toppar av 230. Ein gong hadde eg ein plan om å markera 40-årsdagen med topp nr. 40, som er neste sommar. 4. Alle toppar er flotte, og det vert feil å seia at eg angrar på nokon av dei. Tre turar skil seg ut - midt på nittitalet gjekk eg ryggen frå Surtningssui mot Søre Veotind (2267), i drøymever, og på den siste toppen (altså S. Veotind) var det så flott at eg sat der i nærmare ein time. Såg ingen andre, høyrde ingen andre, sakna ingen andre. I tillegg var turane til St. Dyrhaugstind og N. Skagastølstind minnerike, men det kom meir av at eg der både såg andre og høyrde andre, men eigentleg ikkje sakna andre. 5. Med fare for å spikka fliser - eg reknar meg meir for ein sankar enn ein samlar. I ein samtale om noko heilt anna var det ein som sa at ein samlar tenkjer meir på det som står att for å gjera samlinga komplett, og slik er det definitivt ikkje med meg. Eg tek med meg dei toppane eg går forbi, og tek gjerne ein time ekstra for å stå på ein varde, men er ikkje så fiksert på samlinga at det går ut over turen. Det gjer meg ingenting å snu før eg når toppen, gjerne av så merkelege grunnar som at reinsdyra som kviler seg der bør få vera i fred - dei er trass alt heime. Men kvifor ein sankar - det er ein grei måte å sjå nye toppar, og ikkje minst å planleggja nye turar i sofakroken heime. 6. Dersom eg feirar 40-årsdagen med topp nr. 40, har eg eit snitt på ein topp pr år, og då seier det seg sjølv at eg skal slita for å nå 230. Dessutan driv eg ikkje med klatring, og då vert det vel også vanskeleg å nå 230, sjølv om eg skulle leva så lenge. 7. Det veit eg lite om, men eg trur meir på The Big Bang enn The Big Bible. -
Eg har ingen store problem med å stå fram som idiot, dersom det er idioti å føra liste over toppane eg har vore på. Og når Kalle seier at han ser det som meiningslaust å bruka tid på å telja gamle toppturar i staden for å gå ein ekstra tur, er det sjølvsagt vise ord. Likevel kjenner eg meg ikkje heilt igjen, men det kan henda det kjem av at eg gjer alt papirarbeidet på tidspunkt det vanlegvis er vanskeleg å gå turar (lange vinterkveldar, lange dagar på kontoret, dagar med dårleg ver, dagar eg har sagt til sambuaren at eg skal ta oppvasken osb). Men dersom det er slik at Zappfe eller Næss ikkje har drive med dette, bør eg vel slutta å telja toppar, sidan det er meiningslaust - kanskje det er like meningslaust som sjølve livet?
-
Takk for gode råd. Tipset om at det er nok å gå nedover mot Uradalen, i staden for heilt ned til Visdalen vil i alle fall koma godt med. Kjesso
-
I all min visdom har eg tenkt meg over Heillstuguryggen i sommar. Ut frå turskildringane ser det ut som om at eg er litt for stor pudding til å fylgja ryggen heile vegen, og eg lurer difor på om det er råd å omgå nordryggane opp til Store og Midtre H-tind, ved å gå litt nedover i fjellsida mot Visdalen. Det var det, Kjesso