Gå til innhold
  • Bli medlem

Vinnerliste

Populært innhold

Viser innholdet med mest poeng fra 21. aug. 2017 i Artikler

  1. Produkt Gregory Deva 80 i str S Levert av XC Sports Equipment A Veiledande pris kr. 3 499,- Fakta frå leverandør Storleikar: extra small, small og medium. Vekt: 2,32, 2,4 og 2,46 kg. Volum: 75, 80 og 85 L. Fakta frå Fjellforum Samme som leverandørens. Fakta om testperson Kvinne 36 år. 166 cm og normalvektig Van med å bere tung sekk, i variert og til dels krevjande terreng. Punkt til vurdering: Vekt mot volum Bæresystem Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter og pakkbarheit Handtverk og materialar (ver og vind) Brukarvennlegheit og moglegheiter for justering Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar" Passform og bærekomfort Pris Her kjem Gregory Deva 80. Herrane sin variant av denne heiter Gregory Baltoro 85. Om sekken Sekken er omtalt av Gregory som ein heilårssekk med høg lastekapasitet, som møter krava anten du skal gå langt eller høgt, i alt av terreng. Den kjem i tre ulike storleikar, der ein igjen kan tilpasse sekken ved å flytte på skulderreimar, og bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i større eller mindre storleikar. Å kjøpe sekk Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne ein som er maken til den ein vurdere kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. Om testen Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vineter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur. Vurdering Som med dei fleste sekkar som finnast i marknaden i dag, er det mange detaljar og mykje informasjon. I staden for å repetere det ein kan finne på produsentenes eigne sider, vel eg her å omtale dei elementa eg betraktar som relevante å omtake, utfrå test. Vil ein ha lang-lesnad og komplett liste over spesifikasjonar, tilrår eg å vitje Gregroy sin eigen nettstad, Gregorypacks.com. Underteikna har testa sekken i str.small, altså 80 liter. Bæresystemet framstår som solid frå byrjinga av, og ein lett sjå føre seg at denne sekken taklar tung last. I staden for å ha eit full justerbart one-size system, har Gregroy velt å lage denne modellen i tre ulike rygglengder, med moglegheiter for å feste inn skulderreimane i to ulike høgder, også dette solid utført. I tillegg kan ein bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i andre storleikar, og slik i stor grad "skreddarsy". Passform kan til ei viss grad likevel tilpassast utan å bytte ut komponentar. I tillegg til moglegheitene for å flytte skulderreimane, har ein utrusta nedre del av ryggplata, som ligg utanpå hoftebeltet, med ei innvendig lomme, laga for ei borrelåsfesta pute. Denne er meint å gi betre støtte for ryggen, tilsynelatande gjennom å spreie belastninga overeit større parti. Dette skal vere gunstig til dømes for den som har svai rygg. Når sekken er på, plasserar puta seg i området mellom bekkenkanten og nedre del av rygg. Eg er noko usikker på kor vidt dette fungerar i praksis. For meg framstår teorien som "omvendt". Dette då eg gjennom mange år i arbeid med trening, har sett at svai rygg ofte sammenfell med for lite magestyrke, i kombinasjon med stramme hofteleddsbøyerar. Enkelt sagt bidreg korte hofteleddsbøyerar til å trekke "navlen", og slik ryggsøyla, fram og ned mot lårbeinet. Har ein i tillegg litt svake magemusklar er det lite å "halde" igjen med. At ei plate, som bygger ut, og slik ytterlegare bidreg til press mot den delen av ryggen som blir trekt framover, skal hjelpe på dei spenningane som oppstår musklane i nedre del av rygg, finn eg ikkje belegg for anatomisk, og heller ikkje praktisk. Det er mogleg eg vil få kraftig motsvar på denne, frå fagfolk innanfor helse og anatomi. Dette er uansett berre ein detalj ved sekken, og det er ikkje verre enn å plukke vekk den vekk. For nokre kroppar kan det også hende att denne plata har ein misjon.Hoftebeltet er stivt, som forventa i ein sekk berekna for tunge bører, og for meg vert det rett og slett for stivt. Det klemmer på bekkenkanten same korleis eg flyttar på det, og same kor eg puttar plata som høyrer til inn og ut. Ved testing av Baltoro (herresekken) kjenner eg at det samme skjer, og at det har lite med storleik og hoftebeltet og gjere, men rett og slett uforming. Det er viktig å understreke at dette er passforma til MIN kropp, og at den for mange andre kan vere midt i blinken, ja, for mange ER denne midt i blinken. Hoftebeltet har godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir strammemoglegheiter. Skulderreimane på denne sekken er tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Eg gjorde eit førsøk på å bytte ut skulderreimane til ein større storleik, utan at det eigentleg hjalp stort. Det er innfestinga som er problemet for meg. