Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Agnar

  1. Var i USA for 3 år sidan, og køyrde bil frå Minneapolis via Nord Dakota(besøkte familie) til Denver, Colorado. Før avreise såg eg på kartet at USA sin høgstliggande vei låg like utanfor Denver, så dit berre måtte eg opp. Toppen ligg langt sør i Rocky Mountains, Mount Evans 4348 moh. Skulle sjølvsagt heller brukt beina i det flotte fjellområdet, og dei mange nasjonalparkane, men det vart det ikkje tid til på den turen.
  2. I tjukk skodde tok han 180 grader feil av kompassretninga, og sette utfor frå tårnet mot stupet(på ski). Les meir om snøforholda her: http://firda.no/sport/lokalsport/article1475251.ece
  3. Som på mange ekspedisjonar før, brukte han Åsnes ja. Les meir på www.asnes-ski.no under ekspedisjoner.
  4. Etter eit halvt år med gråvær og regn, vart det ei fantastisk vinterferieveke på Vestlandet. Reiste til fjells på torsdag, og fekk fire fine dagar. Lite snø i låglandet, så skia måtte berast halve vegen. Dagane vart tilbrakt på ei hytte på berre 500 moh, men her var forholda perfekte. Strålande sol, og flott skiføre, så det vart fleire flotte turar i nærområdet. Nesten ikkje folk å sjå, så det meste av tida var vi aleine på hytta. Om ettermiddagen nydelege solnedgang, og om kvelden kom månen fram. Vinterferien i fjor reiste vi til Hemsedal, men desse siste dagane var ei større oppleving.
  5. Kartet vest for Hurrungane har nr: 1417 I Lustrafjorden. Ellers finst det et spesialkart/turkart med namn Årdal. Det dekker det meste av det aktuelle området sør for Turtagrø.
  6. Alexandra i Loen er stedet. Landets beste hotellkjøkken? Ny Spa avdeling med utendørs svømmebasseng. Og det finst flyplass på Sandane, 1 time å køyre, men "du kommer ikke frem sånn uten Widerøe". Ellers har Julia sagt det meste om det som er vert å sjå.
  7. Vefsna er ikkje med, den er utsett og skal behandles for seg, om eg har forstått det rett.
  8. Beklager, det finst Berdalen på to plassar. Den du tenkte på ligg mellom Årdal og Lærdal. Fortun ligg på vegen mellom Skjolden og Turtagrø, mot Sognefjellet. Her går den Berdalen eg meinte, opp mot fjellovergange frå Årdal mot Turtagrø. Skagastølsbandet ligg høgt ja, ca 1750 moh. Breen som må kryssast er på nordsida av bandet, men er ganske "snill". Det største problemet kan vere ei breglippe øverst.
  9. Flotte bilder frå Ulriken, Arnt. Dersom du har plassert Brosviksåta rett, på bildet mot nord, så meiner eg at du litt til høgre for denne kan sjå Lihesten i Hyllestad, mao på nordsida av Sognefjorden. Håpar det blir bra vær til helga, så skal eg ta turen opp til Ulriken frå Montana.
  10. Kva med å starte i Fortun i Luster? Gå opp Berdalen, med eit besøk på det nyrestaurerte huset på Fuglasteg. For å unngå vegen, kan du ta til høgre ved Berdalsvatnet, og så krysse vegen mellom Årdal og Turtagrø lenger sør. Herfra inn i Austabotnen og over Gravdalsbandet, som du var inne på. Ned Gravdalen, der det kan vere verdt å besøke Avdalen, eit eldre gårdsbruk restaurert av Årdal Turlag. Vidare langs kanten av Utladalen, krysse Stølsmaradalen til Midtmaradalen. Øverst i Brendeteigen er det fritt utsyn til Vettisfossen, med 275 m høgt fall. Herfrå kan du enten krysse dalen og ta opp Morka Koldedalen, eller gå opp Midtmaradalen, over Skagastølsbandet til Turtagrø, og inn i breheimen. Det finst fleire ruter gjennom Breheimen, som kan avsluttast i Skjåk, eller du kan ta vestover til Stryn. Det ville bli ein tung tur, med mykje opp og nedstigningar, men du er ikkje redd for litt slit på turane dine?
  11. Har sett for lite på serien til å kunne vere med i avstemminga. I dagens papirutgave av lokallavisa Firda er det eit oppslag om kva ski han brukte på turen. Begrunnelse: "Finnes ikke bedre ski". Gjett kva merke han har brukte.....
  12. Det er no tilsett ny dagleg leiar på Turtagrø. www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4456928.html
  13. Agnar

