-
Ha 1 jakke til tyngre bruk eller flere? Trenger man tykke skalljakker?
Min erfaring med 2.5 lags jakker er at dei er lettare og berekna for meir sommerturer/kortere turer. dei har enklare hetter og er mindre beskyttende. Frå september til mai så vil eg ha ei jakke som er skikkeleg skall. Når det er er vind, ausande regn og 6 +, så treng eg ei tjukk 3 lags jakke med god og skikkeleg hette som held i 8 timer. Derfor har eg ei solid 3 lags jakke og ei lett og tynn jakke til bruk på sommeren. Kan sei at i tillegg har eg ei supergod regnjakke som er 100 % tett og veldig anvendelig i ytre strok av vestlandet. Dersom du er ute 12 mnd i året på vestlandet så ville eg ikkje vore i tvil om at ei 3 lags jakke er på sin plass.
-
Tips for å komme seg mer ut på tur?
Tips for å dra masse på tur midt i lavtrykksbeltet er å ha skikkelege gode kle, som gjer at du slepp å ha på deg slaskete regnkle som er alt for tette. som @sneakyowl seier, det er veldig viktig å setje seg eit mål, ikkje alle har motivasjon for å gå ein runde i myr og på sleipe røter bare for turen sin del. Kjøp deg ei fiskestang, begynn å jakte, sank sopp, kjøp fotoapparat og ta gode naturbilete, tell topper eller tren motbakkeløp etc etc. evt er du heil sprø så kjøp deg hund og begynn å tren den på spor, apport, søk osv.
-
Dyr retur på pakke - Birk sport
Ja, eg leste dette som om at det må vera same ytre esken som varene kom i, og ser at det kan vera at varene må vera i sin orginale innpakning, noko som såklart er sunn fornuft. Uansett så er kjernen her at eg betalte 129 i frakt men må betale 229 i retur for same pakken. Framstår som eit forsøk på å gebyrlegge retur på og med det gjera den lovpålagte retten til å angre innen 14 dager meir kostbar.
-
Dyr retur på pakke - Birk sport
Takk, skal sjekke dette. Dei set i tillegg krav til at: "Legg produktene og returskjemaet tilbake i sin originale forpakning. Det er ikke tillatt å klistre noe over originalforpakningen (feks skokartong)". Med andre ord må det sendast i orginalforpakning. Eit veldig spesielt krav utan at det er vanskeleg å innfri. Og det er kun små varer som er kjøpt, dvs ingen ting som går ut over standard pakke i posten.
-
Ørretfisk på hardangervidda
Slutten av september på vidda kan vera snø og kaldt. Fisken vil vera i gytemodus, dvs at den er varierande kvalitet, med ein del mager fisk full i mjelke og rogn. Til høgare du er til tidlegare gyt fisken. Dersom det er inn på Eidfjord så er det fredningstid mellom 15.08-01.10 sør for Normannslågen, og det er her du vil inn. Elles er det jo alltid normannslågen og Langavatnet, Tinnhølen med meir. Fine dager i september på høgfjellet er fantastiske, du kan ha bra fiske og det er ingen mygg 🙂
-
Dyr retur på pakke - Birk sport
Hei, har kjøpt nokre deler til sykkel på Birk sport sin nettbutikk. Vurderer å sende noko i retur men leser på deira nettside at retur koster 229,- for vanleg pakke. Dette koster 145,- for meg som privatperson og med tanke på at bedrifter ofte har betre avtale så antar eg at dei har kanskje 100 % påslag. Eg er vane med retur koster frå 49-149,-. Er dette veldig dyrt eller er det eg som ikkje heilt heng med?
-
Hardangervidda i september
Nei, ikkje legg planen på hylla, det er heilt trygt. Det er meir at du tek hensyn dersom du møter eller ser ein flokk med villrein så kan du avvente litt eller gå ei liten omvei rundt (noko som gjeld heile året egentlig).
