Gå til innhold
  • Bli medlem

Snønipa (1827 moh) - 10.08


Anbefalte innlegg

Skrevet

Dette er ein topp som har lagt der å venta i mange år, og endeleg så klaffa det. Sjølv om været såg
tvilsomt ut kl 06.00, så valgte vi å reise til Jølster og Stardalen. Og ved avgang frå Haugadeln var det litt
lettare skydekke, sjølv om skodda låg rundt toppane. Rein transportetappe innover dalen, og oppover mot
Haugabreen. Pga ingen snø på breen, og voldsomt med sprekker, var det ikkje aktuelt å gå den tradisjonelle
ruta. Vi tok bratt oppover på vestsida av breen. Litt klyving i ur og morenemassar, før vi nådde breen oppe
på ryggen. Her var det fram med breutstyret, og nokre timar med brevandring låg framfor oss. Skodda låg
framleis på toppane, så sikten var minimal.

Det var restar etter nysnø rundt toppen, og ein kald vind gjorde det til ein utriveleg stad. Været var lovd
bedre på ettermiddagen, og det var tydeleg at eit kvart heldt på å skje, for i eit glimt såg vi utover Myklebustbreen.
Men det vart til at vi returnerte til breen, og starta tilbaketuren i samme trasèen. Og naturlegvis, ein halv time
etter at vi hadde forlatt toppen, begynte det å klarne opp.

Vi fekk i alle fall litt utsikt austover Jostedalsbreen, og snart låg Lodalskåpa klar og snødekt rett i aust. Og før vi tok
til på nedstiginga såg vi både Kjenndalskruna og Høgste innimellom skoddedottane. Bak Oldeskardet stupte
Briksdalsbreen bratt ned mot dalbotnen, mens Kattanakken og Hanekamben låg mørke og snøfrie under storbreen.
Då vi kom ned igjen i dalen lyste sola fint opp på fjella på sørsida av Stardalen, frå Kvannebakknova til Galden.
Endeleg var Sunnfjord sin høgste erobra, samtidig som den er høgast i to kommunar.

post-517-133474435613_thumb.jpg

post-517-133474435618_thumb.jpg

post-517-133474435624_thumb.jpg

post-517-133474435629_thumb.jpg

post-517-133474435636_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet
Snønipa er en topp jeg lengter etter.

Då har du to toppar liggande og vente Morten, Blægja og Snønipa. Begge er jo fine på ski om våren.

Så det er berre å sette av tid til neste år, så er dere velkomne over.

  • 1 år senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.