    Måneskinstur

    Meteorologen snakka kl 19. i kveld om nytt mildvær på vei mot Vestlandet, og fare for regn utover i veka. Så den planlagde turen under fullmånen i morgen såg ut til å gå i vasken. Så det var berre å kaste seg rundt, og ta turen i kveld. Køyrde til Langeland Skisenter, ca 15 min. frå Førde, og kunne ta på skia litt før kl 20. Oppover i lysløypa var det bra med folk, dei fleste rasar rundt på sine fyrstikkski og tynne skidressar. Men det var ikkje målet mitt, eg skulle opp i høgda, og vekk frå det kustige lyset frå sivilisasjonen. Kommen opp på høgste punktet, ca 500 moh, var det berre å stoppe opp og nyte naturen. Praktisk talt vindstille. I aust blinka snøen på toppane på Jølstrafjella, og i vest var Hestane bada i måneskinet. Etter nermare ein halv meter nysnø i helga, gjekk eg ruta motsett vei i går, det meste i intenst snøvær, og nytrakka løype. I dag var løypa fastare, og unnabakkane kunne køyrast i pudder. Hadde tenkt å snu på toppen, men måtte berre fortsette, mot Gjøset- vatnet og stølane. Tilbake i lysløpa etter ca 1,5 t, møtte kun 4 personar, men ein flott oppleving rikare.
  14. Og eg som trudde at dette var eit forum der det skulle diskuterast spørsmål som hadde med fjell, og friluftsliv å gjere. Fordi her skulle vere ein møteplass for personar som er opptatt av, og gjerne har sterke meiningar om det som for mange av oss er blitt ein livsstil. Eg inbilte meg at ein moderator i eit slikt forum hadde som oppgåve å ha eit vist tilsyn med bruken av forumet, og komme med ein advarsel når debatten blir slik som Smekk her har lagt opp til. At det ikkje var moderator si oppgåve, ikkje berre å la vere å delta i ein debatt som til dei grader er spora av, men òg å lå la vere å komme med sjikane av andre medlemer av forumet. Så naiv går det an å bli.....
  15. Kva meinar du med dette Morten. Her har det regna samanhengande i 2,5 mnd. På vestlandet har det komme 1 meter eller meir i nedbør i denne perioden, og normalen for heile januar vart nådd den første veka. Har kun hatt to korte periodar med temperaturar under 0 denne vinteren. Storm har det vore samanhengande siste 14 dg, så eg skal love at sjølv garva vestlendingar synest at no kan det vere nok. Og vi berre flirer når vi høyrer Oslo folk klagar over nokre varmegrader i januar. Trøsta får vere at i høgda må det etter kvart ha komme store mengder snø, så om berre veret lettar til påske, blir det nok fine forhold for skigåing utover våren og forsommaren.
  16. Agnar

