Gå til innhold
  • Bli medlem

densistemohikanar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av densistemohikanar

  1. Tusen takk for svar på det eg lurte på. Ser fram til ein flott tur nedover kanalen komande helg med kano og windpaddle-segl (derson vinden kjem frå nordleg retning). Fint ver er det meldt og. Heilt enig i at kanalar er kjekt å padla. Trange passasjar der ein kjem tett opp i landskapet er som regel å foretrekka framfor lange etappar langs store opne vatn. Har nettopp padla Andelva frå Vorma/ Eidsvoll til Hurdalsjøen. Ein flott tur, men litt plundrete med fleire transportetappar forbi rørgater. Fordel med tralle.
  2. Har tenkt å padla/ segla Telemarkskanalen med startpunkt Notodden seinare i haust. Manglar info. på siste strekka. - Korleis er det å padla elva frå Skien, frå nedsida av Damfossen, gjennom Porsgrunn og ut i fjorden? - Er det rolig elv, stryk, hindringar/ sluser o.l? - Kvar er det best å starta padlinga etter Damfossen. Er det farlege straumar i vatnet nedanfor fossen? Takk for svar!
  3. Takk for svar. Har boka til Køhn og kjenner til ruta du nemner. Tenker innsjø og evt. enkel elv utan behov for spruttrekk. Gjerne ein rundtur med start og mål same plass. Leige frå nokon som kan frakta utstyr kunne også vore greit men ikkje noko absolutt krav.
  4. Nordhordaland Folkehøgskule på Frekhaug har også kanoar men veit ikkje om dei leiger ut.
  5. Har leigd kano av Nordre Holsnøy Idrettslag for padling på Storavatnet på Holsnøy (Meland) for ein god del år tilbake. Eit fint vatn å padla og campa ved omgitt av furuskog (Gripen) og med fin utsikt mot Eldsfjellet. Spennande kanal frå Storavatnet inn til Bjørndalsvatnet. Sit på eit gamalt planleggingskart som heiter "Padling i Lindås". Kanskje du får tak i det frå Nordhordaland Reiselivslag tlf. 56351601. På kartet finn ein løyper og kontaktinfo. Padleutleige: 56363525 (Bruvoll Camping), 56360576/ 97633732 (Marås Gard), 56360785/ 95886888 (Jorunn Kvalvågnes), 56353433/ 91600060 (Hjelmås Hestesenter), 56355150 (Feste Gjestebrygge og Kolonial), 93438965/ 55344609 (Hawa Sport, Bergen. Ver merksam på at kartet er over 10 år og at informasjon kan vera utdatert.
  6. Vi er to kameratar som bur på kvar vår kant av landet og har tenkt å møtast for ein padletur med kano ei (lang)helg i oktober/ november. Ein av oss bur på Eidsvoll (Gardermoen), den andre i Bergen. Det lettaste er at vi møtest ca. på halvvegen i forhold til reisetid. Er det nokon som veit om eit fint område i lavlandet (kan ikkje vera for langt til fjells grunna faren for snø og is så seint på hausten)? Det må gjerne vera ein plass det er mogleg å reisa til kollektivt fordi den eine av oss ikkje køyrer bil og fordi vi truleg vil ankoma til ulikt tidspunkt. Takk for svar!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.