Kanskje siste fotturen for i år? Føret var i alle fall heilt greitt, etter litt kulde siste dagane, men nesten ikkje snø. Første hundremeterane fekk vi følge av ein geiteflokk, som nett vart slept ut av fjøset. Bra stigning opp den første mota, for det
meste på tørt berg. Etter kvart flata det ut, med frosne myrar og eit lite snødryss. Lite glatte parti til tross for frosten, så
det var kjempefine forhold. Passerte Portafjellet før vi fortsatte mot ein trimpost på Stordalsfjellet. Etter ein strålande
morgon, trua no litt skyer å sende litt snø på oss, men det blei med trusselen. Returen gjekk gjennom Stordalen og
Porten. Med korte dagar må det bli kortare turar, men flott å komme ut å gå litt også på denne tida.