-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Noen med god erfaring med vintersoveposer?
Tessatroll svarte på leerj sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har Jan Mayen til ruskebruk, mest brukt ved overnatting under open himmel på skauen. Den er varm ja. Eg er relativt varm av meg i tillegg. Greia er at den kan bestilles med tovegs glidelås, og med to glidelås. Det vil seie at det hverken er problematisk å lufte litt nede ved føttene om det skulle bli veldig for varmt, og det er enkelt å opne den eine glidelåsen og la den andre danne ei "kuldebru" som senkjer temperaturen litt.- 8 svar
-
- 1
-
-
Samd. Er ganske vanleg å overnatte på toppane her på Sunnmøre, dei fleste er velforsynte med ur. Av det same finn ein på fleire toppar "leveggar" eller sovegroper av stein. Legg over ein tarp som du steinar nede så held det fint med mindre det vert veldig kraftig vind.
-
Har kids som er oppvokst med å ligge under open himmel, eller under presenning, i ein grad som gjer at dei føretrekk det framfor telt. Dei har lagt ute i alt frå 20 minus til midnattsol på Svalbard, i skog og på fjell. Me starta dog med å ligge i grei "retrettavstand" til bilen, og avogtil med nødtelt i pulken. Om me ikkje fyrer gjennom natta, er det ofte med ein stor fora jervenduk, som me breier over alle som ei dyne, som held soveposane noko lunde tørre. No er dei to eldste store... Og turinteressa varierar i takt med kva andre tilbud som finnast den dagen. Men får dei tilbud om ei bilnær natt på skauen under open himmel, er det definitivt det som vekkjer mest engasjement, evt minst protestar. Det er rett og slett nokre av dei finaste turstundene me har. Så det er berre å legge i veg
- 28 svar
-
- 15
-
-
HJELP! La Sportiva Trango Guide evo gtx vs Crispi Skarven
Tessatroll svarte på Fjelletkaller sitt emne i Fottøy
Eg har særs brei fot men La Sportiva høver meg godt likevel. Eg har Trango og Skarven. Båe go til kvar sin bruk. I steinrøys og krøkette terreng, typisk ungt, er La Sportiva i ei særklasse kva kjem å førebygge såre føtter. Crispi er supre med omsyn til gode støtte ved tyngre bører, inntil 25-30 kg synes eg, samt i vått terreng og vekslande fjellforhold. Ein støvel eg til dømes ville valgt ved langtur. Den er også varmare enn ein tekstilstøvel. -
Trenger råd angående størrelse på ryggsekk
Tessatroll svarte på turbobjørn sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Her har du fått mange bra tips. Ta også med i berekninga om de skal bere tungt båe to, om kjærasten din skal bere meir/mindre alt etter storleik, helse og ynskje osv. Dersom de ikkje er vane med å bere tungt nokon av dykk, kan det vere slik at ein i starten av "karrieren" endar opp med noko meir på mannen fordi menn ofte er sterkare frå naturen si side. Skal me kvinner bere like tungt må me ofte ha litt meir trening og erfaring. Fact of life- 25 svar
-
- 1
-
-
- bæresystem
- ryggsekk
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Utan kompass? Den eg lånte no hadde med. Er der forskjellige utgaver? Greit å vite når eg surfar finn. -
Har ikkje hørt om tilfeller med PLB som feilar, men så er eg jo ikkje superopplyst på temaet.
-
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Eg brukte eit sett batteri på tur i fire veker no. Med sporlogg på og av/på eit par gonger per dag for å stikke kurs og sjekke dagens kmstand, samt legge inn nye WP som eg fekk tilsendt og litt "leiking". -
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Ja då stiller det seg litt ansleis. -
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Må seie at mine uttalelsar er utfrå at eg aldri nyttar kart. Så ved bruk av innlasta kart har eg lite peiling. -
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Heilt samd. Eg har greid meg med etrex heilt til eg no skulle til Grønland og trengte elektronisk kompass. Lånte ein 60cx og likte den særs godt. Batterigjerrig som få. -
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Med mindre du treng å kunne stikke elektronisk kurs er jo etrexen veldig grei den -
Garmin Oregon 700 - Er denne noe tess?