-
Ansvar på guida toppturer
Politiet har henlagt saka der eit selskap tok med kunder på guida toppturer sjølv om det var meldt "betydeleg snøskredfare" og det var naturleg utløyste skred i området. Det er interessant med tanke på at ansvaret arrangøren har i slike tilfeller er veldig lite, ut frå vurdering til politiet. Det er politiet sin vurdering at: "selskapet benyttet høyt kvalifiserte guider med erfaring og kunnskap om lokalområdet som foretok vurderinger av skredfaren". Så om du skal på organisert tur med erfarne guider så må du likevel gjera dine egne vurderinger, for ansvaret ligg ikkje på arrangøren. https://www.nrk.no/nordland/hanna-ble-tatt-av-snoskred-pa-guidet-tur_-na-er-saken-henlagt-1.17841354
-
Klattermusen membran vanntett?
Takk, det var svaret eg var ute etter 🙂
-
Klattermusen membran vanntett?
Vurderar KM Skirner eller Allgrøn som ny heile-året-jakke. Her betyr det store mengder med regn og vind, og jakka må holde ute begge på lange dager på fjellet. Og då lurar eg på korleis er KM sin membran når det gjeld å holde vatn ute, duger den? Burde eg heller gå for standard goretex? Og er det nokon som har erfaring med dei to nemnde jakkane?
-
Bergans rabot alpine jakke
Vurder å kjøpe ein slik. Nokon som kan sei noko om kor solid jakka er og kor god denne membranen er? og korleis er str, er dei store eller små i str?
-
Drone dispensasjon
For alle nasjonalparker er det nasjonalparkstyret som håndhever forskrift, gjer løyver og evt følger opp ulovligheter. Unntak er Hardangervidda der det er statsforvalter eller tilsynsutvalg. Nokon landskapsvernområder har eige verneområdestyrer og nokon er lagt til statsforvalter, og nokon få har kommunen ansvar for. Er du usikker spør du kommunen eller statsforvalter. I tillegg kan Statens naturoppsyn føre tilsyn i alle verneområder og følger opp ulovligheter. Dersom du kjem over noko som kan vera ulovleg kan du ringe til verneområdeforvalter, statsforvalter eller SNO. sjekk denne: https://www.uasnorway.no/forti-nasjonalparker-forti-ulike-regler/
-
Attraktorfluer til ørretfiske
Har fiska litt med museimitasjon av hjortedyr etter gjedde, det er fantastisk spennande. MEN problemet er at de er veldig store og eit styr å kaste med, sjøl med 7stang. Hadde ein plan om å bruke desse på nattfiske på vidda men pga utfordring med kasting og 5stang så la eg dette dødt. Finnes enkle foammønster og kaninpels/zonkerstrips (som bare er 4 snurringer rundt stor krok) men har ikke binde nokon av desse.
-
Attraktorfluer til ørretfiske
Litt kjedelig men bruker ein enkel variant av streaking caddis, dvs uten kropp, bare hjortehårsvinge og tett surra hackel på fremste delen. Denne flyt veldig bra og kan stripes i overflata. Eg trur at mønster ikkje er så viktig men meir bevegelsen som trigger hugg. Har fiske litt med tsjernobyl ant og den funker men er litt lat så då bruker eg dei fluene eg har i boksen. hvilke str bruker du?
-
Tiltak for vern av villrein (slått sammen av to tråder)
De fleste ja men erfaring frå Dovre og moskusen der er at nokon ikkje tek hensyn til dette, men går for nærme i jakt på bilete og generell mangel på kunnskap om ville dyr. Det er ein vesentleg forskjell på reinsdyr og moskus men det er ingen tvil om at posting av sanntidsdata ville vore eit trekkplaster på folk som vil ha eit villreinbilete eller liknande. Tillit er bra men som DNT-systemet viser så er det nokon som ikkje heilt skjønner konseptet.