No skal det i utgangspunktet ikkje bli parkering for bilar/bussar ute i dagslyset, men i fjellhallar. Har snakka med ei kontakt høgt oppe i tunnellbransjen og han er og tvilande til prisen og sterkt skeptisk til prosjektet. Men er det slik at nesten 300 millionar kroner skal tjenast inn gjennom ei lita dør ut i det fri, der nokre personar går inn og ut? Kvar er volumet av turistar i Jølster som skal kunne forsvare dette? Planen er at det skal etablerast ei cruisekai på Sandane og at det skal skyssast turistar med buss til Jølser og opp til nasjonalparkgrensa. Denne cruisekaia er ikkje under bygging, det er i tillegg eit ønskje om slik kai på Nordfjordeid i tillegg til det alt godt etablerte annlegget i Olden. Kor mange crusiebåtkaier skal det være marked for i Nordfjorden?
Ja lat oss no seie at denne kaia blir bygd om nokre år, kanskje. Kor mange anløp blir det i løpet av sommaren? Det skal være parkeringsplass til 5 bussar før ein går ut på breen. 5 bussar!!! Desse cruisebåtane tar lett 2-3000 passasjerar og vi snakkar då om 40-60 bussar på kvar båt. Det er klart at det blir ikkje ei lita dør ut der ein kan sikke nasa ut og sjå breen, her må det noko større til skal ein får slike mengder med menneske til topps. Ein kan heller ikkje forvente at cruisebåtturistar skal snuble rundt i steinrøysa der i lakksko. her må det sjølvsagt leggast til rette! Kva med servicebygg? Toalett? Serveringsstader? Overnatting? Kva med Josten på langs med snøscooter? Ingenting forundrar meg lenger når det gjeld Gale-Mathiasprosjekt som dette.
Tverrfjellet er heller ingen topp, men ein rygg som stikk fram under breen. Her er ikkje gode eller sikre forhold for bratt skikjøyring. No skal Jølster Næringsforum til Chamonix for å studere turisme til våren. Ønskjer vi Chamonixtilstandar på nasjonalparkgrensa?