Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Fantastiske værutsikter, og snø som berre fordampar, kanskje blei det siste vårskituren i år.

Tanken var å gå inn Skarvedalsvatnet, men mykje overvatten på vatna etter varmen, gjorda at vi starta på Utsikten, på

toppen av bakkane opp frå Vetlefjorden. Var spente på kor blaut snøen var, men tidleg på morningen var den slett ikkje

verst. Lange seige bakkar opp til Vardegga, men så blir det meir kupert innover. Passerte på vestsida av Gottopphesten, og i ly av ein skavl nord for toppen var det ideelt for ein pause. Vinstille og sola steikte. Litt nedover igjen, før stigning opp til Kvangrøfjelellet, og så kjem siste bakkane opp mot toppen på Jostefonn. Ikkje så lett å finne toppunktet på

ein slik brekuppel, men aukande vind gjorde det heller ikkje til ein blivande plass. Så det var berre å ta seg nedover og finne ly på same punktet som opp for ein pause, men først stakk eg oppom toppen på Gottopphesten. Siste stykket ned gjekk på ganske roten snø, men etter 7 timar kunne vi sette oss i bilen igjen. Mykje dis gjorde at bildene blir litt uklare, og

den forventa utsikta mot Hurrungane uteblei.

post-517-133474417463_thumb.jpg

post-517-133474417473_thumb.jpg

post-517-133474417483_thumb.jpg

post-517-133474417493_thumb.jpg

Annonse
Skrevet
Ah, Sunnfjordbjørnen og Gottopphesten.

Vekker gode minner fra Meneseggi turen

Sunnfjordbjørnen ja, har aldri høyrt dette namnet brukt her.

Men du gjekk ikkje heilt inn dit då du gjekk Meneseggji?

Skrevet

Imponerande tur det der, men eg lurte eit øyeblikk på om du hadde gått den

på ein dag. Det lokale turlaget her har i eit par år hatt den første delen til Grøndalen, med retur til Vetlefjorden. Må prøve å få blitt med på den ein gong.

Har lest rapporten din frå Lifjellet òg. Kan vere artig å tenke tilbake på, men ikkje

så kjekt mens det står på. Er jo eit vanskeleg terreng å ta seg fram i, med masse hamrar, og når det attpåtil er kledt med is blir det ikkje lettare.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.