Gå til innhold
  • Bli medlem

Tora

Aktiv medlem
  • Innlegg

    18
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Tora

  1. Tora

    Norrøna

    Nokon som har erfaring med archwall-jakka til norrøna? Pønskar litt på den...
  2. Til Tom : eg HAR registrert meg...det er berre at eg aldri gidd skrive inn passordet... Og du kan bli med meg på Austabotntind når det skulle vere. Eg lurer faktisk på om eg skal ta min første vinterbestigning der i år. Lyst til å vere med? Og slik at det er sagt: eg blir ikkje bitter av slikt preik, berre litt lei. Overalt der eg kjem i Jotunheimen, får eg kommentarar frå mannfolk om at jenter er eit sjeldan syn på toppane og slikt. Greit nok, men eg treng ikkje bli det fortalt til ei kvar tid. Som om det ikkje er nok at eg må halde ut i eit mannsdominert miljø frå før av, så skal eg bli minna på det heile tida? Vel, nok snikksnakk T
  3. Hei folkens! Eg oppheld meg for tida i ei hytte i Sletterust-området i Jotunheimen (Tyin). Kjærasten min har øydelagt kneet sitt, og alle klatrekompisane mine er stuck i byen. Men eg vil jo på tur!! Eg ønskjer difor gode forslag på toppturar de kan anbefale sjølv om eg må gå åleine. Eg er fjellvant og klatrevant, og sannsynlegvis meir uredd enn eg har godt av... Eg har vore på Stølsmaradalstind, Koldedalstind og Hjelledalstind åleine til no. Korleis er til dømes Knutholstind? Eller Midtmaradalsryggen? Tjollahopp frå Tora (rastlaus og med dårleg fantasi)
  4. Eg ramla av den diskusjonen her for fleire veker sidan, og kan ikkje akkurat seie eg ser at innlegga har blitt meir saklege sidan den gong. Og så blir eg rett og slett litt forvirra...for var det ikkje fleire her inne på forum som uttrykte at dei sakna jenter i fjellet? Og at dei jentene som fann vegen til fjells, berre var jente-jenter som heldt seg nede i dalane og i hyttene? Kvifor har diskusjonen då snudd til å dreie seg om at jenter må slutte å vere så tøffe og bli meir kvinnelege? Eg for min del ser ingen motsetnad mellom det å vere kvinneleg og å ha høgfjellsklatring etc som interesser. Greit nok, akkurat når eg er i fjellet og i klatreveggen, så drit eg i mascara, parfyme og høge hælar, men vel nede på den urbane landjorda, tek eg vare på "femininiteten" min. Det er mogleg eg er "tøffare" enn andre jenter grunna interessene mine, og kan hende gjer dette at eg ikkje tek i mot tull frå kven som helst. Men er ikkje dei fleste oppegåande kvinner med ei viss sjølvkjensle slik? Eg synest ikkje eg ser ein samanheng mellom å nå toppen av Everest og å ha bein i nasen blant unge (flotte) jenter i dag... Og når det gjeld tipset om å sjå utanfor landegrensene etter meir kvinnelege jenter: dersom de følgjer med i diverse tidsskrifter på temaet, så er det registrert ei klar utvikling mot liknande tendensar i andre europeiske land. Jenter utdannar seg, og ønskjet om "frigjering" frå tradisjonelle roller kjem som ei naturleg følgje. I Spania og Italia opplever dei til dømes ei trugande barnløyse i dei største byane. Grunnen til dette skal visst vere fødselsnekt blant dei unge kvinnene. Eg las ein reportasje på dette, der nokre unge kvinner uttala seg om kva dei trudde var årsakene til dette. Problemet slik dei såg det, var at italienske og spanske menn forventa at dei skulle tre inn i dei same rollane som mødrene sine. Men kvifor skulle dei vere interessert i det? Desse kvinnene var utdanna og orka ikkje bry seg med menn på 30 år som ikkje ein gong hadde flytta ut heimefrå. Eg trur dette er noko å tenkje over...det er ikkje norske (eller skandinaviske) kvinner som er for tøffe, det er rett og slett berre det at me har kome litt lenger her nord enn andre stader. Denne utviklinga skjer i alle vestlege land...slik er det berre. Men for all del: de kan jo sjekke damer i Thailand då.... Tora
  5. Då har du forstått meg heilt korrekt, Lyngve Tora
  6. Eg kunne ikkje vore meir samd, Lina Det er slike menn me vil ha! Kven gidd å dra på ein "dodd" i fjellet? Det er jo berre pinlig dersom ein møter på andre skikkelege fjellfolk... Så her er oppskrifta karar: litt ny sveitte, tredagers-skjegg, rufsete sveis, "klatrenevar" og ducktape...så kjem jenta på kroken Tora