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare. Dette er ein gjengangar på damesekkar for underteikna. Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Til liks med Osprey Xena 85, har heller ikkje denne sekken det. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering. Moglegheitene for ulike rygglengder og to innfestningsnivå for skulderreimane gjer likevel at eg tenkjer at dei færraste vil ha behov for det. Lommer og festemoglegheiter er både denne sekkens styrke og svakheit, alt etter kva bruksområde du ser føre deg. Alle lommene er rause i opninga, noko som gjer det enkelt å komme til innhaldet. Det einaste unntaket er lommmene på hoftebeltet, som etter mitt syn er for små. Dei rommar ikkje eit større kompatltkamera eller ein ein stor modell av våre smarte telefonar. Den eine er dog vantett, noko som er eit pluss. Eg personleg er ikkje gla i desse lommene med ein vertikal glidelås på midten i heile eller større delar av lommas lengde, då eg synes det gjer dei ueigna til mindre gjenstandar. Til gjengjeld er dei supre for større gjenstandar. Ei slik frontlomme finn ein på denne sekken. Sekkens øvre kompresjonsreimar er festa i denne lomma, og med innhald er den med på å trekke saman og stabilisere hovudrommet på sekken. Reimane frå topplokket går under desse reimane, noko eg synes trekk ned. Kryssande reimar er eit krøkk på dei turane ein har mykje utstyr. Lomma har glidelås rundt heile i ein u-fasong, og utgjer "lokket" av frontopninga. Den har fire festepunkt for eventuelle ekstrareimar. Ein må då vere budd på at ved å feste noko midt framme på sekken, så mistar ein tilgangen til den store lomma. Dette kunne enkelt vore unngått dersom frontlomma hadde toppopning. Eg har løyst det med å ha typiske volumgjenstandars som ikkje veg så mykje festa der, samt berre på dei nedste to punkta, slik at eg kjem til glidelåsen og opningen øvst, sjå bilete under. Sidelommene har god opning og funkar greit også når sekken er full. Dog gjer kombinasjonen av lange fulle sidelommer og to sett kompresjonsreimer på sida, med nokså langt spenn, at feste av utstyr på sida vert litt kronglette. Dei øvste kompresjonsreimane er skråstilt for å ikkje komme i konflikt med nettopp lommene. Dette gjer at til dømes ski vert vanskeleg å få festa stødig, og dei lev sitt eige liv under marsj. Toppreim til skia er eit minimum, og ekstra reimar for stabilisering av gjenstandar som skal festast på sida ein etappe eller to er tilrådd. Topplokket på Deva 80 er supert. Det har to store lommer, med glidelåsretninga frå rygg til front på sekken, i staden for frå side til side. Å kunne stå lett framoverbøygd og opne pittelitt for å få tak i sjokoladen er jo ein artig liten bonus, men det viktigste er at einenkelt får oversikt over innhaldet i lommene når ein opnar dei, utan å måtte stå og grave i "blinde". Isøksfesta funkar fint, og med spade på ei side og isøks på den andre, frigjer ein plass på sida av sekken til dei tyngre tinga som ein gjerne vil ha tettare på kroppen. Deva har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein del det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst. Eg tenkjer at ein kunne spart seg for denne opninga når ein har den store frontopninga. På den andre sida burde den være der om eg fekk rådd den store frontlomma til å verte redesigna med toppopning. Eit stort pluss med oppsettet av reimar på denne sekken er dei lange reimane nedst på sekken, som er festa ved ryggplata, og går heile vegen under botnen og vert festa på framsida, over botnopninga. Desse reimane gjer at ein ved behov for stor lastekapasitet, kan feste relativt tunge ting på utsida av sekken, under, utan at den vert topptung eller baktung. Eit telt på 3 kg ggår heilt supert, og bidreg eigentleg berre til å få tyngepunktet endå meir ned, utan at det går utover måten sekken oppfører seg på. Glidelåsdragerane går greit å operere med vottar, og