Vinnerliste
Populært innhold
Viser innholdet med mest poeng fra 03. okt. 2016 i Artikler
-
[gallery600x480] [album]448[/album] [/gallery] Produkt Warmpeace Viking 1200 Levert av Hekta På Tur Veiledande pris kr. 5.499 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999 Fakta frå leverandør Vekt: 1.760 g Fyllvekt: 1200 g Volum komprimert: 13 l Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US Fyllratio: 90/10 Temperaturangivning EN standard 13537: T Comfort -10 °C T Limit -18 °C T Extreme -38 °C Fakta frå Fjellforum Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g Vekt kompresjonspose: 135 g Vekt pose: 1.701 g Fakta om testperson Kvinne 34 år. 167 cm og normalvektig. Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen. Testkriteriar Vekt og varme Pakkvolum og dunspent Dunvandring og kvalitet på saumar Komfort og brukarvennlegheit Pris Om posen Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg. Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett. Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side. Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell. Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet. Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta. Ekstrautstyr: For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799 Forklaring av nokre viktige omgrep Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US. Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover. Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris. Tilhøve under testing Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. Vurdering Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom. Vekt og varme Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.) Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg. Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt. Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her. Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget bra. 13 l for ei god natts søvn i minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving. Kompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda. Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt. Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling. Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg. Komfort og brukarvennlegheit Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap. Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin. Det svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig. Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm. Førebels konklusjon Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien. Dette skjedde med posen i det vidare Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.1 poeng
-
Produkt Helsport Reinsfjell Xtrem2 2 Levert av Helsport http://www.helsport.no/reinsfjell-x-trem Fakta fra leverandør Dybde begge fortelt 65 cm Bredde yttertelt 250 cm Høyde yttertelt 115 cm Lengde yttertelt 250 cm Bredde innertelt 120 cm Lengde innertelt 230 cm Høyde innertelt 105 cm Materiale yttertelt: 40D Helsport Superlight 1000 nylon ripstop Vekt telt: 3.500 g Vekt plugger: 150 g Vekt rep. kit: 150 g Fakta fra Fjellforum (Avvik +/-) Lengde innertelt 230 cm (0) Bredde innertelt 114 cm (-6) Dybde fortelt 60/60 cm (-5) Høyde innertelt 109 cm (+4) Høyde til nettinghylle 89 cm Vekt telt i pose 2740 g Vekt stenger i pose 763 g Samlet vekt uten plugger 3503 g Teltet leveres med aluminiumsplugger for 3-sesongsbruk 20 pluggfester ialt, av dem 8 barduner med innflettet refleks Testpersoner @qwer993 (Mann, 187cm) Testkriterier Brukervennlighet Funksjonalitet Vindstabilitet Ventilasjon Detaljer Vekt Pris Beskrivelse av teltet Helsport Reinsfjell X-trem 2 er et selvstående kuppeltelt egnet for vinterbruk. Teltet har to innganger, to like store fortelt, to ventiler og stormmatter. Teltet har tre stenger, to av dem er parallelle med en tredje overliggende stang kryssende 90 grader. Den kryssende stangen er forhåndsbøyd slik at de to forteltene får ganske rette yttervegger. Teltet skal være beregnet på to personer, men er testet som enmannstelt. Helsports beskrivelse av teltet: "Lett og romslig selvstående telt med to innganger, tilpasset vinterbruk" Testforhold Teltet er brukt av en person over 8 døgn fordelt på to turer på snaufjell. En tur sørover fra Tyinkrysset til Finse med pulk og en rundtur sørover fra Finse og tilbake med ryggsekk. Temperaturer mellom 0 og -20 grader, generelt lite vind og lite snøfall. Sterkeste vind målt ved teltet var 13m/s. Vurdering Reinsfjell X-trem 2 Oppsetting/nedpakking Teltet er enkelt å sette opp. Tre inn alle stengene forbi punktene der de krysser hverandre og ned i sokkene. Stram opp øvre stang og fest i stangkoppen. Stram så opp de to parallelle underliggende stengene og fest i stangkoppene. Stangkoppene har plass til doble stenger og holder bra på stengene. Pakkposene er rommelige og gir enkel nedpakking. Teltet er blitt brukt både med pulkpose og sammenpakket i ryggsekk. Ved bruk av pulkpose er teltet svært raskt å spenne opp og