  7. Hm, for ein gongs skuld er eg ikkje rykande usamd med Tom Eg vil nok ikkje byrje gå i dongeri i fjellet sjølv - eg har så mange andre, gamle bukser eg kan dra på meg i staden, MEN det er heilt usant at bomull ikkje eignar seg i fjellet. På vinteren er det ingenting som er betre enn den tradisjonelle bomullsdressen. Det er berre å impregnere den godt. Goretex blir berre stivt og ekkelt og knirkar...så om ein då td er på jakt, kan ein gi opp å snike seg inn på noko som helst Om somaren kan bomull vere eit problem dersom ein blir veldig sveitt...men er det såååå varmt, så går ein jo i shorts og bikinitopp uansett Det ER for mye jåleri i fjellet (eg jobba tidlegare i sportsbutikk). Folk som er i fjellet èi helg i året, finn jo på å kjøpe dei mest kostbare produkta. Sjølv har eg Bergansdresser i derimax og bomull - og skiftar på dei alt etter tur og bruk. Bomullsdressen er minst ti år gamal. Elles nyttar eg meg av ullklede som mamma strikka for 25 år sidan og produserer sjølv mykje lurt og nyttig av slike ting. Det er reint fantastisk kva to strikkepinnar, litt ullgarn og ei vaskemaskin(for toving) kan trylle fram! Ein treng ikkje fleecejakke til tusen kroner, når ein har ei mor som strikka kule genserar i skikkeleg ull som ung Eg har tru på at mykje av det som ligg på loft rundt ikring, er geniale fjellplagg... Tora
  8. Hei og hopp En ung vandrers drømmerier veit eg er å få kjøpt på mao.no til ein billig penge. Søk på forfattaren, for den kjem i engelsk utgåve (og eg kjem ikkje på korrekt oversetjing i skrivande stund). Men eg blir ikkje overraska om boka er å få tak i på biblioteket. Forfattaren er jo ein av dei "store" tenkjarane våre:) God lesing! Tora
  9. Kult med ein tråd på bokanbefalingar:) Eg vil på det varmaste anbefale Spinoza sin etikk + naturfilosofien hans. For dei som ikkje vil gi seg direkte i kast med hans "Ethica", kan eg anbefale Arne Næss si innføring i Spinoza sin filosofi. Dette er ein filosof eg set høgt grunna hans syn på natur og mennesket i naturen, og etter to år som ivrig lesar er eg på grensa til å kunne kalle "Spinozist" Elles kan eg anbefale Rousseau sin "En ung vandrers drømmerier" -dette er obligatorisk "fjell-litteratur". Kunne vidare snakka om Zappfe i denne samanhengen, men han trur eg dei fleste her inne er orientert om God lesing i somar - det er ingen skam å bere med seg ei bok og legge seg i lyngen NEDANFOR fjelltoppane ein dag eller to i somar Tora
  10. Hei folkens... ...den debatten her har jo sklidd heilt ut. Men det er med glede eg registrerer at dei fleste som deltek, deltek med innlegg som går mot Tom sine synspunkt. Eg tykkjer forøvrig du framstiller deg sjølv som veldig usympatisk og lite tolerant Tom. Ikkje akkurat hyggeleg å kalle ei vakker jente for bole-bitch. Reknar med det er i "kampens hete", men dersom du tykkjer den sunne, flotte jenta der ser bola ut, så har du tydelegvis aldri sett verkelege bolejenter. Men kvar sin smak...personleg føretrekk eg menn som ikkje har ein ferdigtenkt filosofi om korleis eg som kvinne bør vere, tenkje og oppføre meg. Kvinner som gruppe er eit umogleg omgrep. Det går ikkje an å sei at me alle må vere på same måte. Ingen er like, og det einaste me har felles er bryst og livmor. Men heller ikkje dette kan fungere som eit universelt likskapstrekk, då ikkje alle kvinner KAN eller ønskjer å nytte desse "naturgåvene" til reproduksjon. Både menn og kvinner er menneske først, og eg trur verda blir ein betre stad å vere dersom me alle behandlar kvarandre som menneske først og kjønn etterpå. Og så kan dei kvinnene som ønskjer å leve som mødre ut frå ein forelda tradisjon gjerne gjere det, men fordommar mot kvinner som tek andre val er jo berre ingnorant. På same måte som menn må få respekt for sine livsval - td ved å velje å vere heimepappa og å ta ansvar for bleieskift, må kvinner som tek "utradisjonelle" val bli respektert for det. Tora
  11. Hei alle Oi, her har debatten om fjelljenter sanneleg tatt ein litt uventa retning. Frå fortvila rop om kvar me "gøymer" oss, til at kvinner sanneleg ikkje bør prøve å klatre like hardt som gutane - då blir dei usexy. Eg har ingen planar om å motstride Tom sitt innlegg. Det syner berre at han har eit litt trangare syn på dikotomien kvinne / mann enn dei fleste menn av i dag heldigvis har. Mi oppleving som "adrenalinsøkande" klatrejente, er nemleg at menn i fjellsportmiljøet generelt er samde med Reidar. Men eg vil sei ein ting: sjølv om eg klatrar ruter som kjærasten min har klatra før meg eller som kameratar tek meg med på, så gjer jo ikkje det meg til ein "kopist". Det tyder jo ikkje på anna enn at me likar å drive med det same. Eg har ofte tatt med kjærasten min på ruter som HAN aldri har klatra før...han kopierer jo ikkje meg av den grunn. For å snakke generelt om korleis me som kvinner