glidelåsa kiler seg lite. Sekken er kompatibel med drikkesystem, som vert oppbevart i ein liten uttagbar ekstrasekk i hovudrommet. Denne er heilt grei i bruk, og vil romme omtrent det samme som eit stort topplokk brukt som hoftesekk, som jo er ei vanleg løysing på mange sekkar til dømes for dagstur vekk frå leir eller hytte. Det er lite unødvendig fiksfaks på Deva 80, på same tid som han er grei å justere og få til å sitte bra, noko som gjer han brukarvennleg. Ein av sekkens verkeleg store styrkar er pakkbarheita. Lommene er store og gode, lett tilgjengelege, og det å pakke sekken for ulike typar aktivitet og terreng framstår som ein leik, inkludert å få pakka han med lågt tyngdepunkt for skitur. Det solide bæresystemet gjer at ein også toler litt "udisiplinert" pakking, utan at ein kjenner kvar ein minste lille feil når ein får han på ryggen. Toppopninga er romsleg, og ein får fort den gode pakkekjenlsa ein får ved pakking av store og tunge pakkrammesekkar, til tross for at denne er både mindre og lettare. Å sleppe fleire rundar med "tetris" i løpet av ein fleirdagerstur er tipptopp. I teltet nyt ein godt av den store frontopninga, og ein får "koffert"kjensla. Eg skulle dog ynskje meg meir kontrastar på detaljane fargemessig, noko eg personleg synes hevar brukaopplevinga på ein sekk det siste lille hakket. Når ein har meir eller mindre ein og same farge på alt, må auget sjå det lille nanosekundet lenger for å "sorter" detaljar, noko som er ein gjengangar på ein del sekkar, inkludert den tidlegare omtala Osprey Xena. Praktisk bruk vs målsetting Sekken skal i følgje Gregory sin omtale vere eigna til å frakte tung last, i krevjande terreng over tid. Dette er det ikkje tvil om at den fiksar bra, inkludert Gregorys mål om at den skal halde mål til frakt av nødvendige forsyningar og utstyr for ei veke, til ein høgalpin basecamp. Og nettopp med vekt på bsecamp. Eg synes ikkje at dette er den optimale sekken for turar i norsk, alpint terreng som krev bre/klatreutstyr, og som har i seg dagleg forflytning. Til det synes eg sekken er for lite praktisk løyst med omsyn til lommer og reimar. Materialar og kvalitet på saumar framstår som litt i utakt. Saumar, reimer, glidelåsdragerar og strekk verkar bra, men tyet og sjølve glidelåsa verkar noko skjørt. Eg har etter relativt få (omlag 15) bruksdøger greid å få nokre små hol på tyet på sida av sekkerommet, på sidelomma. Holet samanfell med området ski og evt isøks vil ligge og gnisse, og eg vil tru at det er slik det har oppstått. Det er ikkje kritisk på noko punkt, og vil enkelt late seg ordne med ein bit tear-aid eller gaffatape, men det er verdt å merkje seg at det er greit å fare litt varsamt åt. Det er kanskje prisen å betale for ein såpass lett sekk, med ein slik lastekapasitet? Prisen på denne Gregorysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 499 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Lastekapasitet på denne relativt lette sekken tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum. Sett opp mot lastekapasiteten og volumet derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet. Oppsummering og konklusjon For underteikna var passforma ikkje optimal. Dette må ikkje sjåast som eit negativt punkt i testen, då det er høgst individuelt kva som høver den einskilde. For utstyrstunge turar på meir enn 3-4- dagar er ikkje løysingane på sekken utvendig optimale. Med omsyn til lommer og festeanordningar for utstyr og hardvare, kan ein kan fort få ei kjensle av å minne om bilete på framsida av ei bok frå Zappfes verden, eit lett kaos av uorganisert menneske/sekk. Tyet kan også verke til å ikkje tole desse belastningane spesielt godt. Bortsett frå det ovanfornemnde "tursegmentet", er Gregory Deva 80 ein bra allroundsekk. Den har eit solid bæresystem og gode, funksjonelle løysingar for meir tradisjonell oppakning, og mange moglegheiter for personleg tilpassing. Med tanke på eigenvekta presterar den særs godt. Pluss for moglegheitene til å kunne "skreddarsy" og tilpasse i stor grad. For den tradisjonelle fjellskiløparen, vandrer og fjellfant, som tilbakelegg både høgdemeter og kilometer er dette ein sekk med stor kapasitet for si vekt. Dette skjedde med sekken etter endt testing Sekken vert returnert til leverandør. Alle foto frå leverandør eller underteikna med turfylgje.
