Gå til innhold

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'utmark'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Marker Groups

  • Members

Kategorier

  • Velkommen til Fjellforum!
    • Om Fjellforum
    • Info fra ledelsen
  • Aktivitet
    • Fjellvandring
    • Ski og vinter inkl. brevandring
    • Andre aktiviteter
    • Jakt og fiske
  • Turtips og turrapporter
    • Turrapporter
    • Ekspedisjoner og utenlandsturer
    • Barn på tur
    • Turtips
  • Generelt om friluftsliv
    • Hunder
    • Mat på tur
    • Helse på tur
    • Foto
    • Generelt om friluftsliv
    • Samfunnsdebatt
  • Utstyr
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Primus og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
    • Kjøp, salg og bytte
    • Alle utstyrserfaringene
    • Gjør det selv
  • Diverse
    • Turfølge - forumtreff
    • Bøker - media - foredrag
    • Åpne hytter
  • Prosjekt: 12 måneder
  • Elbrus 2015
  • Turgruppe Bergen

Categories

  • Utstyrstester
    • Bære- og fraktsystemer
    • Bo og sove
    • Brenner og kokesystem
    • Vinterutstyr
    • Bekledning
    • Fottøy
    • Navigasjon
    • Alt annet utstyr
  • Nyheter
    • Artikler
  • Guider
  • Turrapporter

Categories

  • Intervju

Categories

  • Medlemmenes egne videoer (friluftsliv)
  • Gode friluftsvideoer fra andre
  • Gjør det selv - videoer
  • Dyrefilmer
  • Instruksjonsvideoer - forumet

