Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Innlegg skrevet av Tessatroll

  1. Espen Ørud skrev (2 timer siden):

    Om man er plaget av at 2 separate gjør at man havner på gulvet mellom når man er 2 så hadde i hvert fall Exped sammenkoblingskit for 2 underlag tidligere. NEttopp for å unngå den problematikken. 

    Stemmer, og no minte du meg på at eg har eit slikt kit liggande å slenge. Det er omsetteleg for ei stor plate mjølkesjokolade og porto.  

  2. Gabs88 skrev (1 time siden):

    Min stemme er for to enkle. Enkle vil blant annet gi økt komfort på grunn av muligheten til å tilpasse lufttrykk til kroppsvekt. Med en dobbel kan det hende at det blir for lite luft for deg slik at du ligger helt ned på bakken og fryser, eller for mye for henne slik at underlaget blir alt for hardt.

    Dobbelt kan være hyggelig men er også til en viss grad en gimmick.

    Samd i at ein bør ha to separate og evt eit felles seinare når ein synes økonomien tillet det.

    I høve luftmengder er det ikkje problem, eg og sambo har stor vektforskjell, men vår Exped duo let oss justere lufttrykk separat på kvar vår halvdel.

  3. fjellræv skrev (3 timer siden):

    Hvordan sikrer dere hunden ute på tur? Jeg har hatt min i teltet men den trives best ute men jeg er redd den vrir seg ut av sela. Har en nonstop nome sele og en wire jeg bruker men har ved flere anledninger sett at han er nære på å komme seg ut av seletøyet.

    Kopla i halsbandet.

    • Liker 2
  4. Baaaah...fordelen med å bu på i Østerdalen er at vinteren er lang og kald. Bikkjer sett skikkeleg vinterpels, og vi har fine skiløyper i 5-6 mnd. 

    Bakdelen er at når det endeleg vert sommar...så er det ofte j.... varmt. Rekordvarme i ein Østerdal som allereie er brutalt varm om sommaren lovar ikkje bra hverken for folk eller fe. Spent på kven som blir mest gretten av oss.

    Eik lyt flykte til fjells eller kysten så snart ein har høve trur eg.

  5. foroll skrev (På 7.4.2024 den 16.22):

    2 nye pakkposer til kløven til den største hunden. Veldig fornøyd med Sea to Summit sine. De forrige ble ødelagt av en sulten husky som syntes maten inni luktet deilig. Min feil.

    foroll skrev (På 7.4.2024 den 16.22):

     

    I tillegg ble det et futteral til isfiskeutstyret. Har ødelagt stikker i transport før; håper å unngå det nå fremover. Dessuten er det herlig å ha ting godt organisert.

    P_20240407_142312.jpg

    P_20240407_143358.jpg

    P_20240407_143443.jpg

    P_20240407_143506.jpg

    Pakkar du posane rett nedi kløven eller pakkar du meir beskyttende? Eg har pakka rett i tidlegare, men vurderer å prøve ei løysing som eg såg i ei bok (Frossen frihet) med avklipte plastkanner som passar rett nedi, for betre beskyttelse av det som ligg der. 

    Futteralet var smart, kvar fekk du tak i det? Dessa stikkene ligg litt sårbart og flyt rundt nedi pulken hjå meg 😳🙉

  6. Omnilite skrev (1 time siden):

    Når jeg har fått opp fasongen på teltet ved å bruke 2 plugger langs bakken i hver ende, og barduner på i endene som holder teltet oppe. Så bestemmer jeg meg for hvilken ende som er "best" som den er, så drar jeg teltet stramt ved å flytte de nærmeste stengene nedover, og plugger stangen ned mot bakken. Tar en og en stang til jeg har komt til siste (4). Så flytter jeg endepluggene i siste enden så de står riktig og strammer endebardunene. Deretter tar jeg sidebarduner bare for å holde fasongen.

    Gjer det på same vis som deg 👍🏼.

    Opplever likevel at det er forskjell på 3 og 4. Veldig tydeleg demonstrert i Rondane ein gong vi fekk dårleg vêr. 

    Vi var to som sette opp 3 og 4 ved Sidan av kvarandre,  på same vis. Markliner var korrekt justert og det meste var i balanse. Likevel meir lyd i 4.

