Gå til innhold
  • Bli medlem

Sveinung

Aktiv medlem
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Sveinung

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Har lest mange interessante innlegg her. Forstår eg det rett at spørsmålet er om det går an å kome seg på Midtre Torfinstinden utan tau? Såkalt utan å klatre? Det går sikkert an å finne ein veg opp rennene, men det som iallefall går an er å lure seg ned frå Austre og så klyve den vanlege eggen opp på Midtre. Eg kjenner fleire som har gjort dette, mellom anna tinderanglaren framfor nokon, Olav Skattebu. Løysninga er å leite litt fram og tilbake på Austre, så finn ein ein veg som fører ned utan at det blir alt for vanskeleg. Trur ein må ned i sørsida, altså avvike litt frå eggen. Vidare bortover til Vestre er det meir utfordrande å kome seg utan tau, men dette er sjølvsagt også gjort......
  2. Sveinung

    Isklatring.no

    Vi har lagt ut ein del ny info på Isklatring.no i vinter. Ny foss nær Nes i Ådal og ein del nytt i nærleiken av Beitostølen. Issesongen er på hell, men no ligg det no der. Av andre nye saker har vi ein ny bildevisar og dessutan eit nytt lite klatrefelt like ved Fagernes. Vi arbeider litt med isklatrehistoria i Valdres. Vi har fått ein del nøkkelpersonar i tale, men dersom nokon der ute kjenner til førstebestigningar på is i Valdres må de gjerne seie frå! Kontaktadresser finn de på nettsida.
  3. Vi har jo lagt ut litt fjellklatring også på isklatring.no, men det er jo det med tida og slikt, så det gjenstår ein del. Rett sør for bagn, ca 1 km nord for "Bagn bygdesamling" ligg eit forholdsvis bra trad-/sportsklatrefelt: Leiteberget. Dette feltet er på ein måte begningar og reinlingar sin vesle hemmelegheit. Det er ein del halvvanskelege ruter her, frå loddrett til overhengande. Ulempa med feltet er at de ligg veldig nærme E16, så det kan vere mykje bråk her. Bur du i Valdres er det vel verd å sjekke ut! Vidare rundt omkring frå Bagn og sørover er det mange andre halvbratte veggar som heilt sikkert er interessante dersom ein har tid, energi og drill..... sveinung
  4. Tyskerplassen i Leirungsdalen ligg litt off route i høve til opplegget ditt. Men det er kurrante teltplassar i Svartdalen ved det øvre vatnet. Forsto ikkje heilt opplegget ditt, men tenker du å dra på telt m.m. på ryggtraversane?? Det gjev vel større fridom og lykkekjensle å etablere ein camp også gå turane med lett opppakning? Når det gjeld bre meiner eg bestemt at korkje Svartdalspiggane til Mesmogtind / Kvitskarstind eller Austre Leirungstind til Skarvflyløyftindane innebær parti med bre. Men muleg eg hugsar feil...
  5. Hei Var i Ruwenzori i januar 1994. Vi gjekk den vanlege ruta inn i området og brukte ein dag på å traversere toppane Alexandria, Margerita og Albert. Tilbake fulgte vi den vanlege vegen frå Margerita. Eg hadde fått tak i eit kart utarbeida av ein brite, sannsynlegvis Andrew Wielokowsky. Det var i målestokk 1:50000 med eit detaljert 1:25000 kart over det sentrale toppområdet. På omslaget / baksida stod det mykje nyttig info, mellom anna skildring av diverse klatreruter på fjella. Eg kjøpte og ei bok i Kampala, trur ho heitte Mountains of the moon. Kan sjekke opp dersom det er interesserte. Dette var ei storformat bildebok med mykje artig historie frå området. Eg veit og at Statskog i Norge har eit samarbeid med nasjonalparkmyndigheitene i Uganda. Det har vore noko utvekslingsavtaler mellom anna. Noko heilt anna: Bildene av Alexandra, dei viste jo fjell med svært lite is og snø. Dette er dramatisk mykje mindre enn det vi hadde for 12 år sidan!? Men det har sikkert gått same vegen med breane i Ruwenzori som det har med dei på Mt Kenya og Kilimanjaro. Poster kanskje nokre bilder frå 1994-turen dersom eg hugsar det. Når vi var der var det ein del bruer over elvene og mange av myrstrekningane var klopplagt. Har sett nokre bilder frå nyare tid, det kan sjå ut som m.a. bruene er borte. Stemmer dette, er det resultat av krigen på siste del av 90-talet???
  6. Sikkert litt seint svar det her, men vi har lagt ut info om litt klippeklatring i Valdres på www.isklatring.no. www.fjellleik.no har og ein del informasjon ute.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.