    4 poeng
  2. Fosen! Det var på tide å prøve noe nytt. Flere kartkvelder på senvinteren vekket interessen for å prøve dette området. Fosen høres kanskje ikke veldig eksotisk ut, men faktum er at det er en del store urørte villmarksområder der ute. Miljødirektoratets kart over uberørt natur (forøvrig et godt verktøy i tidligfase turplanlegging) viser at området rundt Finnvollheia er blant de største uberørte områdene i Midt-Norge, dersom man ser bort fra nasjonalparker. Ikke akkurat Alaska, men passende for en langhelg. Området har så vidt jeg vet vært foreslått som nasjonalpark, men man har ikke fått gjennomslag for dette. Med en værmelding som melder om oppholdsvær og perioder med sol hele helga, går kjøreturen til Åfjord og opp Stordalen som en lek. Bomvegen fra Bjørnlia er fin. Vi ser ingen laksefiskere i Stordalselva, men laksen går kanskje ikke så langt opp som dette. Vi parkerer ved vegs ende, på parkeringsplassen der hvor Vestre Skurvelva renner ut i Stordalselva. Ikke en kjeft å se, heldigvis. Åfjordingene har ikke tenkt seg ut i marka pinsehelga. Torsdagen er 17 timer gammel da vi legger i veg oppover lia mot Botnan. Det har regnet kraftig i Trøndelag den siste tida, så terrenget er fullstendig mettet. Området består stort sett av myr, så vi skal bli godt vant til at det surkler under fottøyet på denne turen. Vi kommer fort opp av dalen, og terrenget flater ut. Marsjen går lekende lett, selv om sekkende er godt pakket med luksus. Rundt oss ser vi vidstrakte områder uten noen form for sivilisasjon. Vi blir ganske overrasket over hvor alpint terrenget rundt oss er. Toppene er ikke så spisse, men de fremstår ganske mektige på alle kanter rundt oss. Alpint er således ikke det riktige ordet, men når vi kikker over på fjellene på den andre siden av Stordalen, blir vi nesten skeptiske. Vi har nemlig tenkt oss over på den andre siden mot slutten av turen, og kan ikke skryte av å være veldig glade i bratte og høye fjell. Ellers er det som sagt store vidstrakte myrområder, så man føler seg ikke stengt inne. Typisk for dette området ser ut til å være at det enten er myr eller bart fjell. Gråbrune knausser stiger opp av myra her og der, men totalinntrykket er et ganske monotont terreng. Midt i mellom myr og bart fjell ligger ofte et belte med tett bjørkekjerr, noe jeg skal komme tilbake til senere. Vi passerer så vidt tregrensa. Temperaturen er god, og skydekket ser ut til å sprekke opp. Vi begynner å bikke ned mot granskogen nede i et søkk som kalles Botnan. Arne, turkåt og med kveldens mål i sikte, melder optimistisk at "jaggu tror jeg vi kan få fem dager på Fosen uten nedbør. Det er nok ikke alle forunt". Man vet jo at Fosen har mye nedbør og skiftende vær. Det går ikke så mye som fem minutter før den første sluddbygen treffer oss i trynet. Hetta må på. Vinden er så sur at man kan mistenke det for å være januar. Værgudene straffer vår naive optimisme knallhardt. Men humøret detter ikke av den grunn - vi skal jo ligge på hytte i natt! Etter et kvartes tid er vi nede i skogholtet og finner Botnstua, Åfjord fjellstyres relativt nye hytte. Vi pleier sjelden å ligge på hytte, men denne gangen unner vi oss det, for beliggenheten ser ut til å være meget fin. En veldig overkommelig marsj fra parkeringsplassen, men samtidig langt nok til at den ikke rennes ned av folk. Hytteboka viser at det kun har vært to besøk her på barmark i år. Hytta ser ut til å være mest brukt av rypejegere på høsten. Etter å ha fått varmen i ovnen unner vi oss en kopp kaffe mens vi rigger fiskeutstyret. Etter inspirasjon fra Bjarnes tublogg har jeg bestemt meg for å gi enkeltkrok og fluorkarbonfortom et forsøk denne sesongen. Det skader i hvert fall ikke å prøve, tenker jeg. En treblekrok kan kanskje skremme de største og smarte fiskene i noen tilfeller, på samme måte som multisnøret. Fluorkarbonsnøret er i praksis usynlig i vann, og det kan i noen tilfeller være gunstig å ha fleksibiliteten til fluorkarbonsnøret. Multisnøret er jo som kjent helt dødt. Med disse optimistiske tankene i hodet trasker vi ut i kvelden, mot et vann som ligger et par steinkast opp i lia bak hytta. Vi fisker grundig rundt hele det lille vannet, med vekselvis stekende sol og sluddbyger i trynet... ...men hverken Arnes tradisjonelle utstyr eller mitt "perfekte" utstyr gir utbytte. Neste vann viser seg å være gjenvokst med starr, så vi gjør vegen kort tilbake til hytta. Like ovenfor hytta finner vi flere tomme eggeskall. Har det vært reirrøvere på ferde? Det skal mer enn et tomt og et gjenvokst vann til for å knekke motivasjonen vår