i dag kjenner oss i forhold til menn, så kan eg roe Tom heilt ned med å konstantere at den såkalla 70-talsfeminismen der kvinnene ville gjere seg til menn er daud og gravlagt. Me er ikkje interessert i å gjere oss til menn - kvifor skulle me ønskje det? Tom skriv om oss som omsorgspersonar og naive sosialistar (det siste tykkte eg var spesielt vittig) - men då blir mitt spørsmål: kan ein ikkje vere omsorgsperson og klatrejente samstundes? Kvifor ekskluderer det eine det andre? Når det gjeld morsrolla som "lun", så trur eg ikkje den eksisterer lenger. Og som mann ville eg uroa meg meir for å få barn med ei ihuga forretningskvinne, enn ei livsglad jente som likar å klatre. Eg lurer på kven som har mest tid til å ause kjærleik over barna sine? Ei venninne av meg er gravid i 6. månad. Ho har klatra heilt inntil det siste. Sjølvsagt berre på topptau, og med brystsele i staden for sittesele, men eksluderer det ho som god mor? Same jenta har inngått avtale med sambuaren sin om at han ikkje skal ha einerett på fjellturar etter barnet er fødd. For kvifor skulle han ha det? Det får bli ei annakvar helg-greie, med mindre snille vener og besteforeldre trår til. Og så snart ungen er gamal nok, vil han/ho sjølvsagt bli inkludert. Eg kan ikkje sjå anna enn at ei slik mor vil vere eit utelukkande positivt innslag i eit barns liv. Og det same for faren. Men for all del: Tom har rett til sine meiningar, og ingen kan tvinge han inn i forhold til jenter han ikkje vil ha. Og det same den andre vegen Tora
  12. Morten: du kan gå inn på Steepstone om du vil engasjere deg i debatten kring Everest som prestasjon eller ikkje. Greit nok at Everest er kommersialisert i våre dagar, men eg tykkjer det er litt jante å ikkje gi folk kred for å slite seg til topps likevel. Everest inneber så mykje anna av utfordringar, enn berre akkurat klatreprestasjon. Alle høge toppar gjer det. Eg gir all mogleg kred til både Randi og Cecilie. Ein slik ekspedisjon som dei har lagt bak seg no, krever mykje av hardt arbeid, dedikasjon, egoisme, ei førebuing mht dødsrisiko, høg smertegrense, evna til å gjere alt for å nå målet sitt etc etc. Jaudå, det har vore mange på Everest etter kvart, men treng det gjere prestasjonen noko mindre? Og ja, eg er fullt klar over sherpaverksemda og utlagte tau. Men å slenge seg med ein kommersiell ekspedisjon var Cecilie sin sjanse til å kome til topps dette året. Sjekk då ut dei tidlegare prestasjonane hennar - ho og kjærasten (jepp, karar;) Ho har type) prøvde seg på Cho Oyo åleine. Dei bar alt sjølv - og frå 7000m gjekk Cecilie solo til topps. Samanlikning: Det er jo fortsatt kult å klatre vestveggen på Storen - trass alle dei som har kome seg opp der, er det ikkje? Vel, eg ønskjer ikkje å inngå i ein stor debatt om det her her inne, for det same foregår på Steepstone som sagt. Og apropos fjelljenter: Cecilie og Randi er steintøffe Tora
  13. Sånn Morten, eg er inne Og nei, nei, nei...eg meinte ikkje å legge meg ut på (klatre-)marknaden her Er godt nøgd med karen eg har! Eg prøvde berre å trøyste dei karane her inne som påpeiker at alle fjelljentene dei likar allereie har kjærast....det er jo lov å prøve seg likevel, er det ikkje? Vel, løkk med dåkk! Tora
  14. Var i Jotunheimen i helga...og me nytta truger...det funka veldig bra! Men noko skiføre å skryte av er det foreløpig ikkje...men eg trur det ventar like om hjørnet:) Tora
  15. Eg har høyrt denne diskusjonen før...det er veldig tabubelagt å ta med seg teknologiske dippeduttar frå kvardagen inn i fjellet...og personleg har eg aldri tenkt tanken, sett vekk frå ein gong. Eg skulle gå frå Årdal opp Midtmaradalen til bandet, for å treffe ein kamerat der. Eg kom meg avgarde seint på ettermiddag, og planen var å ta natta åleine i Midtmaradalen. Eg hadde akkurat vore på ein fantastisk Mahler-konsert med Oslo-filharmonien, og fekk med eitt ein idè om å ta med Mahlers 3. symfoni, som vert rekna som natursymfonien hans. Vel oppe i Midtmaradalen, med teltet oppe og kveldsmaten i magen, la eg meg godt til rette ute i fjellgraset(ein mild somarkveld)...heile stykket varar i ca ein times tid...og eg har aldri hatt ei så sterk musikkoppleving før! Musikken til Mahler snakkar natur og råskap og krefter...og dette var mange gonger forsterka fordi eg var der eg var... Så: konklusjonen min er at eg nok ikkje vil nytte musikk på mine vandringar sjølv, men at eg absolutt har hatt ei kjempeoppleving med musikk i fjellet! Så gjer som dåke vil, folkens! Tora
  16. Tora