    Patagonia sett opp på same vis slår meg kanskje som endå eit hakk stillare, men om det skuldast storleik, fasong eller elefantøyrer er som sagt vanskeleg å seie for sikkert.  Patagonia er også det eg har lagt minst netter i sidan det kom inn i hushaldninga med gubben, så skal vere forsiktig med å vere veldig bastant på erfaringane med det teltet og slike "øyrer".

  7. Walle skrev (6 timer siden):

    Ett triks er jo å eventuelt snu beddingen for å redusere vanninntrengingen

    Eg har bedding utan lommer på, av dei første som kom. Moglegens det som gjer at eg ikkje opplever at det vert vått inni der då? . Har ein ny med lommer kjøpt i 2017 som eg har unngått å ta i bruk, nettopp fordi eg mislikar alle lommene. Endar opp med den gamle lappa i staden. 

    Eg personleg har opplevd det som lite problematisk å få pakka ned ting når været kjem. Det sagt så er det sjølvsagt mindre  styr å berre kunne ha den framme, om ein finn ein vasstett. Exped sin bedding er vel vasstett.

    TS; utover dette med vasstettleik så er eg glad i minst mogleg dill, for å få beddingen lågast og lettast mogleg, og vere enkel å stroppe godt ned på pulken. Då vert den også mindre vindfang. Dette ser dog ut til å vere vanskeleg å finne, i alle fall i kombo med vasstett, då dei fleste har begynt å utruste beddingane sine med masse lommegreier.

  8. Her i hus har me Keron utan elefantøyrer og Patagonia med. Patagonia er nok stillare, men om det skuldast desse elefantøyrene eller om det skuldast det faktum at Patagonia er 3 p med lite fortelt og Keronet er eit 4 GT veit eg ikkje. Truleg ein kombinasjon. 

    Har også budd mykje i Keron 3GT. Stillare enn 4 sjølvsagt. Like stilt som Patagonia? Usikker.

    • Liker 1
  9. Marius Engelsen skrev (34 minutter siden):

    Etter forrige uke på Hardangervidda, hvor det regnet voldsomt mye flere dager, tror jeg innholdet ville blitt vått om jeg hadde brukt bedding. Så sørg for en vanntett type, hvis det finnes, tenker jeg.
     

    Samt hvis beddingen er våt, så vil man nødig ta denne inn i teltet i det hele tatt. 

    Om du bare er på tur i tørre vinterforhold, og solen ikke smelter snøen, så er jo ikke dette noe problem.

    Er litt individuelt korleis ein opplever dette med bedding ser eg.

    Er ganske enkelt berre å ha med to vasstette pakkposar som ligg under liggeunderlaga i beddingen, for å kunne pakke vasstett. Ein moderat bedding utan alskens krimskrams er enkel å rulle saman med ei stropp rundt å slenge i pulken. 

    Evt om det er meldt vått heile tida la vere å bruke den/pakke den med. I alle andre tilfeller er mi erfaring at bedding er genialt. Eg har nytta min adskillige dagar sidan eg kjøpte den eingong i 2013, og min har ikkje vasstett glidelås.

  10. Kjøper du ein La sportiva raptor mid og eit par gamasjar så har du både til fjelltur med  snøparti med lett dagstursekk og sko som kan nyttast til mykje anna også. 

    Evt kjøpe ein lett rein fjellstøvel og nytte som vintersko også.

    • Takk 1
  11. Krankman skrev (På 10.4.2024 den 9.26):

    Jeg spurte Devold nå og fikk dette svaret: 

    «Hei,

    Takk for din henvendelse. 

    Lukten skyldes møllbehandling av plaggene. Det er en plantebasert OEKO - TEX behandling, som hindrer møll og andre innsekter i å lage hull i plaggene. Denne lukten vil gradvis avta etterhvert som plagget luftes og vaskes. Noen synes at lukten er veldig god, mens andre ikke. Så det er nok litt individuelt om lukten er god eller ikke. 😊 

    Mvh,
    Devold Team»

    Ah. Thanks :)

    Då er jaggu ikkje luktesansen min heilt på avveie! Men at det faktisk var møllbehandling hadde eg ikkje trudd, trudde berre det var noko som luktar veldig likt berre sterkare.

     

  12. elgen skrev (4 timer siden):

    Bra at Tessatroll derfor har 2stk. som sikkert er meget snille! Og det er altså på Grønland hunder som ikke betenker sig på å gå løs på en Isbjørn!!