den første kvelden. Vi legger i vei mot Langvatnet på den andre siden av elva. Hytteboka sier at det skal være relativt enkelt å få fisk her, men flere skriver også at de har funnet mark i fisken her. Det er ikke så trivelig å lese. Vi følger elva oppover for å finne et vadested, men elva er stor, og vi er i ferd med å gi opp da vi kommer til ei bru. Det var jaggu godt, for vi hadde ikke kommet over tørrskodd uten. Vi prøver noen kast i kulpene ved brua. Etter en 20 minutters tid kommer vi til Langvatnet, og etter ytterligere en times fisking er vi fremdeles like "vassfise". Vi trasker slukøret tilbake mot hytta. Dåapma som kulisse for kveldsfisket. Dåapma er et av Fosens høyeste fjell med sine 644 moh, og Roan kommunes høyeste. Toppen er "treriksrøys" for kommunene Åfjord, Roan og Namdalseid. Dåapma betyr visst "slettelandet" på samisk. Vi stopper ved pytten i vestenden av vannet, for her ser vi at det vaker småfisk. Dette er klassisk desperasjonsfiske. Heldigvis drar vi opp noen småpinner her, og det redder på en måte kvelden. Artig å kjenne fisk på stanga, om ikke annet. I kulpene ved brua er et par mikroskopiske ørreter på land, men disse får friheten tilbake. På hytta spiser vi en eksepsjonelt sen middag før vi køyer. Fiskeoptimismen er fremdeles tilstede når jeg legger meg, kjenner jeg. Det var den også hos Arne, kan jeg konstatere da jeg hører han romsterer i hytta allerede kvart over 6 neste morgen. "Det er kanskje vel tidlig", sier han når jeg kommer opp. "Klassisk overtenning". Vel, jeg har i hvert fall sovet godt, og vi har tenkt å rekke over mange vann i dag, så det er greit å komme seg opp fra morgenen av. Vi trasker i vei mot de høyereliggende områdene nord og vest for hytta. Vi prøver å holde oss bort fra myrene siden disse er våte og tunggåtte nå. Dette er jo barnelærdom; hold høyden og unngå myrene. Her på Fosen må vi glemme barnelærdommen. I liene over myrene er det ofte svært tett vegetasjon, tidvis ugjennomtrengelig, typisk bjørkekjerr. Vi bestemmer oss for å holde oss nede på myrene resten av turen, og det fungerer fint. Første stopp blir ved noen kulper i Vestre Skurvelva i området som på kartet kalles Øyan, ikke langt fra Botnan. Jaggu biter ikke småfisken i kulpen også. Været er fantastisk, og det frister nesten - nesten - med et bad. Vi legger i vei videre oppover, like skitne. Vestre Skurvelva. Fiskeoptimismen skal snart få seg et slag for bøygen. Kort oppsummert fisker vi over Bytjønna, 414-tjønna nordvest for Bytjønna, Nyvatnet og 441-tjønna øst for Nyvatnet uten å kjenne mer enn ett napp eller to. Er vi for tidlig ute? Vi skylder på nordavind og lav temperatur. Bytjønna. 414-tjønna nordvest for Bytjønna. Ellers har vi godt vær og fin utsikt, og høyfjellsterrenget er relativt lettgått, så pessimismen får ikke overtaket på oss enda. Vannene er spennende, og man angriper alltid hvert nye vann med energi og forhåpninger. Særlig 441-tjønna øst for Nyvatnet er et spennende vann. Lite, dypt og høyt til fjells er en fin kombinasjon. Men dessverre er det null aktivitet i vannet. Høydepunktet denne formiddagen blir lunsjbålet i lia ovenfor det store Nyvatnet. En god del hytter rundt dette vannet, så villmarksfølelsen var fraværende her. Vi avslutter runden oppe i høyden på Litlnyvatnet. Vi fisker oss rundt på hver vår side. Ingenting å kjenne her heller. Jeg er i ferd med å ta mine siste kast ved utoset da jeg ser at det plasker i vannet foran Arne. Har han fisk?! For moro skyld har vi på denne turen med oss et sett med walke-talkier, av den billige typen du får på Clas Ohlson. Disse har vi med for å kunne kommunisere når vi, som nå, fisker på hver vår side av vannet. Jeg kaller opp Arne, og han melder tilbake at det dreier seg om "ei sat*ns te' rør" (rør=røye). Såpass, tenker jeg. Her snakker vi vel da om over kiloen. Kanskje to?? Jeg venter i spenning til Arne endelig kommer bort for å vise fram vidunderfisken. Den veies inn til ganske nøyaktig halvkiloen. Overtenning, igjen. Det er så rart med det, når man har fisket en hel dag uten å kjenne noe. Da koker det litt når det først biter. På veg ned mot hytta bestemmer vi oss for å legge veien innom noen mindre vann i myrområdene nordvest for Midtiheia. Den rådende teorien rundt det dårlige fiskebettet er at vannet enda er litt for kaldt oppe i høyden, og vi øyner et håp om at de knappe 50 høydemetrene ned mot myra utgjør den lille forskjellen som skal gi fiskemiddag til kvelds. Det viser seg å stemme. I den ene tjønna er det monsterbett, og vi tar opp 6 fine stekefisker opp mot 4 hekto. En gledelig avslutning på en lang dags fiskestrabaser. Energien er alltid høy på slike tidlige vårturer. Man higer etter å fiske mer, se mer, forflytte seg mer. Vel nede ved hytta vedtar vi å forflytte oss videre mot områdene sørvest for Dåapma denne kvelden. Mange spennende vann i dette området. Når man er i et nytt område må man utforske det så mye man kan. Vi kan ikke henfalle til det late hytteliv. Teltene er i sekken og må snart få lyng under duken. En orm, type hogg-, trives i varmen i solhellingene. Vi tar kveldens forflytning som en ren transportetappe i høyt tempo, og finner etter hvert en nydelig teltplass ovenfor det lille vannet i østenden av Langvatnet. Utsyn, vind mot myggplagen, nærhet til vannet og godt med bålved, samt akseptable liggeplasser. I bakgrunnen på bildet over ser man fjellene på den andre siden av Stordalen. For første gang har vi med oss hvert vårt telt, og uten forkleinelse for Arne, må jeg si at det var ganske deilig. Vi kommer nok til å fortsette med det på slike kortere turer. Kvelden blir en høydare, med bål, fiskemiddag, kaffe, oppholdsvær... ...og solnedgang. Noen slike kvelder ­må man få til på hver tur - det er det man higer etter hele vinteren. Neste morgen er alt som normalt; Arne er oppe tidlig og fyrer morgenbålet, mens jeg kommer luntende en liten time etter. Vi har heldigvis funnet en balanse her, hvor vi begge strekker oss litt i forhold til om vi var på tur alene. Jeg står opp ørlite tidligere enn jeg egentlig vil, og Arne tøyler morgen-rastløsheten litt før vi starter dagen for fullt. Det som ikke er så positivt denne morgen er at det begynner å regne akkurat i det jeg tar steget ut av teltåpningen. Vi tenker først at dette bare er noen dråper som vil passere over, men det skal vise seg at værgudene gjør vårt tidligere omtalte naive godværshåp til skamme. Dagens fiskeøkt skal avvikles i området mellom Østre Skurvelva og Finndalsheia. Flere spennende vann her, og optimismen er som vanlig stor, på tross av at regnet ikke ser ut til å holde opp. Det viser seg at dette skal bli en betydelig bedre fiskedag. Jeg kommer ikke til å navngi vannene vi fisker i denne dagen. Håper folk har forståelse for dette. Lokalkjente og folk som kan lese et kart vil nok uten problemer kunne si hvilke vann vi har vært innom likevel. Litt av grunnen til dette er at vi finner bålplasser med tomme ølbokser etc. vet et av disse gode vannene. Dette kan tyde på at vannet allerede er kjent som et bra vann. Jeg mistenker at folk som legger igjen tomgodset sitt ute i naturen også har dårlig moral når det kommer til fiske. Det er mulig jeg er fordømmende, men jeg ser det liksom for meg: Guttetur med masse øl opp til vannet hvor man har hørt at det skal være bra fisk. Gjør gjerne det - men ta for f*** med tomgodset hjem i stedet for dette halvhjertede forsøket på å stappe 10 ølbokser under en stein. Vi labber i vei videre innover i terrenget, og allerede i første vika er det fast fisk for oss begge; en halvkilos ørret på hver av oss. Herlig start på dagen! Nå kan vi slippe ned skuldrene og nyte resten av dagen - selv om det høljer ned og blåser surt. Vi fortsetter videre til neste vann, og også her hugger det til; nok en knapp halvkilos ørret på meg. Arne mister en like stor en. Et spennende vann hvor man sitter med en følelse av at her finnes betydelig større fisk. Surt vær i høyden. Det er tid for lunsj, og vi finner et fint sted med fin utsikt. Vi er ganske høyt til fjells, og det regner godt, men på mirakuløst vis finner vi furuved og klarer å gjøre opp et bål slik at det blir bålkaffe også til lunsj. Det siste vannet vi avfisker byr på et vannvittig bett, men dessverre er fisken litt mer småvokst her. Vi drar hatten godt ned i øya og trasker tilbake mot leiren, via et av de første vannene vi var innom i dag tidlig. Og igjen er halvkilosørretene skikkelig på hugget! Vi drar opp tre til av dem, og vi kunne sikkert tatt flere. Alle er spreke og byr på en liten kamp. I dag fikk vi det bettet vi hadde håpet å treffe. Vi registrerer at det er stor forskjell på mageinnhold og fargen i kjøttet på to like store ørreter tatt samtidig i samme vik. Den ene er knall rød og helt stappfull av mygg, mens den andre er hvit og uten en eneste mygg i magen. Hvorfor? Er det så store individuelle forskjeller i kosthold? Ikke overraskende er det den lange, slanke fisken som er hvit i kjøttet, mens den kortere, smellfeite er rød. Vi trasker tilbake til leiren godt fornøyde med dagen. Nå gjenstår det å forflytte seg ned til Tekssjøen. Vi vil ned hit i kveld, for i morgen tenker vi å ta turen opp i fjella på