plassere, kanskje raskere enn tunneltelt fordi man slipper den ekstra operasjonen med å strekke ut teltet før man setter plugger. Teltet har reflekser innvevd i bardunene som gir godt gjenskinn i mørket. De fleste bardunene er "dobbelfestede" hvilket gir to bardunfester i ytterteltet pr plugg, og reduserer antallet barduner og flokemulighetene. For å unngå at bardunene floker seg ved pakking er det et strikkoppheng for hver bardun. Jeg synes ikke det var nødvendig å bruke disse strikkene. Bardunstammerene av plast er lette og enkle å bruke. Glidelåsene i ytterteltåpningen har store gripehåndtak som er greie å få tak i med votter. Teltet har to ventiler, en i hvert av de to like ytterteltene. En ventil sitter høyt, den andre lavere. Den høytsittende ventilen har mindre åpning enn den lavtsittende. Etter å ha testet forskjellige plasseringer i forhold til vindretningen synes jeg det var best å vende den ventilen som sitter høyest mot vinden, for å få minst mulig føyke inn i teltet. Ved vindsvake forhold som mye av testingen foregikk under, vil man forsøke å få vinden direkte inn gjennom en av ventilene, kanskje fortrinnsvis den høytsittende dersom vind og føyke skulle tilta. Telter man i terreng med en viss helning og ønsker å sove med hodet høyest, så reduserer dette fleksibiliteten i plasseringen av teltet. Man må da velge mellom optimal ventilasjon og beste liggestilling. Størst fleksibilitet i plasseringen av teltet gir derfor en vannrett teltplass, for eksempel nederst der terrenget har litt stigning mot alle kanter. Etter å ha spent opp og bardunert teltet er det tid for å spa ned stormmattene. Disse har god bredde og sitter godt i snøen. De har innsydde pluggfester som er romslige nok for bruk av ski og som fungerer bra. Å bo i teltet Å komme seg inn i teltet uten av føyka står inn i innerteltet går greit, selv om det er litt trangt når ytterteltåpningen skal lukkes. Etter å ha lempet ting og tang inni teltet er det tid for matlaging. Teltet har to fortelt med forhåndsbøyd stang som gir ganske rette yttervegger for mer effektiv arealbruk. Matlagingen foregår helst i forteltet på lesiden, med glidelåsen i ytterteltet åpnet ovenfra for utlufting av vanndamp. For å få litt ekstra takhøyde for brenneren i forteltet fjerner jeg noen centimeter med snø før jeg plasserer den. Er det lite eller ingen vind kan matlagingen gjerne foregå i forteltet som har høyt plassert ventil for å utnytte den naturlige oppdriften i teltet (konveksjonen), mer om dette under "Ventilasjon". Det er plass til snøhaug, brenner, kokekar, bensin etc i forteltet, i tillegg til en “fettfelle” for matrester. Posene med mat ble det for trangt til sammen med kokesakene, så de ble plassert i innerteltet. Jeg opplevde ingen problemer med å få plass til å utføre de rutinene jeg er vant med fra bruk av tunnelltelt med stort fortelt. Fotgropen måtte jeg droppe, men jeg ble vant til å sitte i innerteltet med bena i kors el.l for å styre brenneren. Alle åpninger inkludert ytterteltåpningene (når åpnet ovenfra) er enkelt tilgjengelig fra sitteplass i innerteltet ved matlaging og snøsmelting. Om man bruker bedding er det praktisk å sette seg rett på denne så er man i gang med matlagingen med en gang. Liggelengden i innerteltet er 230cm med skrå endevegger i både fot- og hodeende. Soveposen jeg bruker er 225cm lang målt på stuegulvet, og jeg opplevde at soveposen subbet mot endeveggene i innerteltet. Når jeg setter meg opp fra liggende stilling prøver jeg å unngå å subbe i den frossne kondensen på innerteltetduken. Det er mulig å ligge diagonalt for å unngå subbingen, men jeg falt ikke helt for denne løsningen. Innerteltet oppleves ellers som rommelig for en-persons bruk. Nettinghyllen som dekker mye av taket er nesten like bred som innerteltet og måler ca 50cm i innerteltets lengderetning. Sittende i teltet kommer hodet i kontakt med nettinghyllen, men så lenge hyllen er tom oppleves ikke dette som å sitte med hodet i taket på innerteltet, men heller å beskytte mot subbing i kondensen som henger i innertelttaket. Uten nettinghyllen oppleves takhøyden i teltet som stor. Døren i ytterteltet kan hektes opp ved å stikke en låsepinne gjennom en bardun-malje. Bruken av maljen fungerer bedre enn en løs hempe fordi det blir mulig å binde opp døren med en hånd (se bilde over). Ventilasjon Under mye av testperioden var det lite vind og - 10C til -20C. Dette er utfordrende forhold når det gjelder ventilasjon i telt. Det blir liten luftgjennomstrømming slik at fuktigheten fra pust og matlaging kondenserer og fryser i teltet før den kan luftes ut. Reinsfjell X-trem 2 har to ventiler, en høy og en lav, begge i ytterteltene. For å sørge for at snøføyka langs bakken i minst mulig grad kommer inn i teltet, plasserer jeg den høytsittende ventilen mot vinden. Koking og matlaging foregår da i forteltet på lesiden, hvor dampen har kort vei ut av teltet. Fordi dampen fra kokingen stiger opp er ikke den lavtsittende ventilen på lesiden til særlig stor nytte