    Absolutt. Det er råtassar. Så er det i ein del (ikkje alle) tilfeller litt forskjell mellom sosialisering av hund i Norge og på Grønland. Og her i Norge er inntrykket at det vert mykje avla på gemytt. Eg opplever både mine to no, mine tidlegare grønskyar og andre gr.l.hund som omgjengelige, MEN då snakkar eg om ute i sosiale samanhengar der ein møter andre bikkjer. I skiløyper, hundeparken, bybildet osv.

    Korleis du skal bygge innhaldet i hundegården er eit litt anna game, som vi her i hus truleg får bratt læringskurve på dei neste åra. 

    Den vesle tispa vår har bestemora frå Grønland, frå ein veterinær som jobba der i mange år, og tok med spannet heim til Norge når ho flytta heim. Alltid spennande korleis desse genane slår ut, men mykje gode linjer og seriøst oppdrett i resten av "gentreet", i alle fall slik eg greie bedømme det. Endar ho ut som eit stødig individ  med alle nødvendige kvalitetar intakte på potar/pels/hofter osv, så er ho interessant å få kvalpar på. Heldigvis er miljøet fullt av gode kapasitetar som velvillig deler kunnskap og erfaringar. Det trengs når ein skal pusle med slikt. 

    Den andre er frå Rennfokk (Gisle). Hannhund med fantastisk gemytt mot alt og alle, stødig omgjengelig og ein retteleg "politimester bastian" i hundeparken. Kjem og ordnar ut om unghundane ikkje finn ut av ting på eiga hand. Knirkefritt rett og slett.

    Malamute har eg ikkje erfaring med. Dei eg har møtt, har dog vore samkjønnsagressive, utan at det nødvendivis er representativt for rasen, kva veit eg 🤷🏼‍♀️. Og det er jo imponerande når Erle Amalie Fuglesteg og hennar familie stiller til løp med reine malamutespann, og ro og harmoni ser ut til å dominere.

    Men no skal eg altså slutte å dra denne tråden OT, sjølv kor interessant den er :) det hjelper vel ikkje TS stort at vi tordna laust med polarhund diskusjon når TS no er inne på lapphund 😆🙉

     

    • Liker 1
  13. elgen skrev (4 timer siden):

    De jager altså begge for å drepe! Den har drept og spist 7 lemmen på en enkelt dagstur. Faren, helsibir har tatt 2 rådyr i skogholtet, hvor den bodde. Så det er alvor.

    Dette er mi erfaring med våre to Grønlandshundar også. Hadde dei fått tilgang til rådyrstammen i nabolaget så hadde det vorte ganske keisamt på jorda her. Minste tispa blei også ram på å leite opp orrfulg i dokk bak i skauen her når ho framleis gjekk laus på kvalpe/unghundpass. Då var det på tide å koble. Dei jaktar alt, og har fått knerta eks antal lemmen og mus på tur før ein har rukke registrere det. Dei som er tryggast her er kattane, fordi dei rett og slett outsmartar dei :P

    Det sagt så har eg ikkje opplevd hverken våre Grønlandshundar eller andre eg har møtt som spesielt skarpe mot andre hundar, og opplever at oppdretterar av Grønlandshund generelt er opptekne av gemytt. Kanskje det har vore ei endring? Men igjen, eg har hatt nokre få individ mellom  hendene, medan oppdretterar og dei som driv med avlsstrategiar (i raseklubbane) osv. gjerne har eit breiare utval å basere seg på. 

    Dette var ikkje eit innsalg av Grønlandshund, men meir ei stadfesting på at jakt er alvor, som elgen skriv. Og at ein kan oppleve dyr noko ulikt, så det er fint å sanke informasjon, som TS gjer. 

    • Liker 2
  14. elgen skrev (4 timer siden):

    Du er tilrådet å spørre rasehundeklubbene. Ja, men de er altså ofte ganske fanatiske med akkurat egen rase, så ikke spesiellt objektive

    Dette er eit poeng eg ikkje har erfart, men så har eg berre vore borti nokre få rasemiljø, så betviler ikkje dine erfaringar.  Sjølv har eg opplevd dei eg har hatt kontakt med som nyanserte og nokså objektive når dei skal rådgi folk. 

    Elles et meget godt oppsummerende innlegg frå @elgen.

