Gå til innhold
  • Bli medlem

gunner

Aktiv medlem
  • Innlegg

    9
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om gunner

  1. Den 26. juni 2009 gjekk eg frå Leirvassbu til Olavsbu over Rauddalstindane. Det var til dels djup snø, og eg angra litt på at skia stod igjen heime. Derfor tok eg skia på sekken nøyaktig eit år seinare og la i veg sørover frå Leirvassbu i 12-tida laurdag 26. juni. Eg var klar over at det var mindre snø i år, men like før det høgste punktet på Høgvaglen, låg snøfonna fast og fin, og skia kom på. Men gleda varte ikkje lenge. Etter to hundre meter gjekk terrenget nedover igjen, og skiføret tok slutt like plutseleg som det starta. Eg vurderte å setje skia igjen, men hugsa på dei djupe fotspora mine ned frå Store Rauddalstinden i fjor og valde å gå vidare med skia på sekken. Det angra eg ikkje på, for etter ein god times fottur, starta oppstigninga mot Skarddalstinden, og eg kunne ta på skia igjen på ei lang snøfonn 1500 m o.h. Yr.no hadde meldt blå himmel ut på ettermiddagen, men godveret let vente på seg. Skodda låg enno tungt rundt toppen og det var små regndropar i lufta, så det var ingen grunn til hastverk. Eg tok ein pause og såg tilbake over Høgvagltjørnin og den spisse toppen på Kyrkja i bakgrunnen. Det var ingen turistar å sjå på heile strekninga. I fjor kom eg frå Olavsbu og gjekk eg opp ryggen frå sørvest, men med skiutstyr er det lettare å runde over til nordsida litt før toppen av snøfonna på omtrent 1800 m. Etter hundre meter til fots var det igjen brukbare forhold, og eg kom lett opp til høgde 1899 nord for toppen og kunne sjå over mot Skarddalseggje som enno låg innpakka i skodda. Men det vart heldigvis ikkje lenge. Etter ei rask veksling mellom fleire årstider med yr, sludd og hagl, braut sola endeleg igjennom eit tunt skydekke, og vinden jag bort den siste resten av skodde i det eg nådde toppen av Skarddalstinden på 2100 m. Herifrå er det ein grei tur ned til skardet mot Skarddalseggje, men eg var litt usikker på den bratte eggja opp på austsida. I boka "Norges fjelltopper over 2000 meter" er denne markert med ein raud trekant, det vil seie klatring litt over mitt nivå. I fjor måtte eg snu under Store Rauddalseggje som har ei tilsvarande markering på kartet. Men det var ingen grunn til bekymring. Det ligg rett nok ein hammar midt på ryggen, men det går breie hylleformasjonar ut i sørsida slik at det er enkelt å kome forbi og opp på ryggen igjen bak hammaren. Med ski og sekk parkert i skardet, gjekk 150 m stigning lett unna, og eg hadde snart toppen i sikte. No var all skodda borte og eg fekk ei fantastisk utsikt til det mange kjende 2000-toppar med Bukkehøe og Galdhøpiggen i nord, Gjendealpane i sør og Hurrungane i vest. For ein fantastisk dag. Full klaff med ver og skiføre til slutt! Returen gjekk frå skardet mellom toppane over breen mot høgde 1899. Med unntak av ryggen over mot snøfonna på vestdsida, vart eg gledeleg overaska over at det var skiføre nesten heilt ned til eit par hundre meter ovanfor Olavsbu. Søndagen vakna eg til sol frå blå himmel. Eg starta i 4 plussgrader ved hytta, men nattefrosten hadde gjort snøen fast og fin. Dermed var det liten risiko å krysse tvers over breen i 1700 meters høgde på nordsida av Store Rauddalseggje sjølv om det låg igjen ein del snø på svaberga oppe under toppen. På ski er dette ei lett og rask rute opp til skardet mellom Store og Midtre, men ferske spor av ettermiddagsskred med snø og stein, gjorde sitt til at eg valde ei anna rute på turen tilbake. Som dagen før parkerte eg ski og sekk i skardet og tok ein rask tur opp på Midtre på 2016 m. Det gjekk også greitt opp til Store Rauddalseggje, men litt tyngre på slutten på grunn av djup snø med liten bæreevne. Returen gjekk på ski nedover breen heilt til botnen av Skarddalen og opp til høgde 1604 og over snøskavlen på nordsida av 1812. Herifrå var det delvis skiføre nordover forbi Rauddalsbandet. Men til slutt vart det så mange stopp for å ta skia av og på at eg like godt tok skia på sekken igjen og tok DNT-ruta tilbake mot Leirvassbu.