andre siden av Stordalen. Tekssjøen, dette vannet helt øverst i Stordalen er visst et vanlig turmål for åfjordinger. Ikke akkurat urørt villmark, men et fint område som er verdt et besøk. Vi slipper oss ned i dalen langs elva som kommer ned fra Skurvtjønnin. Det var trolig et feil valg, for vi havner nede i den tette, våte krattskogen, og det går ikke lang tid før vi er gjennomvåte. Litt spesielt terreng her øverst i Stordalen, inn mot Tekssjøen. Dalen deles liksom i to av en høy, langsgående rygg. Billedskjønt ved Tekssjølona, like under fossen fra Tekssjøen. Fristende å prøve fisket, men vi er kalde og våte, og det ser ut til å være bare småfisk som vaker. Vi marsjerer videre mot Tekssjøhytta. Vi tenker å finne en leirplass i vika like i nærheten av denne. Vi drømmer om et gigantisk furubål som skal varme kropp, sjel og klær. Det er kun en ting jeg ønsker å kritisere Åfjord fjellstyre for, og det er tykkelsen på bordene på bruene i området. Jeg synes man burde kostet på seg to-toms bord her. Det føles slettes ikke trygt med 25 kg på ryggen, og vi ser knekte enkeltbord og mange bord som er byttet ved flere av bruene. Bildet over er fra brua over elva like over Tekssjølona, på stien mot Tekssjøhytta. Tekssjøhytta ligger idyllisk, men skjermet til helt i den sørvestre vika av vannet. Hytta er tom. De siste kilometerne har tankene begynt å spinne rundt en delig, varm hytte å tilbringe kvelden og natta i. Vi ser hengelåsen på døra, av typen med firesiffers kode, samme som på Botnstua. Vi forsøker en kode, basert på - la oss kalle det - kvalifisert gjetning, og jammen tror du ikke at låsen åpner seg. Vi står nå ovenfor et dilemma som har to aspekter ved seg. Vi har ikke betalt for hytta, og det er ikke pent å ta seg til rette sånn uten videre. I verste fall kan det komme noen som har leid hytta, og da blir vi tvunget ut i den kalde, våte natta. Dette tar vi egentlig ikke så tungt. Vi kan betale for oss på etterskudd, og det er svært lite sannsynlig at det kommer noen inn hit på denne tiden, i dette været. Det som verre er, er at villmarksstoltheten vår får seg et kraftig slag for baugen. Er vi så veike at vi ikke tåler å bli våte? Er vi av det kaliberet som higer etter komfort med en gang buksa blir våt? Svaret viser seg å være "ja, det er vi". Vi unnskylder oss selv med at dette er en kosetur og at det må være lov og at vi kunne ligget ute om vi måtte og at blablabla. Vi styggkoser oss i hytta gjennom kvelden. Vi fyrer hardt, tørker både kropp og utstyr, og tilbereder all fisken vi har fått i løpet av dagen. En ny favoritt, som fra nå av alltid skal være med på tur, er Lofotens fiskesuppe. For en herlig avveksling fra å spise fisken "bar". Jeg kan ikke forstå at jeg ikke har prøvd dette før. I de sene kveldstimene fyrer vi et digert bål på bålplassen utenfor hytta. Det er tross alt pinseaften. Vi koser oss med en liten avec og nyter solnedgangen før vi med litt dårlig samvittighet kryper til køys (eller var det korset?). Vi våkner til nydelig vær neste morgen, fremdeles gode og mette etter gårsdagens fiskefråtseri. Vi ordner opp i hytta og skriver lovnader i hytteboka om å gjøre opp for oss i ettertid, før vi legger i vei skrått oppover dalsiden mot Kastbotnvatnet. Jeg hadde forventet at terrenget var mye brattere, basert på det vi så fra andre siden av dalen, men heldigvis er det slakt og fint terreng oppover lia. På bildet over skimtes Tekssjøen. Hytta ligger i den nærmeste vika, til høyre for haugen midt i dalen. Finnvollheia i bakgrunnen. Oppover lia får vi utsikt mot området på den andre siden av dalen, hvor vi har tilbrakt de siste dagene. Skurvtjønnin skimtes bak til høyre. Stordalselva i dalbunnen. Stordalen nedstrøms. Botnstua ligger i det tetteste skogholtet til høyre for Habroheia, som er det fremste fjellet litt til venstre i bildet. Pause for hydrering. Etter et par timer har vi tatt oss over kneika og ned lia mot Kastbotnvatnet. Kastbotnvatnet er stort og vakkert, med bratte lier og skrenter på flere av sidene. Vi tenker ikke å slå leir her, men vi tar en liten lunsj nede i vannkanten på nordsiden. Hele den nordre lia er tett bevokst med bjørkekratt. Det er vi glade for, for vi skal enda høyere, og håper vi kan få fyrt et bål også der oppe. Sola steker som besatt der vi sitter, og vi kan kaste skjorta. Jeg er sliten og døsig og dupper av i lyngen en liten stund. Vannet er helt speilblankt, så vi gidder ikke fiske. Jeg skvetter opp av halvsøvnen når jeg plutselig ser et vak 10 meter rett ut for der vi ligger. Jeg er så døsig og lat at jeg gidder ikke reise meg, men jeg