Gå til innhold
  • Bli medlem

Vik - Seimsfjellet - Vangsnesmarki - Vangsnes, Midtre Sogn.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Turen startar frå Voll i Vik i Sogn, ca. 2 km. frå Vikøyri i retning Voss/Vikjafjellet. (Parkerer ein bilen ved avkøyrsla til Trona bustadfelt, minst 2 km. sør for Vangsnes ferjekai, kan ein ta bussen derifrå og til Vik. Ein av morgonavgangane og ei rute om ettermiddagen går vidare inn i Vik-bygdi i retning Vikjafjellet og Voss). Det må påreknast ein god del vandring på veg på denne turen, men turen er elles ein flott tur frå støl til støl i fjellskogen på heia ovanfor (aust) rv. 13 Vik - Vangsnes. Turen vart gjort i ferien, etter å ha drøymt om dette i mange år. Turen er lett og er heilt utan utfordringar, men det er mykje myr, så støvlar kan vera lurt.

Følg lokalvegen Voll - Hove Steinkyrkje (verd å sjå) - Hove Kraftverk (koplingsstasjon, mange kraftlinjer ut frå den) - over brua og opp til høgre - Fosse - følg vegen gjennom skarp venstresving og vidare til skarp høgresving - følg grusvegen rett fram frå den skarpe venstresvingen - Tenoldslii - Notesete - Varpet (flott utsyn over Bødalen i Vik, med 3 kyrkjer (Hove Steinkyrkje, Hopperstad Stavkyrkje og Vik kyrkje) - parkeringsplass - følg den venstre av skogsvegane - Skorge. Det går an å gå frå Vetløyri ved fjorden i Vik og rett opp lia til Skorge, kalla for Sutastigen, og spara timar på det. Litt ovanfor stølen på Skorge står det skilt for stiane utover Seimsfjellet i retning Vangsnes. Om sommaren beitar det kyr og sauer her oppe, mange stader innover heia. Vegen endar ved skilta, men det er tydeleg at vegen er i ferd med å verta forlengja. Elles er skilta rett under ei av dei store kraftlinjene i Vik, nettopp den linja som går vidare inn i Sogn, mot dei 4-6 km. lange kraftspenna over Sognefjorden ved Hermansverk og Fimreite.

Frå skiltet følgjer ein under det store kraftspennet dei første hundre metrane. Dessutan vekslar ein mellom den påbyrja skogsvegen og den gamle stien innover. Etterkvart går den gamle, men gode stien nedanfor til venstre for kraftspennet og to mindre kraftlinjer. Endeleg er ein inne i skogen og dei lite estetisk interessante kraftlinjene er ute av syne det meste av tida. Frå no kan ein nyta turen fullt ut. Etter ei stund kjem ein til Nyastøl.

Det ber vidare inn i skogen og over Kyrelvi, elva som renn ut i den fine fossen i fjellsida rett utanfor Vik. Stien held fram oppover skogen til Kongsvatnet, der stølen Kongsli ligg bortanfor vatnet. Så ber det opp på heia. Skogen opnar seg, og det vert endeleg noko som minnar om fjell ei stund vidare no. Ver obs. glimtet av utsynet mot aust. I sør ruvar storberget Rambera, 1623 m.o.h. Det fører eit dalføre nordaustover mot Feios, og innanfor kneisar Vidasethovden (1227 m.o.h.) flott i landskapet der inne. Bleia (1717 m.o.h.) ved Revsnes ruvar godt i aust, (og er omtala i ein annan tråd på forumet). Og, jau fjellfolk, det kjem, for lengst bak i aust kjem Falketind og Urdanostind i Jotunheimen til syne. (Frå Kvitenjuk lenger nord finn de resten, med Hurrungane, m.m.). Det ber bortover heia til Kallbakkstølen som høyrer til Vangsnes. Stølen ligg eigentleg på ei vêrutsett hei, men denne dagen var det stilt og varmt der, og kyrne beita villig der oppe. Kallbakk ligg ca. 730 m.o.h., så dette er ingen høgfjellstur, men ein kosetur.