  2. Fotoet mitt frå Kvitskardtinden viser at det ligg ei bratt snøfonn under Langedalstinden. Dette ser ikkje ut som ein levande isbre med sprekker. Det er sikkert blåis under snøen og ekstra glatt dersom det kjem litt nysnø, men det bør ikkje by på store problem å ta seg over til Midtre og Søre Langedalstinden med stegjern. Det kan også tenkjast at det er passasje i i nedre kant av snøfonna, men med stup og bratte svaberg på nedsida, vil eg ikkje satse på at dette er så enkelt. For å vere sikker på å unngå brevandring, ville eg ha rappelert ned ryggen frå Langedalstinden. Dette er sannsynlegvis den raskaste ruta sørover.
  3. Hei Bjarne, dette stemmer bra med ruta mi. Den øvste ryggen vart altforfor bratt for meg, men det skal finnast ein hylleformasjon rundt grad 3 litt til venstre for ryggen. Eg leita litt etter denne, men fann ingen enkel veg til topps! Dermed kom eg opp i fleire bratte hamrar som måtte passerast mot vest. Det er nok fornuftig å ta av litt tidlegare frå søreggja og sikte omtrent midt på ryggen opp frå skardet mot Langedalstinden. Denne ryggen er enkel! Til John: Det er lite igjen av breen på sørsida. Men så seint på sommaren kan det vere greitt med stegjern.
  4. Eg brukte over 15 timar frå Torfinnsbu til Gjendebu i fjor via Torfinnstindane, Kvitskardtinden og Mesmogtinden. I motsett retning tippar eg ca. 4 - 5 timar frå Gjendebu fram til søre Svartdalspiggen og 3 - 5 timar vidare til Torfinnsbu via Langedalen. Sørvestryggen ned frå Søre er markert med ein gul trekant på kartet i "Norges Fjelltopper over 2000 m". Det byr som regel ikkje på problem, men det er greitt å ha med ein taustubb. Turrapporten min finn du her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17277&start=0&postdays=0&postorder=asc&highlight= '> https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17277&start=0&postdays=0&postorder=asc&highlight=
  5. Rapporten din viser at eg gjorde rett i å snu sjølv om eg hadde med tau i sekken. Etter eit par hundre toppar har eg endeleg lært at det kan vere vanskeleg å lage eit sikkert rapellfeste når ein blir ståande fast åleine midt i ein hammar! Det er ingen skam å snu!
  6. Etter daglege varsel om regnbyer heile veka, kom endeleg det etterlengta varselet om godt ver for denne søndagen, og den planlagde todagarsturen til toppane nord for Glittertinden vart i all hast endra til dagstur. Klokka vart halv ti før eg kom meg i veg frå brua ved Smiugjelsøygarden i Visdalen 800 m o.h. Etter 700 tunge høgdemeter, var godt å kome opp på Gokkeroksle og flatare terreng. Skydekket låg framleis ned mot 1800 m sjølv om både Yr og Storm hadde lova sol frå klokka 12 på Spiterstulen og Glitterheim! Tre timar etter start gjekk sikten gradvis mot null, og terrenget vart så flatt at det var uråd å sjå om det gjekk opp eller ned! GPS-en har vore med i sekken i mange år, men aldri vore i praktisk bruk. No fekk eg endeleg sjansen til ein blindtest. Resultatet viste at målet låg berre 40 meter unna, og etter fem meter rask framrykking, stabiliserte nåla seg i 90 graders vinkel mot høgre, og straks etter dukka trigpunktet på nordre Trollsteinhøe fram av skoddehavet. Med gammaldags kompasskurs hadde eg neppe funne toppen denne dagen! Vidare mot det austre topp-punktet, er det omtrent 150 m ned i eit lite skard etter vel ein km, og deretter berre 40 m stigning, så denne toppen kravde lite energi. Så vart kursen sett mot sørvest mot Søre Trollsteinhøe og Gråhøe. På veg mellom desse toppane letta skydekket nok til at eg fekk god utsikt mot sør og aust og kunne studere ruta for resten av dagen. Sjå kart over toppane her (med litt andre ruter): http://www.bergtatt.net/topper/kart/omr2/trollsteineggi.htm Etter Gråhøe er det 300 negative høgdemeter ned til Svartholsglupen. Der måtte eg vente på ein flokk reinsdyr på veg vestover. Eg høyrde dei typiske snorkelydane lenge før eg såg dyra. Utruleg kor godt desse dyra er tilpassa fargane på steinen i bakgrunnen. To dyr var heilt kvite og kunne lett forvekslast med eit par små snøklattar! Det er fantastisk moro å studere kor lett dyra tek seg fram både på snø og stein, og når dette kan kombinerast med ein velfortent matpause er det ekstra kjekt å gå på tur! Etter Svartholshøe og Trollsteinrundhøe, var det på med stegjern for ein kjapp avstikkar over til Grjotbreahesten. Planen var å krysse heile breen og gå opp ryggen til Austre Glittertinoksle, men dette ville ha medført ein usikker retur ned over ei sone med store tverrsprekker i