Tessatroll svarte på Anders_G sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Ligg nokre på finn eg er ute etter samme. Likar ikkje touch på vinteren -
Er Isbjørn soveposer fortsatt å få kjøpt?
Tessatroll svarte på Rullestaden sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
-
Er Isbjørn soveposer fortsatt å få kjøpt?
Tessatroll svarte på Rullestaden sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ja dei er framleis i live såg nett livsteikn frå dei i sosiale mediar -
Eg har ein slik. Hovudsakleg fordi eg ynskjer berre ein funksjon det meste av tida. Årsak nr 2 er at på Svalbard er den påkrevd. Sysselmannen ser på dei andre som fine supplement, men PLBen er eit krav. Lånte InReach på forrige tur. Grei dings sett vekk frå trøbbel med delay. Spot er også ok, men var vel Niko trøbbel med levering der og? Er dette ordna opp i?
-
Har brukt alle variantar, har ein nødpeil sjølv. InReachen eg brukte no på siste tur var oppladbar med USB frå solcelle. Knotete utan telefon, grei med. Opplevde dog delay og fleire dagar med trøbbel med levering av meldingar. Fekk dette stadfesta frå andre som også opplevde forseinkingar. Kva dette skulderstropper har eg ikkje funne ut av enno.
-
Svartisen mjukare sole enn Stetind? https://www.utemagasinet.no/Test/Sko-deg
-
Usikker på vridningsstabiliteten i Svartisen, men Stetind er i alle fall bra. Eg har desse på dei skia eg nyttar her på Sunnmøre til snille toppturar og breturar med tung oppakning og bratte nedkjøringar. Har til gode å oppleve at dei ikkje gjer jobben. Kan også sette "snille" telesvingar med dei på godt føre. Meinar det var ein god test med fleire av desse i ein gong for noko sidan, skal sjå om eg finn den.
-
Har du sett på Alpina Alaska? Og så er jo spm kvar du vil ha dei stive... Om det er i solen er jo Crispi Stetind eit like så greit alternativ som Svartisen vil eg tru
-
Kan sende deg mål og bileter om du vil
-
Skriv under på den. Gjekk den med kidsa for nokre år sidan, og må seie at turen er flott, men trøndermyra som dominerar dei første dagane er ikkje spesielt sjarmerande. Kidsa har etterspurt den at att dog. På ski. Klegg og myr er dei kurerte for.
-
Størrelse dame Klättermusen Women's Freke Salopette
Tessatroll svarte på turjente94 sitt emne i Bekledning
Spørs litt på fasongen din og lengde på bein. Eg kan ikkje fordra for trange skallkle, og har mi i M. Er 166 høg og plar bruke m eller 38 som regel. Synes eg må ha såpass, spes når eg skal bruke drop-seaten i tøft ver og med vottar osv. Elle skam eg seie at eg ofte synes den er "too much" og vel andre bukser.- 7 svar
-
- 1
-
-
- klãttermusen
- salopette
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Takk for tips 😄 men greit å ha prøvd klatreskoa først, og mine er mest gla/høver best i enkelte Evolvmodellar eller La Sportiva. Nye selar derimot er kje så nøye. Om nokon skulle trenge klatreutstyr til kids er det også berre å hyle ut. Eg har solgt noko men har framleis ymse pent brukt, inkl ein jr sittesele, ein Black Diamond damesele str xs-s, to par Evolv Defy meinar dei er i 38,5 og 41. Også ymse "billigsko" som gis bort for den som skal nytte dei en sjeldan gong eller skal prøve seg på klatring. Dei er kjøpt på Decathlon i Fontainebleau i høve buldreturar.
-
Tusen takk for svar Eg er eigentleg ute etter adresse/spesifikk butikk hovudsakleg i Krakow. Dun er blandt dei tinga eg er inndekt på, men tekstilar samt klatreutstyr til kidsa som ikkje lenger er kids er vel det som står på handlelista.