Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Dyrebotn, altså. Heilt sikkert rein i så fall.
  2. Det bør vera litt breiare i toppen, slik at trekket kan vrengast på utsida av pulken ved lasting/tømming. Fjellpulken sitt (den gamle modellen i alle fall) er like breitt oppe og nede, noko som resulterer i at trekken vert liggjande nedi pulken og må haldast til side når ein legg bagasjen nedi.
  3. Effekta er kanskje at fuktigheita vert liggande som rim på overflata. Med rimras ned i ansiktet som resultat. Medan våre fuktabsorberande soveposar bare vert litt våte. Når ein bare finn seg i at det er normalt, så er det jo eigentleg ikkje noko stort problem
  4. Ja, det er normalt. Eg veit at enkelte sverger til å ha heile skallen (med god luve på) utanfor soveposen for å unngå dette.
  5. I utkanten av Hardangervidda. T-merka stig går rett forbi.
  6. Medan de fortsatt leiter etter straumhytter nord for Trollheimen, kan de gruble over denne straumlause hytta.
  7. afe

    Quiz

    Samme her. Og for å vera heilt ærleg, så veit eg ikkje forskjellen på Asker og Bærum
  8. Poenget er at ein drar stengene halvvegs ut av kanalen. Dersom stengene er lenger enn dobbelt så lang som pulken, må ein dele dei to gonger. Den delen som er att i stangkanalen bør då vera lengst mogleg ettersom det er denne delen ein rullar teltet rundt, og for kvar cm ein slepp å tre i ved neste teltoppslaging kan ein spare nokre sekund.
  9. Nei, ei grop i forteltet på eit telt, hjelper ikkje på å halde varmen inne i teltet, ergo brukar du ikkje mindre drivstoff for å halde varmen.
  10. Ettersom du er usikker på teltinga, kan det nok vera lurt å starte med ei natt i nærleiken av hytte. Så ser du kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Du bør også ha prøvd å setje opp teltet i ufysleg vind ein gon før du legg ut på langtur. Ein tung sekk kan også vera skummel i utforkøyringane Dersom du bare skal gå bratte motbakkar og skumle utforkøyringar, er kanskje ikkje pulk det beste. Men du treng ikkje dra pulken så mange metrane på flatmark før pulk likevel er å foretrekke.
  11. Eg har aldri teipa saman stengene, men ellers har eg brukt metoden, ja. Teltet tar ikkje så mykje større plass på denne måten. Det vert ei mykje lenger og mykje tunnare pølse enn når det er stappa i posen. Legg teltet på toppen av pulklasset. Fordelen er at det er mykje enklare og raskare både å setje opp teltet og pakke det ned, og det er gull verdt vinterstid. No har eg kuppeltelt og savnar til tider kor enkelt og utruleg raskt det var å setje opp tunelltelt med ferdig itredde stenger Når det gjeld snøplugger, brukar eg trepluggar, og desse brukar eg på den vanlege måten. Trepluggar har den fordelen at dei frys fast til snøen. Derfor treng dei ikkje vera så frykteleg lang som aluminiumssnøpluggar. Trykk ned pluggen og dersom det er laus snø, tråkk forsiktig saman snøen mot pluggen og vips så sitt han fast. Snøpluggane er rask å skjere til på ei Gjerdesag på nokre få minutt.
  12. Eg har ein stor karabin festa til pluggfeste som skal mot vinden. Denne enden er pakka slik at han er det fyrste eg når tak i når eg pakkar ut teltet. Dette sikrar at teltet alltid vender same veg i forhold til vinden, og eg kan enkelt finne stangkanalane og få tredd i stengane i stummande mørkre. Eg fester fyrst karabinen til sekken, pulken eller einkvart anna som er tungt nok til at ikkje teltet kan blåse vekk. No er teltet sikra så eg ikkje treng vera redd for å miste det i vinden. No kan teltet pakkast ut. Dersom det bles, vil teltet folde seg fint ut slik at det bare er å få i stengane. I vindstille må eg strekke ut teltet sjølv. Så pluggar eg enden mot vinden. Det er litt avhengig av vinden om eg pluggar bardunane i denne enden no eller etterpå. Så pluggar eg den andre enden, slik at teltet står oppe. Så er det bare å gå rundt å setje ned pluggar der det er plass. Når bardunane er stramma opp, og dersom underlaget er rimeleg slett er teltet stort sett stramt, men dersom det er naudsynt, kan ein justere ein plugg eller to, for å stramme det ytterlegare.
  13. Dersom du kan få til inngangen via den såkalla kuldegropa, kan det nok ha litt for seg. Enkelt og greit ved at varmlufta ikkje stig ut av inngangen når denne er åpen, men dette er jo ikkje så praktiskt å få til i eit telt. Det er mykje enklare og raskare å bruke glidelåsen i teltet. Dersom ein er raskt med å stenge att etter seg, mister ein ikkje så mykje varme okkesom. I ei snøhole derimot... Å grave seg ei grop i forteltet har likevel ganske mykje for seg. Ikkje som kuldegrop, men for å få betre plass. Når det vert nokre timar i teltet er det utruleg godt å kunne sitje i innerteltåpningen med føttene nede i gropa. Det er også den einaste plassen eg tar sjansen på å fyre opp primusen.
  14. Sjølv har eg eit tyngre speilreflekskamera, men så tar eg det att på lett optikk. Nå i vinter har det vel stort sett vore 24mm/2, 50mm/1,4 og 100mm/2,8 som har ligge i kameraveska, men dette varierer eindel etter forhold og kva eg er i humør for å fotografere. Kameraet er kobla til gps slik at eg aldri treng vera i tvil om kvar bileta er tatt. Fotoveska er ei vanntett Ortlieb-fotoveske som heng lett tilgjengeleg på brystet. Eg er som regel ferdig med fotograferinga før andre har funne fram kompaktkameraet sitt. Dersom eg har med stativ, er dette eit lite, lett og attpåtil stødigt trestativ. Ypperleg til nærfotografering, då i kombinasjon med ei fokuseringsskinne.
  15. Colltex dersom eg ikkje hugsar feil.
  16. Fadern har slike kortfeller, og ved direkte samanlikning med mine langfeller, har han dårlegare glid. Dette er på grunn av at den rimeleg svære klossen i framkant av fellene bremsar. Så hans råd er i alle fall å gå for langfeller.
  17. Når ein er litt lokalkjent og kjenner til begrensingane og svakheitene til vermeldinga, så kan ein skape seg ei rimeleg riktig formeining om korleis veret vert, sjølv om vermeldinga strengt tatt bommar noko. Når det gjeld inversjon, er dette så vanleg midtvinters, at ingen bør vera overraska over fenomenet. Men likefult får ein vera aleine i fjellet slike dagar, for dei fleste sitt heime og synest det er for kaldt til å gå ut.
  18. Helsport har vore litt heldigare med korleis glidelåsane er satt saman. Så med helsport sin duk, er det enkelt å endre frå omlag kvadratisk til svært avlang, bare ved å åpne alle glidelåsane og brette duken den andre vegen. Dette går ikkje med jerven. Så jerven har ulike modellar som er avlang eller kvadratisk. Sjølv har eg ein kvadratisk jerven, og akkurat dette har ergra med mykje heilt sidan duken var ny.
  19. Løyp i sikksakk. Då treng ein aldri svinge mykje før det går oppover att og det stoppar heilt av seg sjølv. Ploging er bare for dei som har det travelt, og eventuelt i smale løyper i skogen der ein ikkje kan svinge utanom.
  20. afe

