Gå til innhold
  • Bli medlem

Rivedal/Nipebu/Rivedal i Sogn og Fjordane (10.02-11.02. 2007)


Gustav_1

Anbefalte innlegg

Bilder frå flott tur til "Nipebu" i Askvoll med overnatting frå 1002-1102.

http://www.turistforeningen.no/turplanlegger/cabin.php?ca_id=452&x=3&y=9&v=3


Turen starta i Rivedal laurdagsmorgonen. Sola spegla sine første raude stråler på Dokka og Bakkefjellet og vitna om ein fantastisk gryande dag då eg parkerte der nede i 09 tida.Temperaturen viste minus 6,5 grader i Stongfjorden då eg reiste.

Sola dukka opp over fjella sør om Flekkefjorden i 0915 tida då eg var på veg opp til demma på kraftstasjonen i Rivedal. Innover Vagstaddalen forsvann sola igjen bak Heileberget. Kuldegradene og trekken reiv i kjakane timen det tok før eg fekk sola igjen ved vestenden av Atlevatnet. Her er det ei fantastisk utsikt då landskapen opnar seg heilt opp igjen austover mot Blegja, Ertrenipa og Kringla.

Vel framme ved "Nipebu" viste det seg at det var svært vanskeleg å komme seg inn. Låsen var totalt frosen og nøkkelen var umogeleg å få inn i låsen. Men etter ei stund med varm pust kom eg meg inn. Gradestokken viste minus 8 i hytta, så her var det berre å opne alle glas og fyre opp.
"Nipebu" fekk ein særs flott julepresang i år, nemleg ein gassovn. Denne er svært effektiv. Ilag med god bjørkeved på ovnen var det ikkje lenge før temperaturen spratt i veret.

Etter nokre raske skiver bestemte eg meg for å ta skituren opp på Markahengenipa. Det er suveren utsikt frå denne toppen. Du har panoramautsikt i alle himmelretningar og ser m.a. fjella Ertrenipa, Blegja, Kringla, Kvamhesten, Fossedalshengenipa, Heileberget og alle fjella vestover og nordover mot Florø og Ålfoten.

Seinare på ettermiddagen fekk eg besøk av Agnar med frue.

Etter ein særs vakker soloppgang på fjella rundt Nipebu og ein solid frukost søndagsmorgonen starta vi turen til Fossedalshengenipa i 09 tida. Vi gjekk inn eit stykke av dei same spora som eg hadde gått dagen før. På veg oppover ryggen på Fossedalshengenipa fekk eg problem med fellene som isa slik at dei ikkje sat skikkeleg fast under skia. Dette var litt ubehageleg for det var delvis knallande hard skare og is oppover. Men med litt pause og skraping gjekk det greitt. Det var ei heilt spesiell oppleving å stå på toppen av Fossedalshengenipa i skikkeleg vinterlandskap/temperatur. Her er ei utruleg utsikt i alle himmelretningar og spesielt kombinasjonen av flotte fjellryggar og hav er uimotståeleg og utan sidestykke... :) Men det vart berre tid til nokre raske bilder i kulden før vi snudde nasa nedover ryggen igjen med gode minner i bagasjen.....

Vel nede ved hytta pakka eg storsekken og gjekk nordsida av Vagstaddalen heimatt. Det er lite snø i låglandet her ute så til tider var det ikkje heilt enkelt å gå nordsida av dalen heller (gjekk sørsida oppover). Vi får håpe på meir snø.

Det var ei fantastisk helg på "Nipebu" - igjen - noko som flotte vinterbilder vitnar om.

post-2379-133474450777_thumb.jpg

post-2379-133474450791_thumb.jpg

post-2379-133474450805_thumb.jpg

post-2379-133474450818_thumb.jpg

post-2379-133474450832_thumb.jpg

post-2379-133474450848_thumb.jpg

post-2379-133474450863_thumb.jpg

post-2379-133474450877_thumb.jpg

post-2379-133474450891_thumb.jpg

post-2379-133474450903_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.