Gå til innhold
  • Bli medlem

Tora

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    18
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. Tora

    Norrøna

    Nokon som har erfaring med archwall-jakka til norrøna? Pønskar litt på den...
  2. Til Tom : eg HAR registrert meg...det er berre at eg aldri gidd skrive inn passordet... Og du kan bli med meg på Austabotntind når det skulle vere. Eg lurer faktisk på om eg skal ta min første vinterbestigning der i år. Lyst til å vere med? Og slik at det er sagt: eg blir ikkje bitter av slikt preik, berre litt lei. Overalt der eg kjem i Jotunheimen, får eg kommentarar frå mannfolk om at jenter er eit sjeldan syn på toppane og slikt. Greit nok, men eg treng ikkje bli det fortalt til ei kvar tid. Som om det ikkje er nok at eg må halde ut i eit mannsdominert miljø frå før av, så skal
  3. Hei folkens! Eg oppheld meg for tida i ei hytte i Sletterust-området i Jotunheimen (Tyin). Kjærasten min har øydelagt kneet sitt, og alle klatrekompisane mine er stuck i byen. Men eg vil jo på tur!! Eg ønskjer difor gode forslag på toppturar de kan anbefale sjølv om eg må gå åleine. Eg er fjellvant og klatrevant, og sannsynlegvis meir uredd enn eg har godt av... Eg har vore på Stølsmaradalstind, Koldedalstind og Hjelledalstind åleine til no. Korleis er til dømes Knutholstind? Eller Midtmaradalsryggen? Tjollahopp frå Tora (rastlaus og med dårleg fantasi)
  4. Eg ramla av den diskusjonen her for fleire veker sidan, og kan ikkje akkurat seie eg ser at innlegga har blitt meir saklege sidan den gong. Og så blir eg rett og slett litt forvirra...for var det ikkje fleire her inne på forum som uttrykte at dei sakna jenter i fjellet? Og at dei jentene som fann vegen til fjells, berre var jente-jenter som heldt seg nede i dalane og i hyttene? Kvifor har diskusjonen då snudd til å dreie seg om at jenter må slutte å vere så tøffe og bli meir kvinnelege? Eg for min del ser ingen motsetnad mellom det å vere kvinneleg og å ha høgfjellsklatring etc som intere
  5. Då har du forstått meg heilt korrekt, Lyngve Tora
  6. Eg kunne ikkje vore meir samd, Lina Det er slike menn me vil ha! Kven gidd å dra på ein "dodd" i fjellet? Det er jo berre pinlig dersom ein møter på andre skikkelege fjellfolk... Så her er oppskrifta karar: litt ny sveitte, tredagers-skjegg, rufsete sveis, "klatrenevar" og ducktape...så kjem jenta på kroken Tora
  7. Hm, for ein gongs skuld er eg ikkje rykande usamd med Tom Eg vil nok ikkje byrje gå i dongeri i fjellet sjølv - eg har så mange andre, gamle bukser eg kan dra på meg i staden, MEN det er heilt usant at bomull ikkje eignar seg i fjellet. På vinteren er det ingenting som er betre enn den tradisjonelle bomullsdressen. Det er berre å impregnere den godt. Goretex blir berre stivt og ekkelt og knirkar...så om ein då td er på jakt, kan ein gi opp å snike seg inn på noko som helst Om somaren kan bomull vere eit problem dersom ein blir veldig sveitt...men er det såååå varmt, så går ein jo i shor
  8. Hei og hopp En ung vandrers drømmerier veit eg er å få kjøpt på mao.no til ein billig penge. Søk på forfattaren, for den kjem i engelsk utgåve (og eg kjem ikkje på korrekt oversetjing i skrivande stund). Men eg blir ikkje overraska om boka er å få tak i på biblioteket. Forfattaren er jo ein av dei "store" tenkjarane våre:) God lesing! Tora
