Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Innlegg skrevet av Tessatroll

  1. Eg ville sett på Finnmark, som i praksis er Gamme utan stålkant. 

    Ei god allround-ski, med rocka tupp, grei flyt og manøvrerbarheit på same tid som den ikkje blir "heilt daff" på fastare føre, og ein kan ha kantkontroll i skavlete og vindherja snø. 

    Eg personleg får neller når det kjennes ut som eg like godt kunne spent to daue sild under beina. Då vel eg heller å sjå på andre spesifikasjonar som kan hjelpe på flyt, ikkje berre breidde. 

    • Liker 2
  2. Bjørn J skrev (2 timer siden):

    Men trenger man noe slikt hvis man ikke har astma eller andre luftveisproblemer?
    Jeg har vært på langtur i minus 20-25, og det var behagelig med finlandshette, men det har ikke vært noe problem uten.
    En gang gikk jeg av toget i Abisko da det var -39 ved stasjonen, og merkbart kaldere nede ved Torneträsk, og det var kaldt, ja. Jeg surret et skjerf over munn og nese, det var greit nok.

    Kombinasjonen kulde og vind kan verte en prøvelse for mange, også utan astma. Særskilt over fleire dagar, med fysiske utskeielsar.

    Er vel fleire som har oppdaga "astmaen sin" for første gang på vidda, Grønland eller i antarktis, og enkelte har måtta avbrutt. 

    Men, mennesker er ulike. Eg nyttar den sjeldan på "vanleg" vintertur, men mellom anna på store brear med konstant motvind og vedvarande kulde er den gull. 

    Den gjer også inntak av mat og drikke litt enklare synes eg, på dei verkeleg grisete dagane, der ispanseret frå brysbeinet og opp er eit faktum. 

    Her på vestlandet brukar eg den sjeldan/aldri, då det ikkje er vanleg å oppleve kulde og mykje vind i kombinasjon. 

    • Liker 2
  3. På alle turar der eg ikkje har behov for gamasjen/og eller ekstra varme, samt turar der eg vil ha best mogleg respons/kanting (Stetind sitt noko betre på foten).

    Altså brukar eg Stetind langt meir enn Svalbard. Daglegturane i utmarka, vårskiturane med mange høgdemeter, treningsturane med pulken full av vannkanner eller vedsekkar osv osv. 

    Eg  brukar Svalbard berre når eg har eit særskilt behov for den skoen, som for meg stort sett er på kalde pulkturar med litt varigheit. 

    • Takk 1
  4. Miamaria skrev (15 minutter siden):

    Har de endret på det tro? Da jeg hadde Ursuitdrakt sist slo jeg fast at de var designet for folk som så ut som en bavian nemlig. Så nå lurer jeg jo på, ser du ut som en bavian, eller har Ursuit endret på draktene - eller er det bare damedrakt som designes for bavianer? Spørs om ikke det første jeg gjør når jeg kommer innom hjemme er å prøve den nye drakten. 🤣

    Tilpassa fasongen til ei øltønne med to bein synes eg å hugse 😂 

    Men ja, slitesterke og tette. 

  5. Ein altfor smal Mountain Hardwear lamina -30f/-34c. 

    Eg e kje hverken smal eller brei, ei heller spesielt klaustrofobisk. 

    Men detta var berre ikkje aktuelt for ein halv gris. Synes eg kjenner panikken slå inn år eg under godt kalde tilhøver (som jo posen er berekna for) skal snøre meg heilt inn i det smale pølseskinnet av ein pose. 

    Så, den går i retur. 

    • Liker 3
    • Hehe 2
  6. Turetur skrev (1 time siden):

    Mange gode poenger her. Kanskje jeg vurderer å utnytte et annet telt til soloturer med sekk, og bruker keron til pulkturer. Soloturer med pulk, vil keron 4gt være mye kaldere enn 3 gt?

    Har budd mykje i båe storleikar. 4 har jo større volum, så det er litt "kaldare". Også meir bråk i vind, om du er var for bråk. Eg er ikkje det, men har sove saman med folk som er det, og som reagerar. 

     

  7. Har 4GT sjølv, og har budd mykje i 3GT, og vore på tur der be har vore i bruk og stått "side om side". 4'aren bikkar akkurat det punkt at du får såpass store flater at det bråkar ein del meir enn 3'aren.

    Så spørsmålet er kor mykje hardt ver du skal ut i/kvar du teltar (skog, høgfjell osv) og kor lydtolerant du er. Eg søv om "halve verda" er i ferd med å ramle ned, men eg veit mange som synes støyen vert i overkant. 