    • Takk 1
  15. Gabs88 skrev (25 minutter siden):

    Mistenker at det ulltøyet som blir produsert til industrien kanskje er av dårligere kvalitet enn det de produserer for privat bruk. Jeg har som sagt hatt minst 50 sett, og da har det vert feks dette settet eller forgjengeren.

    Samtidig så skal det jo nevnes at det private tas mye bedre vare på enn arbeidstøyet, og at alt arbeidstøy slites ut på nøyaktig samme måte. Ulltrøyen revner i ermene og på sidene, stilongsen går i stykker i skrittet.

    Så det som produseres til privat marked kan jo være vesentlig annerledes. Men etter industri-erfaringen frister det lite å bruke egne penger på Devold. Har uansett forelsket meg i nettingundertøy, noe Devold ikke leverer.. :)

    Ser den. Har tidlegare arva ein del av fattern sitt ulltøy frå jobb (den gang då eg var fattig studerande hestejente), men usikker på om det er industrilinja eller kva 🤔

    Eg er også glad i netting, der vinn Brynje når det er kaldt, medan meshen til Devold er fin til meg på sommaren. 

    Eg brukar stort sett ull kvar dag, så her sleng det ymse merker, synes ulike merker har sine "fordelar" eller gode modellar eigentleg. 

    Men no er eg OT. Eg likar Devold godt, brukar mykje Devold, og skulle gjerne vore utan den forferdeleg lukta 🙉😵‍💫

  16. KjartanE skrev (21 timer siden):

    Har samme erfaring med Expedition og Nibba. Synes ikke lukta er så plagsom at det plager meg. Opplever at den forsvinner litt etterhvert, men at noe av lukta blir igjen.

    Godt det ikkje berre er eg 😅 eg synes det er ei gyseleg lukt, men no er eg litt sensitiv for "unaturleg" lukt. Skal heller ta ei sur trøye enn detta 😆

  17. Gabs88 skrev (20 timer siden):

    Har vert i gjennom sikkert 50 sett med Devold undertøy (jobbsammenheng over mange år) og har aldri kjent noe lukt på de jeg har brukt.

    Det sagt så går de fryktelig fort i oppløsning.

    Har brukt Devold gjennom mange år eg også, det er det ulltøyet som held lengst her i hus, saman med blandt anna Brynje.

  18. Malin. skrev (1 minutt siden):

    Har snakket med ulike oppdrettere fra Samojed og Islandsk fårehund. Begge sier at jeg kan lett bruke rasen deres til mitt bruk, men at med Samojed må jeg bare ta litt mer hensyn på varme dager. Ble derfor usikker, og gikk til dette forumet for å høre. Men her kommer det hunderaser i alle kanter (noe jeg selvfølgelig setter pris på!). Men skal heller ikke være lett dette haha! 

    Nei val av hund er ikkje noko enkel oppgåve 🙉 men ein har igjen for å bruke god tid og forhøyre seg mange stader, så det er bra du gjer :)

    Lukke til! 

    • Takk 1
  19. Malin. skrev (5 timer siden):

    Å så greit å høre fra en med erfaringer! Ja jeg har blitt mer innstilt på en polarhund, hvor jeg skal trene konsekvent på sau og kløv. Men så ble jeg usikker nå som andre sier dette ikke passer. 

     

    Jeg kom også over rasen Yakutian laika. Hva er tankene om denne polarhunden? 

    I utgangspunktet er alle polarhundane godkjent som rase i Norge i dag opprinneleg avla for trekk, dei fleste med eit meget intakt jaktinstinkt. 

    Her er litt informasjon om Yakutian laika.

    Edit; ser at vi legg litt ulikt inn i begrepet polarhund. I min dagligtale er det tale om trekkhundar av type malamute, grønlandshund, sibirsk husky, laika og samojed (av dei ein finn i Norge). 

