Hei!
Eg svergar sjølv til Helsport, men har latt meg freista til å kjøpa eit Naturehike Opalus 3. Opalus 3 heldt overraskande bra kvalitet. Eg har dog kun testa det ut på Hardangervidda i bris og lett regn sumarstid. Til telting det varmaste halvåret ville eg ikkje vore skeptisk, men eg tek det ikkje med på ekstremtur.
Pluss: Mykje telt for pengane. Naturehike kopierar skruppellaust frå kjende teltprodusentar og du finn igjen mange finessar frå langt dyrare telt.
Minus: Bunnduken er i tynnaste laget, men dette er kompansert til ein viss grad med at det føl med eigen footprint. Glidelåsane er ikkje noko å skryta av.