    Knær

    Først til Espen: eg har vore treningsaktiv heile livet, men var ei stund sett heilt ut av spel pga belastningsskader i beina (kne, akilles, beinhinne)...eg gjekk ut og inn hjå legar, men verken ibux eller kortison eller all slags kremar og sprøyter gjorde ting betre. Eg ser du får tips om å halde ting i sjakk på tur m ibux, men eg vil ikkje anbefale ei slik haldning til det...problemet vil berre bli verre - og målet må jo vere å ein gong kunne traske i fjellet utan smerter? Mitt råd er kosttilskotet BioSport, saman med ein betennelseshemmande olje og grønleire. Etter fire år med store smerter, kunne eg etter to månader(!) jogge som trening og rangle på tindar akkurat som eg ville. Rett nok var eg oppteken av å bygge opp muskulaturen i kneet samstundes...(eg sykla og svømte). Uansett: eg har stor tru på kuren, og null tru på skulemedisinen (i mitt tilfelle i alle fall). Du kan finne info om olje-og leirekuren hjå Robin Juberg (71255119) el. på www.naturterapeuten.no PS! Eg var sjølv i utgangspunktet skeptisk til naturmedisin, og nyttar det eigentleg aldri. Men dette prøvde eg nærast i desperasjon, og det løna seg jo godt! BioSport-kuren får du tak i hjå dei fleste helsekostforhandlarar. Og så til Tom: kva meiner du med at ingen jenter er på toppane? EG er der rett som det er! Mi erfaring er at det er dårleg med mannfolk med vonde kne og stavar der oppe... Tora
  17. Morsomt! Min første var Rondeslottet. Siste topp: Dyrhaugstind (dyrhaugsryggen frå bandet) Tora
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.