    • Liker 1
  8. Skårasalen er grei å gå også om det er litt frost og kanskje eit snødryss.

    Det same gjeld Sylvkallen. 

    Hellefjellet gir fin utsikt, samt litletinden. 

    Klovetind gir fin utsikt inn i Molladalstindane eine vegen og ut i Sulesund og storhavet andre vegen. 

    Gjennomgangstur Molladalen - Lisje/ytrestandal er kjempeflott, med mykje fin utsikt, og moglegheiter for kjappe avstikkerar opp på småtoppar til dømes i skaret. 

    Keipen nedom Litledalshornet gir fin utsikt ned i Hjørundfjorden, med moglegheit for å gå opp på Litledalshornet om tilhøva tillet det. 

    Saksa som nevnt er fin og grei, men dels ødelagt med sherpatrapper. 

    Elles kan Oktober på Sunnmøre som kjent by på både årets første topptur i pudder og dagar med tilnærma sommar, så det er godt mogleg Slogen er heilt grei i Oktober. 

  9. Jentene har tidlegare vore med i Kompani Lauritzen, og ei av dei i 71 grader nord. Også der var det upåklageleg innsats. 

    Jon refererte ofte til Monsen på 71, som ei morsomheit. Så var han gjest hos Monsen under Camp Monsen eller kva svarten det heite, der eg synes dei var artige saman. På slutten kom det eit "kanskje vi sku vore på tur saman". Då kryssa eg fingrane for at me fekk sjå det. Og det fekk me, i eit fint program etter mitt syn. 

    At han framleis refererer til Monsen er jo artig. Likeins at han sjølv eigentleg på mange vis er eit råskinn :)

    • Liker 1
  10. Litt avhengig av reiseradien din, kan eg også slå eit slag for Tafjordfjella/Reinheimen. Eit fredeleg fjellområde, som strekker seg frå indre fjordnorge i vest og søraustover mot Gudbrandsdalen/Dovre, med dei terrengvariasjonane det gir. Snillt og slakt i aust, meir krevjande i vest. 

    Når ein planlegg tur her, lyt ein vere obs på at ein kan bli stilt overfor store snøfall på kort tid, noko som i kombinasjon med krevjande terreng kan by på auka tidsbruk ift kva ein normalt vil berekne i enkelte andre fjellområder. 

    Enkelt å komme til med kollektivtransport, til dømes til Grotli  eller Bjorli. 

     

     

  11. Eg e en sucker for å trekke vest, så av desse to ville eg valgt Finse - Haukeli og gå tidvis høgt om veret tillet det. 

    Meir terreng. Større områder utan mobildekning og generelt mindre trafikk er digg synes eg (sjølvsagt litt samanheng med tidsrom). 

    Og så ville eg starta frå Finse. Å gå med sola i ansiktet er digg :)

    • Liker 1
  12. For ei allroundski ville eg satsa på Nansen eller Gamme. 

    Amundsen er meir langtransport. 

    Gamme har meir smørjelomme. Både den og Nansen er lettkjørte og morsomme.

    Mtp å ferdast i skog ville eg kanskje velt Nansen hårfint framfor Gamme. God allroundski hovudsakleg i snaufjell/ikkje skog ville eg truleg velt Gamme hårfint framfor Nansen. 

    • Liker 1
  13. zimwalker skrev (20 timer siden):

    Har ingen erfaring med disse selv (kanskje siden jeg er mann,), men se: gogirl
    Eventuelt med en som dette som vedheng: wide-mouth-bottle  så hun slipper å krype ut av teltet om natta....

    Kvinner er ulike, men for meg, og dei kvinner eg kjenner som har kjøpt ein slik, var detta eit  bomkjøp.

    Å stå på kne i posen, ruske rundt å vekke halve teltet, engste seg for søling m.m. tek lenger tid enn å smette ut av posen å berre få det gjort. 

    Har ikkje ein gang gidda ta den med på dei lange og verkeleg kalde turane. 

    Men å kjøpe ei nalgeneflaske eller liknande, som toler varmt vatn, er no uansett ein god idé, då den kan tene både som drikkeflaske og varmeflaske i soveposen :)

    • Liker 2
  14. Prøvde ei 3-lags skalljakke der i fjor (ei av få damejakker med nøytral farge og fornuftig utforming/verbeskyttelse). 

    Ein dag på jakt med dagstursekk i fjor så var det slitt høl på innerstoffet og eg tok rett inn på membranen. Store bøter der hoftebeltet gjekk. Me snakkar dagstursekk på 5-6 kg og tidvis hagla.

    Dei fekk den sjølvsagt rett i retur og heva kjøp. 

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.