Gjest Anonymous Skrevet 21. september 2003 Skrevet 21. september 2003 Jepp, nå er jeg tilbake fra Storheia takket være din beskrivelse, Kim! Det ble en drøy sykkelbakke opp fra Lerkendal stadion, gitt! Ellers var det en ålreit tur, med en form for snaufjell på toppen. Fin oppladning til Jotunheimen neste helg!
Stuttjukken Skrevet 21. mai 2005 Skrevet 21. mai 2005 Eg kom nett over denne sida, og såg inn på Bymarka i Trondheim. Det er lenge sidan, men eg drog kjensel på namnet Storheia. I 1989 budde eg, som kjem frå Hordaland, midt ute blant kornåkrane nord i Melhus. Ein dag tok eg skiene med på bussen til byen. Eg traska bortover til Ila og gjekk opp bakkane. Det bar innover i Bymarka og første turmål var Geitfjellet, med fint utsyn innover Trondheimsfjorden, Fosen, og austover mot toppane Fongen og Skarvan, m.m. Det bar vidare forbi Gråkallen og skistua til Bosbergheia. Det bar så austover og oppå Storheia, høgste punktet i Bymarka, om eg ikkje hugsar feil. Frå desse åsane var det fint utsyn fjorden mot Agdenes-traktene. Turen attende gjekk om Rønningen (svært vanleg stadsnamn i Trøndelag). I halvmørkna bar det inn på det påbyrja skianlegget bak Saupstad, der arenaen for ski-VM var i 1997, åtte år etter denne skituren. Det var den gongen sett opp store info-skilt for skianlegget og VM-97. I mørkna var det berre eit par timar med trasking etter vegane om Heimdal og Klæbuveien på tur heim. Bymarka har eit triveleg turterreng, som eg frå Vestlandet trivdest i. Denne runden byr på lange strekk utanfor dei folkerike løypene, om det er viktig, men ved Gråkallen og skistua er det vanlegvis ein del folk. God tur i Bymarka i Trondheim (Trondhjæm)! Helsing Stuttjukken.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå