Gå til innhold

Taco

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    19
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Taco

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Taco

    Tips til nye fjellski/bindinger/sko

    Hei, Eg lurte på om det er nokon som har erfaring med ski av typen Åsnes Kongsvold eller Breidablikk eller Fischer Jakt med Voile Switchback bindinger (eller tilsvarande kraftige bindinger)? Eg har fjellski til bruk bortover, men er på jakt etter eit par fjellski som er meir køyrbare, samt at dei må vere utan stålkant. Det kjem til å vere mykje opp og ned pga terrenget her, og eg vurdere difor eit oppsett med kraftigare 75mm binding enn vanleg Super Telemark. Det skal kombinerast med Scarpa t4. Om ingen har erfaring med det, så har de kanskje tankar om det?
  2. Taco

    Nye fjellskisko

    Hei, Eg er på jakt etter nye fjellskisko. I utgangspunktet tenkte eg å beholde mine Ingstad ski med 75mm binding, men eg vurdere også å skifte over til BC magnum. Eg har gått med ulike og modifiserte modellar av Sydpolen 75mm i lang tid, men tenkte eg ville gå for eit par sko som var skikkelig varme og gode. Dei skal holde til kryssingar av Hardangervidda midtvinters, Finnmarksvidda og Grønland. Eg har lest ein heil del om dei ulike typane og valet står i utgangspunktet mellom Alfa Mørdre Extreme eller Alfa North Pole Extreme GTX. Eg har tenkte mest på Mørdre, men er særs usikker mht at den ikkje er så vasstett som den andre. Er det nokon som har erfaringar med disse modellane? Eg tek i mot tips med stor takk! Om det skulle vere nokon som har eit par dei ikkje nyttar lenger, så kan eg også vere interessert i å kjøpe for å teste dei forut for lengre turar Str. 43/44 i vanlige sko, så reknar med eg må opp ca. to nummer i Mørdre iallfall.
  3. Ser det kanskje kan holde med Reinsfjellet også. Hm. Eg får ta nokre rundar med meg sjølv før eg kjøper Takk for god informasjon iallfall!
  4. Gode argument for Fjellheimen og Reinsfjellet. Av erfaring, korleis er ventileringa på Fjellheimen? Leser at det er ein lav ventil, samt to som sit høgare oppe. Eg trur nok eg kjem til å gå for Fjellheimen 3 slik det ligg an no. +/- 2-300 gram er ikkje så ekstremt farlig. Det er klart at jo lettare jo meir behagelig, men når ein har hatt med telt som veg 5 kg i fleire år, vert 2 kg relativt lett uansett
  5. Eg har prøvd å lese litt rundt på sidene her i håp om å finne gode argument for kva valg eg skal ta mht innkjøp av nytt telt. Så langt er det mange, mange gode, og relativt like, argument for dei telta eg så langt har vurdert. Håpar likevel at ved å prøve å samle det i ein tråd her, så kan eg finne ut kva eg skal kjøpe. Eg er framleis litt i tvil... Så langt står det mellom Helsport Fjellheimen Superlight 3 camp eller 2 camp, Helsport Reinsfjell Superlight 2 og Rondane Superlight 3. Mine kriterier er som følgjer: Det må vera plass til to vaksne personar, samt moglegheit for hund i forteltet, og då gjerne ein malamute. Det er i utgangspunktet for vår, sumar og haust, men det bør kunne tåle sterk vind om det skulle inntreffe, samt uventa snøfall. Dvs. det er greit om det duger til vinterbruk også. Eg har solid vintertelt frå før, så om eg skal ut på rein vintertur tek eg det. Det skal i stor grad nyttast i høgfjellet, men som nemnt 3.sesongs. Prisklasse 3000-6000,- Jo lavare jo betre sjølvsagt. Lettvektar. Maksimalt 2 kg. Så lite pakkvolum som mogleg. Så langt har eg falle ned på Fjellheimen 3 camp mtp at eg der har litt ekstra plass og relativt stort fortelt. Har også vurdert 2 camp, men sidan det er så minimalt i forskjell i vekt vurdere eg å gå for 3`aren. Er det nokon som har gode råd av erfaring med disse telta mtp det eg skal nytte det til? I tillegg lurte eg på korleis dei er utstyrt med stormmatter, antal barduneringar, kvalitet på stenger osb? Då spesielt 3 camp. Det store spørsmålet er om camp 3 er det rette mht. kriteria og i forhold til dei andre modellane. Eg har hatt telt frå Bergans heile livet, så Helsport er heilt nytt for meg. Takk for alle gode råd!
  6. Takk for tipset! Det skal eg sjekke ut!
  7. Hei, Håpar eg treff korrekt tråd her. Sidan det er så mange kyndige fjellfolk her, tenkte eg å spørje litt til råds i valg av telt, og då mtp Helsport sine; Ringstind 2 vs Fjellheimen. Leser at mange er særs nøgd med Ringstind 2, men at det gjerne kan vere litt sparsomt med plass om ein er to stk, samt evt. hund. I al hovudsak er det som følgjer dei viktigste tinga for meg no når eg kiker etter nytt telt: Det må vere lett. Dvs. rundt 2 kilo maks. Enkel og fort å setje opp. Stabilt for høgfjellet. 3.sesongs. Då eg/vi har eit solid vintertalt, så er det i all hovudsak dei tre andre sesongane teltet skal dekke. Vinterteltet er litt unødvendig tungt til å ta med på sumarstid, så leitar difor etter eit lettare telt. Pris er viktig, men er villig til å strekke meg nærare 6000,-. Tenkte fyrst rundt 3-4000,-, og det ville vore best å funne noko i dette segmentet. Teltet skal nyttast av inntil 2 personar, der personlengde er 187 og 167 cm, samt det bør vere plass til ein framtidig hund. Difor er det også greit å ha litt storleik på forteltet. Eg har difor komme fram til Helsport sine telt; Ringstind 2 og Fjellheimen Superlight 3. Det siste er då mest aktuelt, men sidan det er så dyrt tenkte eg at eg ville spørje til råds om nokon har erfaring med dette i forhold til plass osb. mht. preferansane ovanfor? Har igrunn komme fram til at Ringstind 2 vert i minste laget. Er det andre telt som kunne vore verdt ein kik? På førehand, hjartelig takk for hjelpa!
  8. Taco

    Grønlandstur.

    Sit å vurdere litt kva tidspunkt vi skal gå på. Har jo skjøna at det er bra å gå i starten på mai, men er det nokon som har erfaringar/tankar om å gå i juni? Korleis er det med smelting etc då? Er dette eit gunstig tidspunkt å gå på, eller er faren for overvatn osb for stor?
  9. Taco

    Grønlandstur.

    Ok. Tenkte nesten det. Takk for svar!
  10. Taco

    Grønlandstur.

    Hei! Har planer om å krysse Grønland til neste år. Er det nokon som har erfaring, eller tankar om å det lar seg gjere med startdato i Mars (21/22 sidan det er like ved påskeferie). Tankar om korleis søknaden er å få igjennom mtp at det er litt tidlig. Evt. om forhold der oppe rundt dei tider. Har forstått det slik at vanleg turdato er rundt mai, men det passar ikkje heilt det året )
  11. Flott! Takk for tipsa:) Då er det berre å finne rimelig billett på Norwegian, så er det i boks. Tenker eg legg opp opplegget på eiga hand når eg kjem ned. Korleis er folk i Marokko i forhold til turistar og folk som er interessert i å gå i fjella? Tenkte å vandre litt rundt/klatre litt nokre dagar, og hadde vore utruleg kjekt å komme litt nærare folk og kultur. Er dei imøtekomande, eller er foretrekk dei litt distanse? Tenker i forhold til kor ein kan slå opp telt o.l.
  12. Hehe, fruktbløminga heime er vanskeleg å konkurrera med, men eg betvilar ikkje at utsikta frå Aroumd er nær i same klasse. Satsar på at Mars/April er ei god tid å reisa på. Om bilturen berre er på kring 1-2 timar tenker er det ikkje så gale. Trur eg satsar på å fikse alt når eg kjem ned. Korleis er ruta opp i forhold til hytter o.l. å overnatte i? Markert rute? Kjøper uansett med eit kart som eg/vi kan følgje. Har lest litt om at det er ein del "refugees" der. Er dei "betjente"? Kor mykje må ein ev. betale for å overnatte her? Har vurdert å ta med telt, men tenker litt på å overnatte ute/hytter.
  13. Takk for svar! Høyres bra ut. Litt usikker på om eg skal hente inn guide. Er litt keen på å gjere det heile sjølv mtp utgifter, men kunne trengt transport. Dog, reknar ikkje med det er så store problem. Kor lang køyretur er det frå Marrakesh til Imlil? Tenker i all hovudsak å gå no i vår. Høgst truleg i April. Ev. seint i Mars. Reknar med det kan ligge litt snø. Er det nokon former for brearmar eller liknande som blir forsert, eller er det kun snø? Cato
  14. Hei! Er det nokon som har erfaringar med Marokko? Tenker å reise ned for å gå opp på Toubkal, samt trekke/klatre litt i Atlasfjella. Nokon som veit om kontaktar ein kan bruke som tilbyr transport, samt om det er avgifter ein må betale for å gå opp på fjellet? Kan ein gjere dette på eiga hand, eller er ruta vanskeleg å finne?
  15. Taco

    Klatre Mt.Kenya

    Må berre få sei hjarteleg takk for mange gode tips så langt! Imponert over kor engasjerte og hjelpsame folk er her inne! Fantastisk! Er litt på farten her, men kjem tilbake i løpet av helga med nokre kommentarar, samt nokre spørsmål Ha ei god helg!
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.