Gå til innhold
  • Bli medlem

Tykjen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    68
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Tykjen

  1. Sotflak på whisperlite: ser at det blir lett sotbelegg under sjølve brennartoppen om du forvarmar med bensin. Om du brukar sprit til forvarming unngår du det. Skal ikkje bli så mykje sot under bruk.
  2. Her er eit innspel på rute i Finnmark. Norge går som kjent ikkje rett nord-sør men svingar ganske langt austover. Kva med å starte på Kibergneset, det austlegaste punktet på Fastlands-Noreg? Eg gjorde dette for 20 år sidan. 1 km grusveg og så rett ut i naturen. Fyrste etappe går over Varangerhalvøya, så kan du handle og hente post i Varangerbotn eller Tana Bru og fortsette over Ifjordfjellet/Laksefjordvidda. Mykje mindre trasking på vei enn om ein skal til Nordkapp.
  3. Interessant det med at det er betre regulering på Arctic Pumpa. nokon som har prøvd å sette på pakningane frå den vanlege pumpa på den slik at du får heilårspumpe med litt betre reguleringsmogelegheit?
  4. Har nyleg kjøpt ein XGK og testfyrt litt heime. Fungerer veldig fint med standarddysa på alkylatbensin, ingen tvil om det, så eg starta å teste med parafin (fyrer med Kamin X). Effekten med parafin og GK-dysa er voldsom, kanskje meir enn det ein einsleg fjellvandrar treng. Og særleg om du har ambisjonar om å ete noko anna enn Real turmat. Flammen med parafin er ok, men ikkje like blå og fin som med bensin. Eg stussar over at msr anbefalar same dyse til bensin og parafin og at den andre kun er diesel (og jetfuel). Så sette eg i X-dysa og testa med alkylat og parafin. Denne er trangare og gir dermed ein del mindre effekt, men flammen på parafin er heilt blå og fin og eigentleg rikeleg varm, ihvertfall om du er berre ein person. Effekten på bensin er som venta litt i minstre laget, men framleis brukbar. Blå og fin. Men i og med at XGK er så dårleg på matlaging så kanskje det er eit bruksområde for komboen X-dyse og alkylatbensin? Diesel gidd eg ikkje teste, det er heilt uaktuelt å bruke. I eit veldig uvitskapleg oppsett målte eg desse koketidene innandørs: GK bensin med 6:48 GK med parafin: 5:18 X med parafin: 8:10 X med bensin: 12:15
  5. Går fint å bruke sprit i yttertelt men det er jo litt smak og behag dette. Personlig brukar eg aldri gass fordi det blir for mykje unødvendig boss med desse gassboksane. Men Randulf Valle har sett på fenomenet:
  6. Har du vurdert å bytte propan med rødsprit? Dei fleste etappane er 7-10 dagar mellom proviantering og då blir det ein del vekt å spare på å velge rødsprit som brensel. Og det er lett å få tak i. Sjekk ut Speedster Backpacking Products for lettare alternativ til Trangia.
  7. Takk for tips, skal hugse på det. Skal bli artig å bruke den. Er ikkje like kvass på orienteringa som eg var tidlegare så det kan nok bli bruk for den av og til. I forrige veke skulle eg til eit fiskevatn inn på vidda sør for Varangerfjorden. I farten gløymde eg å korrigere for misvisinga som er ca 15 grader. Enda opp ved feil vatn og visste ikkje kor eg var. Men det var fin fisk der. Skjønte kor eg hadde vore når eg gjekk tilbake neste dag. Men der og då hadde ein InReach vore fin å ha.
  8. Flott! Då har eg fått utfyllande svar på spørsmålet.
  9. @Aico: mogelg at eg overser noko men dette er all info eg finn på mitt kart
  10. Men av nyskjerrigheit: kor hen burde eg funne denne informasjonen? Den er jo sentral om du skal bruke eit slikt apparat?
  11. Endra til dette no, ser ok ut.
  12. Ja fekk det til no.Måtte sette format til UTM-UPS. Datum til None og Sfæroide til WGS84. Då fekk eg fram noko som ga meining i høve dei blå tala på karta.
  13. Ja det er nok rett det. Men kan eg få Garmin-apparatet til å vise same format som papirkarta?
  14. Har nettopp fått meg ein Garmin Inreach Mini2. Av to grunnar: tryggleik dersom ulykke utan mobildekning og for å kunne finne ut nøyaktig kor eg er viss eg har bomma på orienteringa. Eg ynskjer å kunne slå på aparatet, lese av koordinatar og så finne ut enkelt kor eg er på kartet. Er dette mogeleg eller er det for mykje forlangt? Får ikkje heilt talformatet eg ser på aparatet til å stemme med det eg les av på kartet. Kanskje eg må velge eit anna format?
  15. Eg har Bushbox XL titan og Svea 123R primus. Nokon som har prøvd å sette kun primusen utan vindskjermen inni kvistbrennaren? Blir det passe varme for å bygge opp trykk i Sveaen? Tenkte på denne komboen til sommarhalvåret.
  16. Spent på å høyre korleis det fungerte? God ide i utgsngspunktet!
  17. Kva merke? Det er jo så ymse der ute
  18. Er det nokon som har eit godt råd ang kva merke av parafin som toler under minus 20? Har blitt vanskeleg å få tak i vanleg gammaldags fyringsparafin no. Testa ut bioparafin som skal erstatte den tradisjonelle fyringsparafinen og den var som gele i minus 20. JET A-1 funkar nok, men det er jo ikkje i vanleg sal...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.