Gå til innhold

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1036
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Ja MEN hyttene i bjørkeskogen fører til fleire turgåere i villreinområder. Folk har ikkje hytter på fjellet eller i tregrensa for å sitje inne. Hytter på Imingefjell, Haugastøl, Ustaoset m.m. mater folk inn i villreinområder. Til fleire hytter i randsonene, til meir folk nytter randsoner og villreinområda til tur. Men som det er påpeika så er ikkje dette enten hytter og anna utbygging eller DNT, det er begge deler. Forskjellen er at i dette tilfellet gjer DNT noko,.
  2. NINA har lagt ein rapport for å sjå på villrein kontra menneske på Hardangervidda: https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2759600 Og viser til at det er summen av påverknad som er viktig: "...menneskelig aktivitet samlet sett gir det største bidraget til å forklare villreinens bruk av Hardangervidda, og denne effekten er sterkere om sommeren enn om vinteren. Det er den «tunge» utbyggingen av infrastruktur i randsonen som har medført sterkt redusert habitatkvalitet og mulighet for trekk". DNT tek ansvar, det vert interessant å sjå om kommunane også gjer aktiv grep.
  3. Ja, så lenge du bruker tre til brensel og ikkje råolje
  4. Hei, lengst vest på vidda er høgfjell med lite vegetasjon og mykje snø. dvs legg turen til seint på sommaren. Bruk telt som tåler litt, siden det er ein del ver her. Primus, er utfordrande med bål. Bra fiske i mange vatn, tidvis fin og stor fisk (les quenild si bok om hardangervidda). Via vassdrag, tenker du padle? Korte og bratte vassdrag og lite egna for å padle.
  5. Har brukt denne til 3 sesongers , kan utvidast til 140 cm lengde. vil sei Tkomfort ned mot 5-6 +. https://www.intersport.no/mammut-little-mammut-mti-140-friluft-gronn/ino.mammut.2410-01822.001.html Har brukt den ned mot 0 grader men då med ein del kle på ungen. Vår utfordring er at med for varme poser på varme netter så driv ungane å kryp utav posane, noko som gjer at vi fleire ganger i løpet av natta må dytte dei ned att, det er litt slitsomt. Derfor så har vi gått for 3sesongersposer og heller hatt med ullpledd eller jervenduk som vi tek over dersom det vert for kaldt, siden vi då kan regulerar temperaturen betre utan å måtte opne/lukke soveposen eller at ungane driv å kryp utav i løpet av natta.
  6. Det kan så vera, men alt er relativt - i dag er ingen(?) som tilbyr gratis reperasjon utover produksjonsfeil, og sett i ljos av det så får bodskapen her ein pluss i margen.
  7. I haugen av kjøpepress i black friday, black week og black month så er det gledeleg at Helsport tilbyr gratis reparasjon som ein motpol: https://www.helsport.com/no/kampanjer/black-friday/
  8. nei, men er funne mindre flintknoller som folk har tatt med seg.
  9. Var dette i nærleiken av veg? Skulle eg tippe utan bakgrunnsinfo om stad ville eg sagt obsidian (vulkansk glass) jf @elgen, men det er det ikkje på fjellet der. Men steinen har skarpe bruddkanter, har blitt utsatt for lite forvitring eller mekanisk slitasje. Dette tyder jo på at den ikkje er ein del av naturleg geologi her, siden det ville vore tydleg forvitring og mekanisk slitasje, med runde kanter, forvitringslag, lav o.l. Kan det vera ein veldig mørk flint-type?
  10. Sikksakkvegen opp er relativt ny men er her avbilda. Stien viser i øvre bildekant, ikkje akkurat vanskeleg å få auge på.
  11. Det er ein heilt vanleg fjelltur, så dersom du treng guide til det så bør du ha det her, men for folk som har vore på dagstur før så går det greit. Er nokre rastebuer innover der og godt merka sti. Grunnen til at det er varsla og fokusert på guide med meir er at ein god del av dei besøkande her ikkje ser forskjell på tur på kanten av Hardangervidda og ein ettermiddag i Oxford street (og kler seg deretter).
  12. Flott, takk for svar @Skogens Stønn. Er jo ute etter ein kombiløysing der eg kan padle ein del åleine men kan vera to. Kjem ikkje til å padle stryka klasse 4 eller noko slikt men mindre enkle elver for leik og morro. Kunne tenkt meg ein rein elvekano men det er avgrensa kor mange fartøy eg kan ha i garasjen så då må eg ha noko som gjer ein fleirbruk .
  13. Osprey aether er jo eit alternativ i den kategorien. har ikkje prøvd denne men har fleire ospreysekker og meiner dei er noko av det beste på min rygg: https://backpackinglight.se/varumarken/osprey/osprey-aether-pro-70
  14. Gresshopper er vanlege på høgfjellet, typisk i overgang myr og lyngområder.
  15. Ja, eldre fluestenger er ofte litt tyngre og litt tregere i aksjon. Kva liker du? Eg bruker mykje ei treg karbonstang frå 2002 som funker strålande for meg. I tillegg er eit godt snøre viktig. Har du mulighet til å prøvekaste 1 og 2 dager så er jo det best. Kva modell er det?
  16. Glasfiberstenger, toler mindre, sprekk lettare opp dersom det vert slagskader på dei enn aluminiumstenger. Polyesterstoff, tyngre men kan tole ein del avhengig av kva kvalitet det er. Det kjem av på bruken, skal du bruke det i pent vær og uten for mykje vind så sikkert bra. MEN tenkt gjennom om du vil vera ein del på tur framover, i så fall kjem du heilt sikkert til å investera i eit nytt telt som er 2 hakk opp. Det kan lønne seg å gjera det med ein gong (erfaring som snakker). Både bergans og helsport har nokre rimelege modeller i 2 og 3 manns som toler ein del bruk og som er 2 hakk opp frå dette teltet. Søk på finn.no på bergans og helsport telt.
  17. Hei, har brukt bergtragen eco-shell. Veldig mjuk og god jakke, vindtett og god passform, god hette. Vanntetthet, nja. Goretex jakker er meir vanntette enn ecoshell, basert på mykje bruk med både ecoshell og arcteryx alpha goretex. Eg bruke arcetryx dersom det er regn og fjallreven dersom det er tørt og ikkje for fuktig.
  18. Hei, nokon som har padla denne ruta og kan sei om det er mest bæring eller om det er ok padle elv?
  19. Hei, nokon som kan sei noko om ally 15 i elv for solopadler? Er den ok å styre med når det gjeld enkel elvepadling eller vert den for lang?
  20. Takk for svar, med andre ord må det bli ein plastkano av eit eller anna merke.
  21. Hei, nokon som har erfaring med bruk av ally på sjøen og kan sei korleis denne takler salt?
  22. Høyres bra ut!
  23. @KjetilO Korleis er erfaringa etter nokre år med diypackraftene? Er det stor forskjell på materiale frå extremtextile kontra diypackraft?
  24. Oki, merkelege greier, krysser fingre for at det ordner seg.
  25. Hei, denne meldinga ligg på heimesida deira:NORWAY and GREAT BRITAIN: We are currently not able to ship to NO and GB due to customs regulations. Sorry for any inconvenience. nokon som veit kva og kor lenge dette har vore?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.