    Svømmende ryper?

    Eg har i alle fall sett ikkje-flygedyktige rypekyllingar svømje over vassdammar som var alt for djup til at kyllingane kunne nå botnen. Og ja, dei brukte føttene for å få den nødvendige framdrifta.
  21. Dei glattaste og dei minst glatte sålane eg har hatt på fjellstøvlar er begge frå Crispi, henholdsvis 2001 og 1989. Angåande Isogaisa, fekk eg meg ein stygg seilas med mine forrige, modell omlag 2004 utan Vibram. Mine siste, 2008 og Vibram, er noko mindre glatt, men langt glattare enn Crispi frå 1989. Dei gamle nedslitte Crispi-sålane heng faktis fortsatt like godt på vått berg, men ettersom dei er heilt blankslitte, er dei noko sleip i søle.
  22. Det liknar på Fødalen.
  23. Finn Barske Glæder på biblioteket, der står det ein veldig artig artikkel om sovepose.
  24. Når sprengkulda sett inn i ein typisk østlandsdal midtvinters, er det ikkje mange som går rundt i bare t-skjorte utandørs. Og i såfall er det nok ikkje lange turen før ein er inne i varmen att. Som svar på spørsmålet, er det fordi det jamt over er 10-15 grader varmare i høgda enn nede i dalane når det er på det kaldaste midtvinters, altså desember og januar. Og det er kva som kan ventast å vera det kaldaste som må avgjera krav til isolasjon i ein sovepose. Sprengkulde i mars, slik som det var i påska i fjor, gjev omlag same minimumstemperatur uavhengig av høgde. For påska i fjor var minimumstemperaturen -30,8 på Geilo og -33,3 på Finse.
  25. Apropos fram og bakside på Hallingskarvet. Har du nokon gong lagt ein linjal langs skarvet (på eit kart) slik at du ser kva side Geilo ligg på? Det er mange geilingar som vert noko overraska over resultatet!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.