Kalendre

  • Fjellforums kalender

Fant 2 resultater

  1. Vanligvis aksepterer grunneiere hunder som holdes i bånd, men det er et moment som hundeeiere bør være klar over når de går i beiteområder hvor det beiter storfe. Storfe har ofte en innebygget aversjon mot fremmede hunder og kan lett angripe turgåere med hund. Et par eksempler: En gang var jeg på besøk inne i Ryfylke med en gjeng speidere. Vi hadde også med oss en historiker fra Stavanger museum. En dag var vi ute for å se på restene etter en gammel vikingboplass hvor det var rester etter to lange sjøhus. Disse lå i kanten av et større kulturbeite hvor det beitet en del ungdyr av den typen som gir oss melk og kjøtt. Mannen fra museet hadde med seg en hundevalp som tumlet rund mellom ungene og alt var rolig og fint. Så plutselig dukket det opp noen ungdyr. Jeg har relativt lang erfaring med å arbeide i landbruket og forstod raskt, ut fra dyrenes oppførsel, at dette ikke var noen høflighetsvisitt. Dyrene kom hoppende og løpende med halen rett til værs og siden de "bare var ungdyr" så ble oppførselen oppfattet som at dyrene bare var lekne og interesserte i selskap. Heldig vis visste jeg bedre og fikk gitt beskjed om at hundeeieren måtte ta valpen sin og evakuere. Det var så vidt han nådde grinda, men hunden i armene, før dyrene var i ferd med å omringe ham. Oss andre var dyrene helt uinteresserte i. En annen historie fra slutten av siste verdenskrig: Like ved der jeg vokste opp, ble det under siste krig, bygget en del bunkere og en lang linje med panservern. Dette var et anlegg som skulle stoppe panser og andre kjøretøyer i forbindelse med en eventuell alliert invasjon fra vest og ble på folkemunne betegnet som "Grøfta". I tillegg til russiske og polske krigsfanger så ble en del norske ungdommer, i vernepliktig alder, som bodde i området, kommandert ut for å jobbe på dette anlegget. Tyskerne kalte dette for "arbeidstjenesten". Min onkel var en av dem som jobbet her og han kunne fortelle at det en gang kom en tysk offiser med en stor sjeferhund for å inspisere anlegget. Anlegget lå like ved en bondegård og bondens buskap beitet i det samme området. Da den tyske offiseren kom inn på området begynte dyrene å sirkle ham inn. Til slutt stod han og hunden midt i en flokk med storfe som hoppet og danset i en ring rundt ham. Norske storfe forstår lite tysk og da det ikke nyttet for tyskeren å bruke kjeft så trakk han opp sin Luger parabellum https://no.wikipedia.org/wiki/Luger og begynte å skyte i luften. Da heller ikke dette hjalp så slapp han hunden og brøytet seg veg ut gjennom kuflokken. Selv berget han skinnet, men hunden lå igjen som en skitten skinnfell i gjørma da dyra endelig trakk seg tilbake. Så når det gjelder hundeeiere så er det faktisk ikke bare på grunn av at bonden er redd for dyra sine at det noen steder settes opp skilt med forbud for hunder. Men i noen tilfeller, særlig der landbruksområder grenser opp mot bebyggelse eller byområder, så kan løshunder være et problem. (Jeg har en gang jobbet for faren til denne bonden.) https://www.nrk.no/rogaland/bonde-skjot-tre-hunder-som-jaget-sauene-hans-1.13083434 Når det gjelder drikkevannskilder så er ofte de eneste restriksjonene bading. En drikkevannskilde kan ligge i et område med beitende dyr og man må da selvfølgelig regne med en del forurensning fra disse, men dette takler vannverket vanligvis bra. Annen forurensning som kan komme fra badende mennesker er de derimot ikke så glade i og det står ofte skilt "Drikkevann, bading forbudt" langs slike vann.
  2. Hei, folkens! Eg har nokre ting som eg prøvar å finne ut av i samband med allemannsretten og hytte i utmark som eg vonar nokon her kan hjelpe meg å nøste opp i. Lat meg fyrst begynne med å seie at eg på ingen måte er nokon motstandar av allemannsretten – tvert imot, eg har hatt mykje glede av denne sjølv, og eg er sjeleglad for at folk heller tek ein tur ut i Guds frie natur enn å sitje inne framføre ein skjerm. Dette er ein rett me lyt hegne om og ta vare på. Når det er sagt så tykkjer eg nok stundom at det vert litt for mykje fokus på kva rettar ein har i høve til lovverket, og at det vert sagt for lite om pliktene. Eg vonar folk har tolmod til å lese alt eg skriv, då dette nok vert eit rimeleg langt innlegg. 🙂 Eg tykkjer likevel at eg lyt skrive såpass for at eg skal få fram alle aktuelle og relevante moment. Problemstillinga mi er som fylgjer: Me har ei hytte i utmark, som fram til for få år sidan låg 30-40 minutts gangtid frå næraste bilveg. Denne hytta har alltid vore «friplassen» til familien vår, der me reiser for å kople av i ro og fred. Slik har det vore heilt til for nokre år sidan, då det vart etablert eit stort hyttefelt i nærleiken. Hyttefeltet gjer at ein no kjem nærare hytta med bil, så no er det berre 10-12 minutt å gå opp dit. Vidare så er det slik at frå dette hyttefeltet så er der ein oppmerkt tursti til ein fjelltopp i nærleiken. Denne turstien er i periodar sterkt trafikkert av turgåarar. Frå turstien går der ein sidesti som går opp til hytta vår. Denne sidestien er ikkje merkt som tursti (og har ikkje tradisjonelt vore brukt som dette), men det tok ikkje så lange tida før folk begynte å ta denne i bruk. Så langt er for så vidt alt greitt. Problemet vårt er at stien som går opp til hytta vår vert brukt for å kome opp til eit fiskevatn i nærleiken (eller berre for generelt å gå tur i området). Denne stien går rett gjennom hyttetunet vårt, og på grunn av terrenget så vert folk gåande rett forbi hytta vår (og når eg seier «rett forbi» så meiner eg så nær at dei bokstaveleg tala kan leggje handa på verandarekkverket når dei går forbi). Då det i høgsesongane er veldig mykje folk som går denne vegen så har dette blitt særs sjenerande for oss. Det vert ikkje betre av at mange tykkjest meine at det er heilt greitt å stå og kikke inn vindaugo våre, fyre opp bål rett i nærleiken av hytta, forsyne seg med ved frå vedlageret vårt, bade splitter nakne i direkte utsikt frå stovevindauga vårt eller stele ei grillrist for å lage seg mat (alt dette er reelle ting me har opplevd, og noko av det skjer relativt ofte). Eg har mange gonger prøvd å prate med folk som går forbi og bede dei (på ein roleg og høfleg måte) om å i det minste gå på baksida av hytta