
Agnar
Aktiv medlem-
Innlegg
245 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Agnar
-
For å forsøke å reparere dei skadene som har oppstått ja, pga stor slitasje. Og så blir det stadig hevda at DNT har ein agresiv propaganda for å få folk til å gå Besseggen. Når såg noen sist at DNT reklamerte for Besseggen? Tvert imot, dei har i fleire år prøvd å spre trafikken på fleire områder, fordi det blir for stor slitasje, og trengsel på enkelte hytter. Men då blir sjølvsagt det gale òg.......... Dessutan så ligg det så vidt eg veit ei DNT hytte i eine enden av Besseggen, og ei privat i den andre, så kvifor er det berre DNT som genererer trafikk på Besseggen??
-
Høyner standarden? Legg inn WC og flislagte bad meinar du? Fleire som snakkar om dette monopolet DNT skal ha, går det an å få konkretisert kva det består i??
-
Har vore ute og reist i dag(nei, ikkje på fjellet), så derfor litt seint svar. Ja, Morten, det er ikkje alltid så lett å få tak på kva Svein meinar, det er som oftast vage påstandar, og lite konkretisert. Eg skulle gjerne hatt svar på kva det kommersielle med DNT er som ikkje kan forsvarast: er det det at organisasjonen er for stor, er det dei betjente hyttene, er det kursaktiviteten, eller er det andre ting? Det rare er jo at det er personar som ellers er for at pengemakta skal råde, som synest DNT er for kommersiell. Så seier du at rabatten på hyttene er eit incitament for å bli medlem i DNT, og at det forklarar det høge medlemstalet. Ja vel?? Er det i tilfelle noko uvanleg at ein organisasjon gir rabatt til sine eigne medlemmer, og det er vel fordi friluftsfolket er interessert i tjenestene som DNT kan tilby, at det er 200.000 medlemer? Du kan ta det heilt med ro Morten, DNT kjem ikkje til å merke, eller bygge på Børgefjell. Og kvifor? Fordi det er ein nasjonalpark der, og det blir ikkje gitt tillatelse til meir tilrettelegging i ein nasjonalpark. Og det er jo poenget med den tilrettelegginga som er i Jotunheimen, kva kom først, DNT(og private aktørar) eller nasjonalparken?? Så kan vi gjerne diskutere om det ved opprettelsen av ein nasjonalpark burde fjernast all tilrettelegging som er der på det tidspunktet. Til slutt Morten: du veit at eg har eit nyansert syn på DNT, eg blir berre så provosert av bedrevitere som kjem med flåsete påstandar.
-
Ikkje einig i det heile. I din terminologi er kommersiell drift det samme som profitt eller avkastning. Kva slag avkastning er det ein idèell organisasjon skal ta hensyn til? Er det galt at ein sørger for å ha ei drift som går i balanse? At hyttedrifta gir rom for opprusting og vedlikehald? Eller at ein kan skape nokre få arbeidsplassar, det er vel til og med eit par i Ålesund tenkjer eg?
-
Dei er på ingen måte representative Camilla. Om det er 5 - 6 personar på Fjellforum som kjem med negative uttalelser og er i mot DNT, så talar vel DNT sine 200.000 medlemer sitt klare språk. DNT har gjennom snart 140 år lagt ned eit enormt arbeid for å fremme friluftslivet for folk flest. Det meste av arbeidet blir gjort på frivillig basis, og å hevde at organisasjonen har utspelt si rolle blir ganske latterlig.
-
Og i følge samme sida pågår fresing, så det blir nok opning før den 15. Meinar det er slik at samme ustyret vert brukt først til Gaularfjellet(opna til påske), så på Sognefjellet(opna sist torsdag) og til slutt på Årdal - Turtagrø. Det meste av veien er privat, berre det første stykket opp frå Årdal er fylkesvei.
-
Tøni: problemet med å gå frå vest om vinteren er ofte skavlen heilt på toppen, no var den ganske høg etter mykje nysnø og austavær siste tida. Morten: vi tar den til sommaren ein gang som fottur. Helga vart perfekt, med Brann - Vålerenga i kveld. Valgte ikkje å bli med på Sognefjellet med gjengen, det blei ikkje vær til toppforsøk for dei.