  9. Kult med ein tråd på bokanbefalingar:) Eg vil på det varmaste anbefale Spinoza sin etikk + naturfilosofien hans. For dei som ikkje vil gi seg direkte i kast med hans "Ethica", kan eg anbefale Arne Næss si innføring i Spinoza sin filosofi. Dette er ein filosof eg set høgt grunna hans syn på natur og mennesket i naturen, og etter to år som ivrig lesar er eg på grensa til å kunne kalle "Spinozist" Elles kan eg anbefale Rousseau sin "En ung vandrers drømmerier" -dette er obligatorisk "fjell-litteratur". Kunne vidare snakka om Zappfe i denne samanhengen, men han trur eg dei fleste her in
  10. Hei folkens... ...den debatten her har jo sklidd heilt ut. Men det er med glede eg registrerer at dei fleste som deltek, deltek med innlegg som går mot Tom sine synspunkt. Eg tykkjer forøvrig du framstiller deg sjølv som veldig usympatisk og lite tolerant Tom. Ikkje akkurat hyggeleg å kalle ei vakker jente for bole-bitch. Reknar med det er i "kampens hete", men dersom du tykkjer den sunne, flotte jenta der ser bola ut, så har du tydelegvis aldri sett verkelege bolejenter. Men kvar sin smak...personleg føretrekk eg menn som ikkje har ein ferdigtenkt filosofi om korleis eg som kv
  11. Hei alle Oi, her har debatten om fjelljenter sanneleg tatt ein litt uventa retning. Frå fortvila rop om kvar me "gøymer" oss, til at kvinner sanneleg ikkje bør prøve å klatre like hardt som gutane - då blir dei usexy. Eg har ingen planar om å motstride Tom sitt innlegg. Det syner berre at han har eit litt trangare syn på dikotomien kvinne / mann enn dei fleste menn av i dag heldigvis har. Mi oppleving som "adrenalinsøkande" klatrejente, er nemleg at menn i fjellsportmiljøet generelt er samde med Reidar. Men eg vil sei ein ting: sjølv om eg klatrar ruter som kjærasten min har
  12. Morten: du kan gå inn på Steepstone om du vil engasjere deg i debatten kring Everest som prestasjon eller ikkje. Greit nok at Everest er kommersialisert i våre dagar, men eg tykkjer det er litt jante å ikkje gi folk kred for å slite seg til topps likevel. Everest inneber så mykje anna av utfordringar, enn berre akkurat klatreprestasjon. Alle høge toppar gjer det. Eg gir all mogleg kred til både Randi og Cecilie. Ein slik ekspedisjon som dei har lagt bak seg no, krever mykje av hardt arbeid, dedikasjon, egoisme, ei førebuing mht dødsrisiko, høg smertegrense, evna til å gjere alt for å nå
  13. Sånn Morten, eg er inne Og nei, nei, nei...eg meinte ikkje å legge meg ut på (klatre-)marknaden her Er godt nøgd med karen eg har! Eg prøvde berre å trøyste dei karane her inne som påpeiker at alle fjelljentene dei likar allereie har kjærast....det er jo lov å prøve seg likevel, er det ikkje? Vel, løkk med dåkk! Tora
  14. Var i Jotunheimen i helga...og me nytta truger...det funka veldig bra! Men noko skiføre å skryte av er det foreløpig ikkje...men eg trur det ventar like om hjørnet:) Tora
  15. Eg har høyrt denne diskusjonen før...det er veldig tabubelagt å ta med seg teknologiske dippeduttar frå kvardagen inn i fjellet...og personleg har eg aldri tenkt tanken, sett vekk frå ein gong. Eg skulle gå frå Årdal opp Midtmaradalen til bandet, for å treffe ein kamerat der. Eg kom meg avgarde seint på ettermiddag, og planen var å ta natta åleine i Midtmaradalen. Eg hadde akkurat vore på ein fantastisk Mahler-konsert med Oslo-filharmonien, og fekk med eitt ein idè om å ta med Mahlers 3. symfoni, som vert rekna som natursymfonien hans. Vel oppe i Midtmaradalen, med teltet oppe og kveldsm
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.