når dei går forbi. Det svaret eg har fått frå dei fleste er at dei ikkje trudde det var folk på hytta, men dette er som oftast umogeleg å konstatere før ein er på framsida av hytta og kikkar inn stovevindauga, og då er «skaden» allereie skjedd. Etter å ha levd med dette i nokre år så ynskte me no å gjere tiltak for å prøve å avgrense denne ferdsla. Det me gjorde var å lage ein «tursti» på baksida av hytta, der me brukte eit par dagar på å rydde skog og merkje opp med blåfarge (slik som andre turstiar i området er merkte). For dei som skal til det tidlegare nemnde fiskevatnet eller berre generelt gå tur vidare innover heia så er denne nye stien eit både kortare og tørrare alternativ enn å ta vegen rundt hytta vår og vasse gjennom myra på baksida av denne. I tillegg til dette så sette me opp skilt med «privat veg» dei siste 50 meterane eller så frå hytta som ei ytterlegare bevisstgjering i høve til den nye turstien me hadde laga på baksida. (Her bør òg nemnast at hyttetomta ligg på ein plass rett attmed ein foss der det er fin badeplass og god utsikt, noko som gjer at folk trekkjer dit av dei grunnane. Me vona likevel at den nye turstien på baksida, samt dei skilta me sette opp, ville vere med på å bevisstgjere folk på vårt ynskje om privatliv på hytta vår.) Me var på hytta no i helga, og det fyrste som møtte oss var at nokon hadde rive ned det eine skiltet med «privat veg» og hiva det langt til skogs. Ikkje lenge etterpå begynte folkestraumen forbi hytta på same måte som tidlegare (inkludert dei nakenbadarane eg nemnde tidlegare). På veg ned att trefte me nokon som var på veg til å gå forbi hytta, og me spurde dei (igjen heilt roleg og høfleg) om dei kunne vere så greie å gå den nye turstien me hadde laga. Fyrst fekk me eit halvsurt svar om at det ikkje var godt å sjå denne stien (trass i at han er svært godt merkt der han begynner), og deretter ein like halvsur kommentar om at då fekk dei ikkje sett på utsikten utanfor hytta vår på vegen til fiskevatnet. Det vart likevel til at dei snudde og bruka den nye stien. (Det skal seiast at me ser at ein del har brukt den nye stien, men tydelegvis vel mange å berre ignorere han.) Eg tykkjer ikkje noko av dette er noko moro, for både eg og kona mi er i utgangspunktet blide og folkekjære menneske, og eg har liten lyst til å verte oppfatta som «han sure hytteeigaren» (eller som «Gamle Bry’n» for dei av dykk som høyrer på Hellbillies 😉). Problemet er berre at alternativet (i alle fall for oss) er verre, og det er å misse store delar av privatlivets fred på hytta vår, samt å leve med kraftig auka slitasje og anna ugreie som den store trafikken fører med seg. Det eg lurar på er i botn og grunn kva mogelegheiter eg har til i høve til lovverket, både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt. Eg har lese grundig gjennom «Lov om friluftslivet (friluftsloven)» utan å verte heilt klok på kva som gjeld i dette høvet og ikkje. Under her har eg lista opp utdrag av enkelte paragrafar, samt dei spørsmåla eg har i høve til desse. Vonleg er det nokon her som har noko å fare med i denne samanhengen: Frå § 1 a: «Som innmark eller like med innmark reknes i denne lov gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker.» Kan hyttetunet vårt, når hytta ligg i utmark, definerast som «gårdsplass»/«hustomt», eller i det minste som «liknende område», og såleis gjelde som innmark? Vil det, ut frå det eg har beskrive ovanfor, vere rimeleg å seie at «almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker» i dette høvet? Frå § 2: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.» Vil det vere rimeleg av meg å hevde at den trafikken og åtferda eg har beskrive ovanfor ikkje skjer «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (mest relevant viss hyttetunet vårt ikkje kan definerast som innmark i høve til § 1 a)? Frå § 8: «Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.» Vil det ut frå denne paragrafen vere rimeleg å vise bort folk som badar i elva rett attmed hytta vår? Er i underkant av 50 meter frå hytteveggen å rekne som kortare enn det ein kan rekne som «rimeleg avstand»? Er ei hytte «bebodd» berre når der er folk, eller gjeld det så lenge hytta er i jamleg bruk (eg ville no til dømes meint at eit bustadhus framleis er «bebodd» sjølv om husfolket er bortreiste på ferie)? Frå § 11: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen. Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe.» Vil det vere rimeleg å seie at den framferda eg har synt til over her er som «hensynsløs» eller «utilbørlig atferd» å rekne, og at eg såleis ville kunne vise bort folk frå hyttetunet vårt på bakgrunn av dette? Frå § 13: «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett. Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.» Kan nokon ut frå dette hevde at dei skilta eg sette opp på siste delen av vegen inn til hyttetunet med «privat veg» er ulovlege, trass i at eg har laga alternativ sti for turgåarar, og trass i at stien som er merkt som privat berre går til hyttetunet vårt og direkte nærliggande område? Frå § 16: «Blir en eiendom i særlig grad utsatt for almenhetens ferdsel kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren bestemme hel eller delvis sperring av eiendommen, når ferdselen gjør nevneverdig skade på den eller er til vesentlig hinder for den bruk som eieren eller brukeren gjør eller ønsker å gjøre av den.» Er der noko opning i denne paragrafen for at eg kan søkje kommunen om eventuelt å setje opp gjerde eller tilsvarande stengsle for å hindre ferdsle over hyttetunet vårt? Det var det i denne omgang – då lyt eg seie takk til dei som orka å lese så langt! 😃 Eg vonar verkeleg at dette ikkje berre vert oppfatta som klaging og syting frå vår side, det som går føre seg opplevast verkeleg som eit stort problem for oss, og som at hytta og hyttetunet vårt (i alle fall i store periodar av året) er mykje mindre attraktive enn før. Eg understrekar enno ein gong at eg ikkje er ute etter å hindre nokon i å nytte allemannsretten for å ferdast i området generelt, noko som skulle vere bevist av den tilrettelegging me har prøvd å få i stand. Det einaste me ynskjer er å kunne ha normalt privatliv, ro og fred på hytta vår. Ha ein flott dag vidare, og takk for alle svar! 🙂
×