    Fottur 2005

    Håpar dere er klar over at turen frå Briksdalen til Tungastølen ikkje er ein tur for to 17 åringar åleine. Det er ein svært krevande tur på 14 - 16 timar, det meste på bre, og med ein vanskeleg nedstigning frå Kvitesteinsvardane til Austerdalsbreen (det er vel meir vanleg å gå andre vegen). Jostedalen og Veitastrond har brukbar bussforbindelse med Gaupne, eller Sogndal, men ikkje alt for mange avgangar sommarstid. Mellom Olden og Briksdalen er det nok dårlegare.
  17. Det er klart det blir vanskeleg for ein enkelt medlem å få medbestemmelse i ei forening med 65000 medlemmer. Likevel er det på årsmøtet/generalforsamling at dei viktige beslutningane blir tekne, og skal demokratiet fungere må flest mulig delta. Ein vil då få ein langt betre oversikt over kva som skjer i foreninga, gjennom den framlagde årsberetninga og rekneskapen. Så difor bør du møte opp på neste generalforsamling, Brage. Det er DNT sitt lansmøte som vedtek medlemskontingenten. Den enkelte forening står fritt til å ha avvikande kontingent, men eg trur det er berre eit fåtal av lokalforeiningar som har valgt det. På landsmøtet er alle lokalforeiningane representert, og stemmetalet vil avhenge av medlemstalet. Difor vil DNTOO ha langt større inflytelse enn Nordkapp og Omegn TF.
  18. Det er dette som er mitt poeng også:at hyttene vart sett opp lenge før nasjonal- parkane vart oppretta. I ei tid då det ikkje fantes sentrale myndigheiter som la seg opp i forvaltninga av fjellområda. Det fantes ikkje lokale reguleringsplanar, eller konsesjons plikt, og det å få byggetillatelse var langt enklare enn det ville vere i dag. Likevel var det berre DNT som fant det bryet verdt å sette opp hytter i nokre av dei mest uveisomme områda, først og fremst til nytte for medlemane. Så dette må sjåast på i eit historisk perspektiv, og å kalle dagens situasjon for eit monopol virkar litt søkt. Så kan det, som eg har sagt før, diskuterast om alle hyttene burda vore fjerna den dagen det vart oppretta nasjonalpark. Men det er ein heilt annan diskusjon.
  19. I så fall overnattar du på den private Leirvassbu. Eller du kunne lagt turen østover og komme til den private Memurubu....... Etter som eg tydeleg vis ikkje heilt klarer å følge tankegangen din, så kan du kanskje forklare når, og korleis DNT klarte å få eit slikt monopol som du meiner dei har??
  20. Hørt om Barnas Turlag? Undersøk med det lokale turlaget om dei har tilbud der du bur.
  21. Førsteinntrykket ser veldig bra ut, med mange spennande artiklar. Her er litt for ein kvar smak, så det vert litt å kose seg med i mørke kveldar framover. Ein som kan vente seg større besøkstal på web-sida framover er Torgeir, med fin omtale i ein overesikt over 2000 m toppane.
  22. Her blir vi nok ikkje einige same kor lenge vi diskuterer(utan at det er noko mål i seg sjølv). Dette er jo feil! Det finst både private hytter, private turisthytter og DNT hytter i nasjonalparkar. Det er ingen så vidt eg veit som har fått bygd hytter etter at det er oppretta ein nasjonalpark. Dei hyttene som ligg der i dag, var bygd lenge før områda vart verna. Alternativet måtte då vere å fjerne dei, og det kan sjølvsagt diskuterast om det skulle vore gjort.
  23. OK då, bomma litt der, men bildet er like fint for det.
  24. La det vere heilt klart: eg er medlem av DNT; ja, og eg har vore involvert i det lokale turlaget; ja, men det er ikkje det same som at eg er einig i alt som DNT gjer. Eg meinar likevel at organisasjonen har utført eit viktig arbeid på fleire felt i tilrettelegging for friluftslivet her i landet. "DNT skal arbeide for eit enkelt, aktivt, trygt og miljøvenleg friluftsliv, med vekt på vern av urørt natur." Dette er sitat frå § 1 i DNT sine vedtekter, og viser at naturvern er nedfelt i grunnholdningane i organisasjonen. DNT har godt 200.000 medlemmer, og det må vere ein grunn for at så mange vel å melde seg inn. Det ville vere rart om alle skulle vere einige i alt som vert sagt og gjort i ein så stor organisasjon. Ein undersøkelse frå 95 viser allikavel at 80 % av medlemmene støttar det arbeidet som vert gjort for vern av norsk natur. DNT har over 400 hytter, spreidd over heile landet. Berre O&A-avdelinga har rundt 100 hytter, med anslagsvis 25000 overnattingar kvart år. Kva om DNT ikkje fanst, og halvparten av dei som i dag nyttar hyttene, skulle bygge si eiga hytte. Ville ikkje det ha ført til eit enno større press på naturen, særleg i dei områda der hyttebygginga er eit problem i dag. Dnt i ein momopolsituasjon? Går det an å sei om ein ikkje kommersiell, idèell organisasjon? I dei mest sentrale områda finst det då mange private turisthytter. Og som mange her på forumet gjer: det er framleis fritt å vandre i norsk natur, og bere med seg "hytta" på ryggen. Brage:alle faktaopplysningane i dette innlegget finn du på www.turistforeningen.no.
  25. Her er det jo snakk om to bilder Svein. Det første er teke frå Brøknipa på Osterøy, i Hordaland, og kan teoretisk ha fått med flammen frå Mongstad. Det andre frå Ålesund har neppe ei slik rekkevidde. Ellers er det vel slik som desse bilda viser vestlandet tek seg ut ein fin sommardag....
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.