  20. Malin. skrev (18 timer siden):

    Hvor jeg er mest ute er relativt likt, men mtp at snøen er vanskeligere å komme seg til, er det mest bart føre jeg forholder meg til mest i hverdagen (bor i Stavanger regionen). Men får meg anledning til å spenne på meg skia og dra på pulktur, så skal du ikke be jeg to ganger ;) Når det gjelder temperatur på sommerturene mine, så er egt ikke dette et stort problem, fordi hvor ofte er det ærlig over 20 grader oppå fjellet? Jeg opplever det hvertfall ikke ofte (muligens bare jeg som er uheldig? ahha). Men uansett hvis det er varmt og jeg merker at det går litt sakte, så vil jeg bare ta litt vekt for hunden- ta en pause- kjøle ned hunden i vann- ta oss flere pauser.  Når det gjelder tidsbruk på hunden hver dag tenker jeg jo den typiske morgenturen, langtur ette jobb, så en kveldstur. Langturen kan bestå av kløv i turområdet eller trekking (for å skape variasjon). Men som sagt skal ikke hunden min fokusere på trekk, da jeg ønsker en god kløvhund. Videre når helgen kommer tar jeg meg en lengre tur med hunden. Når det gjelder det med å "trene bort" sauejaget, mener jeg ikke at jeg skal trene bort instinktet, men heller at hunden skal bli vandt med sau slik at sauer blir unteressante (slik som det er pratet om ovenfor). Men treningen dette vil kreve vil jo være avhengiv av individer. Men uansett vil jeg holde hunden i langline, fo å være på den sikre siden når jeg er på tur i fjellet (du vet aldri om bonden mangler noen sauer etter sankingen, eller om andre dyr i området kan friske hundens nese). 

     

    Hva tenker du?

     

    Samojeden bør ikkje gå på langline men vere skikkeleg kopla heile tida, av hensyn til vilt. Eg har ved to høve opplevd at mine trekkhundar har snappa av  solide liner, og ein gong også eit trekkbelte, berre så delane flagra. Eg tenker at for polarhundar er det nesten utan unnatak bandvtang heile året, og helst solid bånd :) 

    Varmen er (som regel) ikkje eit problem i fjellet, men meir i høve trening i kvardagane, som det er mest av. Dette løyser ein som regel med å ha ein del treningsfri som sommaren, evt. korte turar tidleg morgon eller sein kveld/natt. Er det for varmt til å trekke (dei fleste eg kjenner sett ei grense for trening for polarhund på rundt 10 grader, 20 grader er altfor varmt!) er turar i hundeparken eller luffeturar alternativet. Luffeturar med trekkhund inneber ofte at hunden trekker meir enn den luffar 😅

    I høve at du skriv at "Men som sagt skal ikke hunden min fokusere på trekk," så tenkjer eg at her ligg litt av nøkkelen til dine val. For det er altså diverre noko begrensa kor mykje du bestemmer kva hunden skal fokusere på....desse rasene er avla gjennom tusenvis av år på bestemte eigenskapar. Det er ikkje slik at dei vert trent opp til å ville trekke, dei er koda for det genetisk (sjølvsagt med litt variasjonar). Dersom ein gjerne vil unngå trekking og jakt, så bør ei prøve å kjøpe ein rase som ikkje er avla for det. Om ikkje er det ein fare for evig kamp, mistrivsel og usikkerheit. 

    Gisle Uren har skrive ei god bok som heiter "Frossen friheit - håndbok i friluftsliv med polarhund". Her skriv han noko som eg synes oppsummerer godt, under "val av hund": "Skal du velge hund til et aktivt friluftsliv, så velg en hund som vil klare seg godt på grunn av sine egenskaper, ikke en hund som må klare seg til tross for dem". 

    Eg trur at det beste valet best kan tas gjennom å snakke med dei ulike rasemiljøa spesifikt. Der er som regel veldig mange flinke folk, som er ivrige etter å hjelpe! Einskild personar sine anekdotiske observasjonar og erfaringar er verdifulle, men likefullt akkurat det; einskildpersonanes erfaringar og observasjonar. Rasemiljøa har som regel hatt meir av den bestemte rasen mellom hendene, og er dei fremste ekspertane på sine raser. 

    • Liker 3
  21. foroll skrev (51 minutter siden):

    Støtter meg på kommentarene om å ikke kjøpe brukshund med mindre du skal bruke de til det de er avlet for. 

    Har du vurdert finsk lapphund eller lapsk vallhund? Ikke personlig erfaring med, men de er mellomstore hunder med okei pels for tur, som ikke typisk brukes til trekk. Kløving klarer de fleste hunder helt fint!

    Finsk lapphund vart nevnt frå andre enden av sofaen her også. Eg har ikkje kjennskap til den, men det er vel ganske allsidige hundar ?

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.