Følg så skiltet i retning Vangsnes eller Trona. Styr unna skilta mot Hovland og Øksdal når dei dukkar opp. (Det får i såfall verta ein annan tur). Ved Kallbakk får fjella nord for Sognefjorden ei flott innramming av myrar med eit og anna tre omkring. I nord-nordvest ser ein Balestrandfjelli med Bjørnabreen, Keipen, Johannesberget, Vassdalsnipi, Jostefonni og Meneseggi/Melsnipi. (Sjå Arnt Flatmo sine bilete frå Meneseggi og Jostefonni). Vidare mot høgre held det fram med Staven (mellom Leikanger og Fjærlandsfjorden) og Myrdalsbreen.

Så er det berre å rusla over myrane, forbi nokre idylliske tjørnar med siv langt utover. Det ber no ned att i skogen, og snart ber det forbi murane i Kleivadalen. Lenger nede ser ein at det er laga til vassanlegg i bekkane for å samla vatnet noko. Etterkvart ber det inn i ein einestaåande furuskog av beste vestlandske merke, med mange krokfuru innimellom. Så kjem ein ned til ei av dei aller vakraste tjørnane eg har sett i heile mitt liv, jau, nestan den vakraste synest eg. Dette er Høgretjørn (517 m.o.h.), og opplevinga av naturstemninga der i glødande og varm seinsommar-kveldssol gløymer eg aldri. Eg visste om denne vakre tjørna, men no måtte eg berre setja meg ned og nyta den lenge.

Så er det berre å ta fatt på det siste stykket mot Vangsnes, med utsyn mot Balestrandfjelli i silhuett i seinsommarsola mellom furustammene. Det ber snart ned på skogsvegane som kjem opp frå Vangsnes. No kan ein velja mellom å følgja skogsvegen, eller å gå den gamle stien rett nedover, der den er å finna. For meg vart det den gamle stien først, og seinare skogsvegen. Lenger nede passerer ein Godstøl, der berre selsbøen er å sjå med sine knausar med snorrette einer av nokre tre innimellom. Skogsvegen held fram nedover og forgreinar seg. Følg den som er mest køyrt på, og det er eit stykke å gå på denne vegen óg. Så passerer ein toppen av ein gammal hoppbakke (grind i vegen). Underleg med ein hoppbakke her på Vangsnes, her det nestan aldri er kaldt nok til å koma snø ein gong, på denne tangen midt i hardaste vindtrekken i Sognefjorden. (Må vera plast, kanskje). De som har vore på Vangsnes eller er kjend i Sogn, vil óg undra seg over at det finns ein hoppbakke på Vangsnes.

Dermed er det berre å rusla ned bakken til like nedanfor Trona bustadfelt, der asfalten overtek. Så er det berre å rusla ned mot rv. 13, men følg vegen mot venstre i eit kryss undervegs. Ein kan gå ned til høgre óg, og vandra mellom frukthagane på Vangsnes, som no er eit syn verd for dei haustar eplene. Kjøp gjerne frukt på ein av gardane her når de er her. Vegen held fram forbi Vangsnes kyrkje og til den temmeleg høge Fridtjov-statuen, der han skodar mot ho Ingeborg på Belehaugen (Balholm/Balestrand). Derifrå er det berre nokre svingar ned mot Vangsnes ferjekai. Butikk og campingplassar for dei som treng det. Bortsett frå om natta når fjorden er "stengt", er Vangsnes eit greitt knutepunkt. Når de er i dette området, ta turen til Fresvik lenger aust og ta turen frå Fresvik til Jordalen (retning Voss), sjå tråd om Gjest Baardsen sine fotefar. Fjellturane ut mot Sognefjorden er dei finaste turane eg opplever jamnt over i "fjella mine", (sjå tråd om turen over Kleivfjellet lenger ute i fjorden, båt frå Vik, Ortnevik eller Nordeide).

God tur!

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.