-
Fekk tilbud i går om å bli med, men hadde egentlig tenkt på andre gjeremål. Men då eg stod opp kl 7, og himmelen var blå, var det berre å sende melding om å bli henta. Kl 9 var vi klare til avmarsj frå Sæle i Bygstad, ein kortare variant enn "normalveien". Skiene måtte berast til over skoggrensa, ca 20 min. Så var det berre å få på fellene og legge i vei. Sola hadde alt fått tak i den første stigninga, men snart vart det fast og fint underlag. Bra stigning opp mot Marifjellet, før det flatar ut nordover mot Heilevangstaurane. Ny stigning opp her, før vi kom opp på sjølve ryggen som fører utover mot toppen. Litt opp og ned, så er vi ute på den smale egga, med 300 m under skavlen på nordsida, ned på Blåfonna, og 700 m skrånande ned på sørsida. Men i dag var det godt feste i den akkurat passe faste snøen. Oppe på toppen viste varden at det nok er mindre snø enn vanleg, sjølv om det har komme mykje i løpet av april. Nista vart inntatt i ly av varden, mens det berre var å nyte den flotte utsikta. Etter 15 min var det imidlertid slutt, då auka vinden på og eit skikkeleg rennefok gjorde det utriveleg akkurat på toppen. Så då var det berre å gje seg i kast med returen, som nok gjekk på atskilleg meir råten snø, etter kvart som det minka på høgdemeterane.
-
Og når du omtalar meg som Jarle, lenger oppe, så er det fordi du ikkje heilt har komme ned på bakken enda?
-
Sognefjellsvegen skal opne til helga har vegvesenet sagt, så eg reknar med dei vil gå omtrent den ruta du gjekk i fjor, uten at det har vore diskutert.
-
Du fekk no med ein del akjektiv allikevel då Erik, berre topp det. Praktfulle bilder frå begge to, men kanskje på tide å investere i gps slik at navigeringa går lettare i mørket?? På bildet frå Hurrungane, blir det Gjertvasstind som ligg rett i mot, til høgre for Storen? Ein gjeng her som har tenkt å gå den til helga frå Sognefjellet. Litt fristande å bli med, men er litt skeptisk etter all snøen som har komme lenger vest dei siste vekene.
-
Med base i Sogndal er det ei mengde med turmål som kan nåast med 1 times køyring. Reknar med at Sognefjellsvegen er open til Turtagrø, og då er Store Soleibotntind og Dyrhaugsryggen innan rekkevidde. Sognefjellet med Fanaråken eller Steindalsnosi går greit. Vidare vestover ligg Fortunsdalen og Mørkrisdalen med masse moglegheiter. Oppover Jostedalen er Vangsen eit fint mål, eller ein kan komm innover mot Jostedalsbreen. Nermaste turmåla kan vere frå skianlegget på Hodlekvè i Sogndalsdalen, vestover fjella mellom Leikanger og Sogndalsdalen. Toppunktet på Gunvordalsbreen på 1604 moh, og muligheit til å fortsette innover mot Steindalsbreen. Også til skianlegget Heggemyrane i Hafslo er kort køyring, her kan ein gå til Asbjørnsnosi på 1610 moh. Ellers har Jølster fine toppar, frå Dvergsdalen mot Grovabreen eller Olahansfjellet. Litt lenger køyring til Stardalen, med Snønipa frå Haugadalen, eller Bjørga frå Befringstølen. Her kan ein òg gå opp Kvannebakknova og inn på Jostedalsbreen til f.eks Supphellenipa. Ellers er det unormalt lite snø her i fylket i vinter, og etter fleire veker med kaldt vær og lite nedbør, er det hardt og mykje avblåst i høgda. Men med 3 veker igjen til påske kan det no forandre seg litt. Dette var berre nokre av alle dei mulighetene som finst i Sogn
-
Kvar i Sogn har du tenkt å tilbringe påska? Det kan no vere greit å vite, om du skal få turtips. Kandalen som Pelle føresler ligg no i Nordfjord, det er no kanskje litt unødvendig å køyre så langt for å finne fine turmål.
-
Heisann Nils. Eg la heller ikkje merke til at du hadde svart i går.
-
Du er nok i Skjåk, og veien går vestover mot Strynefjellet. Nedanfor Grotli er det fleire tidlegare stølsområder med hytter og campingplass. Ein av dei er Nysætre.
-
Av kartet går det fram at det er regulert med 28 m, og demninga ser du på vestsida av Nyhellervatnet. Regulerte vatten er alltid risikabelt å bevege seg utpå om våren. Når vatnet blir tappa ned, vert isen spesielt usikker langs land.
-
Hvorfor er ikke Jotunheimen nasjonalpark større???
