Hei
Var i Ruwenzori i januar 1994. Vi gjekk den vanlege ruta inn i området og brukte ein dag på å traversere toppane Alexandria, Margerita og Albert. Tilbake fulgte vi den vanlege vegen frå Margerita. Eg hadde fått tak i eit kart utarbeida av ein brite, sannsynlegvis Andrew Wielokowsky. Det var i målestokk 1:50000 med eit detaljert 1:25000 kart over det sentrale toppområdet. På omslaget / baksida stod det mykje nyttig info, mellom anna skildring av diverse klatreruter på fjella.
Eg kjøpte og ei bok i Kampala, trur ho heitte Mountains of the moon. Kan sjekke opp dersom det er interesserte. Dette var ei storformat bildebok med mykje artig historie frå området.
Eg veit og at Statskog i Norge har eit samarbeid med nasjonalparkmyndigheitene i Uganda. Det har vore noko utvekslingsavtaler mellom anna.
Noko heilt anna: Bildene av Alexandra, dei viste jo fjell med svært lite is og snø. Dette er dramatisk mykje mindre enn det vi hadde for 12 år sidan!? Men det har sikkert gått same vegen med breane i Ruwenzori som det har med dei på Mt Kenya og Kilimanjaro. Poster kanskje nokre bilder frå 1994-turen dersom eg hugsar det.
Når vi var der var det ein del bruer over elvene og mange av myrstrekningane var klopplagt. Har sett nokre bilder frå nyare tid, det kan sjå ut som m.a. bruene er borte. Stemmer dette, er det resultat av krigen på siste del av 90-talet???