i utluftingen. Dampen må i stedet luftes ut gjennom ytterteltåpningen. Denne kan åpnes fra toppen slik at det oppstår en spalte der dampen kan bevege seg ut. Det er nødvendig å trekke glidelåsen ganske langt ned for å få tilstrekkelig stor åpning. En utfordring under bruk viste seg å være at vanndamp kondenserte og frøs til is i glidelåsen, slik at denne etterhvert ble vanskelig/umulig å bevege. Glidelåsen er av en fintannet type noe som antagelig ikke bidrar til å gjøre den spesielt motstandsdyktig mot ising. Fordi man ved matlaging sitter i innerteltet med innerteltdøren åpen, er det vanskelig å unngå at mye av teltet fylles med vanndamp feks ved påfylling av termos. Dette vil man oppleve også når man bruker tunnelltelt med lite fortelt om vinteren, i mindre grad når foteltet har større volum. Jeg opplevde endel ising på de nedre delene av innerteltduken i fot- og hodeenden. En høy og en lav ventil gjør det mulig å få naturlig konveksjon i teltet, det vil si at varm luft stiger opp og ut av den høyt plasserte ventilen, samtidig som kald luft trekkes inn i teltet gjennom den lave ventilen. Men effekten av denne naturlige oppdriften vil motvirkes av at luft trykkes inn gjennom den høysittende ventilen som er plassert mot vinden for å unngå snøføyke. I denne situasjonen ville jeg foretrukket at den lavtsittende ventilen i stedet var plassert høyt på teltet da dette i større grad ville bidra til utluftingen. Den høytsittende ventilen kunne også med fordel hatt større diameter, men jeg antar at konstruksjonsmessige forhold gjør dette vanskelig. Både høyt og lavt plasserte ventiler vil være utsatt for snøføyke. I telt med små forteltet vil ventiler i fortelt generelt havne ganske nær åpningen til innerteltet, også når det gjelder tunnelltelt. Den øvre ventilen i Reinsfjell X-trem 2 sitter ca 20cm fra åpningen til innerteltet så man må passe på å justere de fleksible innerteltåpningene ift føyke. Ved plassering av den lavtsittende ventilen mot vinden drar man i større grad nytte av at varm fuktig luft naturlig beveger seg ut av den høytsittende ventilen på lesiden der kokingen da foregår. Eventuell snøføyke inn gjennom den lavtsittende ventilen på vindsiden kan reguleres med myggnettingen eller lukking av ventilen. Jeg opplevde å få føyke inn gjennom ventilen dersom ventilasjonen skulle være tilstrekkelig, og foretrakk å sette teltets høytsittende ventil mot vinden. Innerteltdørene har 360-graders justeringsmulighet og heldekkende myggnetting, så det er som nevnt stort sett mulig å forhindre at føyka kommer inn i innerteltet. Er det lite vind og forhold for det, er det et poeng å lufte ekstra med ytterteltåpningene for å få ut fuktig luft. Vindstabilitet og styrke Teltet har kraftig 40D nylon ripstop i ytterteltet og tilstrekkelig lange barduner som reduserer muligheten for at pluggene løftes fra bakken. Stormmattene har pluggfester som også er tilpasset bruk av ski. Sterkeste vind på teltet under testingen var 13m/s i kastene. Dette er ikke sterk vind for et telt som dette. Teltet har forutsetninger for stor vindstabilitet, og antas å kunne håndtere det meste av vind. Annet Jeg spekulerer på hvordan teltet ville vært dersom alle tre stengene var forhåndsbøyd. Kunne dette gitt et telt med rettere endevegger også i innerteltet uten at vekten ble nevneverdig større? Men det er mulig dette vil gjøre teltet vanskeligere å spenne opp. Kunne teltet vært levert med snøplugger? 3-sesongpluggene som følger med teltet vil antagelig for de fleste brukere av teltet ikke være spesielt nyttige. Konklusjon Helsport Reinsfjell X-trem 2 er testet under moderat vind- og snøbelastning. Ved vindsvake forhold oppleves ventilasjonen i teltet som utilstrekkelig. Det blir fort behov for å ha ytterteltåpningene åpne selv når det ikke er stille, hvilket ikke alltid er praktisk eller komfortabelt. Det er vanlig at lite vind og sterk kulde gir kondens- og isingsproblemer i telt, men Reinsfjell X-trem 2 kunne nok hatt flere ventiler, for eksempel to til i innerteltet. Dette ville gi bedre ventilasjon når vinden skifter retning, bedre utlufting av damp og større fleksibilitet i plasseringen av teltet ved vindsvake forhold. Ved utlufting av damp gjennom ytterteltetåpningene oppstod betydelig ising i glidelåsene. Glidelåsene er av fintannet type, og glidelås av en grovere type kunne kanskje fungert bedre. Helsport Reinsfjell X-trem 2 er et solid vintertelt som gir trygge overnattinger i fjellet vinterstid. Det er vindstabilt, tåler snøvekt og har funksjonelle detaljer. Forteltenes størrelse er små sammenlignet med det mange er vant med til vinterbruk, men dette ble ikke opplevd som noen ulempe. Faktisk savnet denne testeren verken større fortelt eller fotgrop, og den gode tilgjengeligheten på alt innhold i teltet inkludert ventiler og ytterteltåpninger gjorde teltlivet effektivt. Hva skjedde med produktet etter endt test? Teltet ble sendt tilbake til Helsport etter testen.1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+02:00