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det var nettop dette som var mitt poeng òg, at dette nærdemokratiet som Svein snakkar så sterkt om ikkje er i stand til å sjå heilheita i naturforvaltninga. Det er vel like mykje demokrati om dei folkevalde overlet til eit direktorat å ha siste ordet. Her i fylket har dette med småkraftverk teke heilt av, og dersom alt som NVE har kartlagt som drivverdig vert utbygd, vert det nesten ikkje fossar igjen. Men for ein gong skuld kan eg sei meg einig med Svein: at Vestlandet gror igjen er det ikkje tvil om, og det finst det fleire undersøkingar som støttar. Gjende nemner mildare klima og sur nedbør, og det er rett, men ein anna viktig grunn er midre beiting av husdyr, og at utmarksområda vert mindre utnytta i dag enn tidlegare. Så å sei at vi bør legge ned heile landbruket er eit hån mot oss som bur på bygdene, og likar å sjå eit levande landbruk rundt oss. Det gjeld heller ikkje berre arbeidsplassane i landbruket, for kvar som arbeider der, er det fleire som er sysselsett i tilgrensa næringar. -
Hvorfor er ikke Jotunheimen nasjonalpark større???
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Dersom alle søknadane går igjennom blir det dei nermaste åra bygt ut ei rekke småkraftverk i Ørsta kommune. Ein del er avhengig av dei blir flytta frå kategori II til kategori I i Samla Plan, slik som Sætrefossen blei. Så langt har ikkje Ørsta kommune gått mot ein einaste av søknadane, og Sætrefossen var den mest kontroversielle iflg sakshandsaminga. Når du får skumma gjennom sakspapira vil du sjå at det var litt meir enn to naboprotestar, Svein, men det er slik som det ofte er i mindre bygder, ein vil helst ikkje komme på kant med naboane og held kjeft. Du har tidlegare sjølv ytra ønske om at fossen vart spart, fordi den er eit flott blikkfang i landskapet. Meiner du framleis at det er riktig ressursforvaltning av Ørsta kommune, å tillate alle utbyggingar, utan hensyn til forsvarleg naturforvaltning og hensyn til andre næringar i området, som turistnæringa?? -
Hvorfor er ikke Jotunheimen nasjonalpark større???
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
http://www.smp.no/default.asp?page=1024&item=585172,1〈=1 Her har NVE gått i mot kommunen og vil spare Sætrefossen, så kanskje det er fornuftig med eit overordna organ som vurderer utbyggingssakene Svein. Kommunane vil gjerne støtte grunneigarane, og tenkjer berre kortsiktig på næringsinntekter og med det auka skatteinntekter. -
Berre å bøye seg i støvet for Nils igjen altså. Når det det gjeld navnet har eg aldri høyrt noko anna enn Vangsen, og det er jo det som er brukt på Fjellluft òg, så eg meiner det er det som blir brukt i Jostedalen. Ved å søkje i Norgesglasset på Vangsen, så kjem det opp, men ikkje om det vert brukt o. Ser på kartet at det ser ut som ein o, men det må vere ein trykkleif.
-
Reknar med du meiner Vangsen, Nils. Men for ein gong skuld trur eg du har gått deg vill, utan at eg har noko betre svar. Det kan nok minne om Vangsen frå nordvest, men då ville du vore på sjølve Jostedalsbreen (vi såg den nok på turen vår i fjor). Frå Harbardsbreen trur eg ikkje Vangsen tek seg slik ut.
-
Heilt einig!
-
5-7 dagars turförslag med utgångspunkt önskas!
Agnar svarte på Viltfjäll sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Du skriv ikkje om du kjem med bil til Hemsedal, men i tilfelle kan du kjøre frå Tuv og inn Grøndalen. Veien er brøyta til Fuglehaugen. Om du vil gå på ski fra Tuv er det oppkjørte løyper på vestsida av elva heilt til Feten. Herfra kan du følge vegen inn til Fuglehaugen, og vidare i slakt terreng til Kljåen. Hytta er lite besøkt, så det går sikkert bra å ha hunden med her. Fin dagstur vidare til Sulebu, med ein del stigning innover dalen. No ser eg du har vært i Hemsedal i helga, så då har kanskje alt orientert deg litt. -
"Ungdommen nu til dags" og fysisk aktivitet
Agnar svarte på Erling sitt emne i Generelt om friluftsliv
Fortvil ikkje. Har fire som alle har blitt teke med på tur frå dei var ganske små. Min erfaring er at om dei misser interessa ein periode i tenåra, så kjem det igjen når dei blir vaksne. Så no har eg ein som gjerne vil på Storen til sommaren, og dei andre blir gjerne med oss på tur, eller dei går med venner. -
Då prøver eg meg på Haldorbu, nordvest for Liomsæter i Gausdal Vestfjell.