den brattaste delen av breen mellom Glittertindoksle og Glittertinden. Derfor valde eg å gå opp breen for å sjekke om det var mogleg å kome over sprekkene. Det viste seg at det meste av sprekkeområdet var fritt for snø og enkelt å kome over med litt kryssing fram og tilbake. Men under snøen på oppsida er det fleire mindre sprekker som kan vere skumle nok for den som har det travelt. Isøks er eit absolutt krav for sikker kryssing av breen her! Skodda la seg langt nedover Glittertinden igjen, og toppturen vart droppa (eller var eg berre litt sliten? Ja, eg var nok det!). No stod Trollsteineggje for tur, ein kvass rygg, men ein enkel og grei tur nordover til Dronningje. Den reknar eg som ein sjølvstendig topp sjølv om primærfaktoren er knapt 20 meter. Rekkjefølgje: Trollsteinhøin nordre-austre-søre, Gråhøe, Svartholshøe (nord for Trollsteinrundhøe), Trollsteinrundhøe, Grjotbreahesten, Austre Glittertindoksle, Trollsteineggje, Dronningje. Med unntak av høgdetapet på 300 m mellom Gråhøe og Svartholshøe, er dette toppar med relativt små høgdedifferansar, men likevel ein nokså tung tur på 12 timar. Ved å velje Glitterheim som endepunkt og gå Trollsteineggje mot sør i staden for å gå opp Grjotbreen, kan nok tida reduserast med minst ein time. I nysnøen mellom austre og nordre Trollsteinhøe var det relativt ferske fotspor, men på toppane sør for Trollsteinrundhøe var det ingen spor etter andre turgåarar denne dagen. Det ser ut til at dette er nokre av dei minst besøkte toppane i Jotunheimen sjølv om dei næraste ligg mindre enn ein kilometer frå den populære turistruta over Glittertinden! Obs: Bileta ligg i baklengs rekkjefølgje!
  7. Turrapportar er nyttige ved planlegging av lange turar. Spesielt er det nyttig å studere bilete av vanskelege parti for å vurdere kva utstyr som trengst og om det bør veljast ei enklare rute til toppen. I mange tilfelle blir det også spørsmål om å gå fram og tilbake same veg eller over og ned på den andre og ofte litt ukjende sida. No har eg sortert bileta mine frå to av dei lengste turane mine i fjor og skrive eit par turrapportar til nytte for andre som samlar på toppar litt utanfor allfarveg. Den fyrste turen gjekk frå Spiterstulen over Store Memurutinden til Surtningssue og vidare over Veotindane til Glitterheim. Dette var planlagt som ein skitur, men det vart nokre lange ryggtraversar med ski på sekken! Den flotte utsikten mot Gjendealpane gav meg lyst til å prøve den lange ryggtraversen mellom Bygdin og Gjende på vestsida av Svartdalen med ti toppar over 2000 m. For dei som vil ta denne turen, kan det vere lurt å ta litt kortare pausar tidleg på dagen. For meg vart det lang dags ferd mot natt! '> http://www.lotsberg.net/Fjell/Surtningssue.htm Den flotte utsikten mot Gjendealpane gav meg lyst til å prøve den lange ryggtraversen mellom Bygdin og Gjende på vestsida av Svartdalen med ti toppar over 2000 m. For dei som vil ta denne turen, kan det vere lurt å ta litt kortare pausar tidleg på dagen. For meg vart det lang dags ferd mot natt! http://www.lotsberg.net/Fjell/Torfinnsryggen.htm
  8. Denne helga kom sommaren for fullt med 30 graders varme i låglandet og over 20 grader på fjellet. Det gav ideelle forhold for å samle nye toppar. Eg har lagt ut bilete og kommentar frå ein tre dagars tur her: http://www.lotsberg.net/Fjell/Olavsbu_26-28_juni_2009.htm
  9. Det var moro å gjenoppleve den fantastiske turen eg hadde for to år sidan. Etter ein grei tur over Sentraltind og Styggedalstyggen året før, mangla eg berre Maradalstindane av toppane i Hurrungane og trudde dette var ein grei dagstur frå Turtagrø. Eg hadde gode forhold heile vegen, men valde nok ein svatravers litt for høgt oppe i sørsida av toppen og surra fælt før eg kom inn på ryggen i toppen av Maradalsbreen. Deretter gjekk det greitt, men eg hadde lite lyst å returnere same vegen. Dermed gjekk turen vidare mot Sentraltind. I sørsida av Sentraltind er det eit par bratte svaberg som sannsynlegvis er svært vanskelege å forsere i fuktig ver. Denne dagen var det ideelle forhold i sørhellinga og ingen problem opp til toppen. I nordsida av Storen låg det derimot nysnø og eg valde den enklaste returen via ryggen nordover. Dette er ein grei tur for den som går åleine. I motsett retning ville eg nok ha fått problem i V-skardet og ville neppe ha kome meg forbi Halls hammar utan hjelp. Det vart over 14 timar på tur, men mange bonustoppar og ei svært minnerik oppleving.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.