tipser Arne om vaket, og han bærer seg litt før han reiser seg og tar et umotivert kast. Men fisken tar, og Arne lander en halvkilos. Sjelden har så liten innsats resultert i så bra fisk. Litt mer motivert fisker vi oss videre bortetter det nordre landet, og det resulterer i nok en sprek liten halvkilos for min del. Vi forlater det sjenerøse Kastbotnvatnet og traver i vei mot dagens mål. Oversiktsbilde tilbake (mot nordøst). Helt i bakgrunnen skimtes Dåapma og Finnvollheia, om jeg ikke tar helt feil. Finnvollheia er det høyeste fjellet på Fosen med sine 675 moh. Nedre Sandvatnet. Vi har blinket oss ut dette vannet fordi det ser spennende ut - og fordi vi har sett en turrapport som forteller at man for 10 år siden tok en brukbar fisk i dette vannet, hvis det var dette vannet da... Mer skal det altså ikke til. Vi er glade for å se at vi lett kan finne bålved her, og vi får akkurat presset ned begge teltene i vannkanten på nordsiden. En fin leir. Været er mer skiftende nå, og det dukker opp mørke, truende skyer på himmelen. Vi nøler ikke lenge før snøret er i vannet. Vi fisker på hver vår side og satser på å møtes diagonalt over vannet fra leiren. Jeg fisker etter alle kunstens regler, men alt jeg kjenner er noen få forsiktige hugg. Når vi møtes i vika på bortsiden har Arne tatt 3-4 småfisk, men det er alt. Et lite antiklimaks dette, men det må jo nødvendigvis bli slik når man bygger opp forventinger inni hodet basert på et usannsynlig tynt grunnlag. Vi tar også den korte turen opp på det Øvre Sandvatnet. Prosedyren gjentar seg her - kun noen napp. Fiskeøkten blir ikke lang, for det blåser kraftig nå, og det begynner så vidt å dryppe fra oven. Vi haster tilbake til leiren. Med et nødskrik får vi fyr på bålet. Man lærer visst aldri at man skal ha tørr tennved tilgjengelig, uansett værutsikter. Middagen inntas mens regnet intensiveres. Vi ser etter hvert ingen vits å drøye denne kvelden lengre, og kryper inn i teltene. Jeg var ikke forberedt på mange timer i teltet, men heldigvis finner jeg noen gamle nedlastede filer og podcaster på telefonen som kan underholde meg til jeg bli trøtt. Sammen med en hel plate sjokolade gir dette noen trivelige timer i teltet mens regn og vind pisker mot veggene. Dessverre har jeg slurvet med en bardun i fotenden av teltet, slik at ytterduk og innertelt kommer i kontakt når jeg strekker ut føttene. Soveposen blir litt fuktig, men det gjør ingenting når dette er siste natt. Har slitt litt med dette på mitt Anjan 2 - jeg får ikke trukket ytterduken langt nok ned og stramt nok, slik at det blir litt fuktig nederst på veggene i innerteltet. Jeg sover godt igjennom hele natta og våkner ikke før jeg hører Arne stå opp utpå morgenkvisten. Vinden har løyet, heldigvis. Arne hører at jeg våkner, og sier: "Husker du da vi opplevde alle lavtrykks mor ved Ravadasjavri? Nå er bestemora på besøk". Jeg åpner teltet og stirrer ut i ingenting. Jeg ser ikke engang Arne ved bålet, så stinn er tåka. Temperaturen er ikke mange grader over null, og det er en sur trekk i lufta. Jeg spiser frokosten i teltet, og vi pakker ned og gjør veien kort ned lia mot dalbunnen. Når vi kommer ned i den skogkledde dalen letner været litt, og vi tar en fiskestopp ved Østre Hyttjønna, som skimtes midt i bildet. Et overbefolket vann skal det vise seg. Veien videre mot Stordalselva går over høyden mellom Hyttjønnåsen og Middagshaugen, som er de to haugene på bildet over. Vi husker snart at vi har glemt å markere hvor brua over elva ligger, og det koster oss både tid og krefter. Dalen er ganske vill og heftig her, og det er ikke mangle plasser man kan krysse uten å sette liv og lemmer på spill. Etter litt opp og ned langsmed elva dukker endelig brua opp, og da er vi straks ved bilen. Som turområde kan Fosen anbefales. Du finner variert natur her, selv om myr og lynghei dominerer. Du finner også plenty med spennende fiskevann. Vekta vår stoppet på halvkiloen, men vi tok til gjengjeld mange av disse. Det kan tyde på at det finnes en god bestand av større fisk. Mitt inntrykk er at området er lite besøkt utenom fuglejakta, så her kan du finne fred om du søker til de rette områdene. Aberet med Fosen er utvilsomt været. Det skifter fort, og det er mye nedbør i disse kystnære fjellene. Vi takker Åfjord fjellstyre for fine hytter og passende nivå på tilretteleggingen. Selv om bruene føles noe utrygge er man avhengig av disse om man ikke vil vade. Da er det bare å planlegge en høsttur!
    2 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+02:00
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.