Gå til innhold
  • Bli medlem

knut

Aktiv medlem
  • Innlegg

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av knut

  1. Her er eit greit bilete som viser ruta frå Vestre. Under gode forhold og tørt fjell er det enklest og minst eksponert å følgje ryggen heile vegen, ikkje ta seg ned i høgresida.
  2. Takk for tips så langt. Har fleire gonger gått over Besseggen frå Memerubu, så det blir nok start frå Gjendesheim fyrste dagen tenkjer eg. Forslaget ditt Sondre virker aktuelt, hytta på Fondsbu er jo flott og også turen dit. Kanskje fiskestanga blir med og Er fortsatt usikker på snøforhold på Surtningsui / Knutsholstind frå Svartdalen. Nokon som har erfaringer eller gått gjennom området den siste tida?
  3. God kveld! I slutten av Juli / starten av August har eg og dama tenkt oss ein tur til området rundt Gjendevatnet. Det blir ein hytte-til-hytte tur, men naturlegvis må eg som einkvar ivrig 2000m-samlar ta med ein og annen 2000m-topp Planen er som følgjer: Starter ved Gjendesheim og går over Bessegen til Memerubu. Overnatter her og tar neste dag turen til Surtningsue med kringliggende topper. Går videre ned til Memerubu og tar turen over Bukkelegeret til Gjendebu. Dag 3 går frå Gjendebu til Torfinnsbu, med ein avstikker via Knutsholstind (snøforhold her?). Dag 4 er meir usikker, men tanken er å komme seg tilbake til Gjendesheim, eventuelt ta dette på to dager. Er open for forslag til vegvalg denne siste etappen, som gjerne kan inkluderer ein topp eller to I tillegg er snøforhold i Jotunheimen ukjent for meg så ein tilbakemelding på vegvalg / topper hadde vore kjekt! Underteikna har klatreerfaring, men det blir ikkje aktuelt på denne turen. På forhånd takk for alle forslag!
  4. Hei, Vuderer å kjøpe ein heilt grei GPS til bruk i fjellet. Prisklasse ca. 2000-4000 tusen. Nokon erfaringar her på forum? Pris kontra kvalitet? Lurer og på kva eit kart over Jotunheimen kostar og kva kart som er best. Takkar for alle svar
  5. Sant det Tom. Er heilt enig i at diskusjonar skal ha temperatur. Dette er berre sunt. Denne gangen var nok eg litt høg på pæra og i overkant firkanta sjølv! Tykkjer Fjellforum er ein kjempeflott stad som faktisk har inspirert meg mykje i forhold til det å samle på toppar. Er mange fornuftige folk innpå her og det blir diskutert mykje interessant. Det er berre av og til at disusjonar flyt ut i noko anna enn det som eigentleg var temaet. Men dette er jo vanskeleg å unngå heilt. Det viktige er å unngå det mest mogleg.
  6. Ok, eg tok vel litt ekstra hardt i... Men eg meiner fortsatt at denne diskusjonen utarta seg litt i forhold til det som var temaet.
  7. Herregud for eit temperament og diskusjon!!! Fantastisk kor gode folk er til å rakke ned på kvarandre. At det er mogleg å vere så firkanta er nesten utruleg. Skulle tru at ein ikkje gjer noko anna... Eg har studert forumet ein stund og har ikkje sett slike personangrep før. Eg tykkjer dette er svært unødvendig og barnsleg. Dette bør alle vere for gode for!
  8. Mitt utgangspunkt for å gå på 2000-meterar er alltid gleden av å komme seg ut på tur - turgleden er såleis alltid i sentrum. Likevel er eg klar over at eg av og til prioriterer det å gå på ein 2000-metertopp, framfor andre turar som hadde gitt meg minst den same turgleden.. Likevel tykkjer eg ikkje dette er eit stort problem. Uansett kor eg reiser på tur, kjem eg meg ut i naturen og gjennom 2000-meter-samlinga får eg sjå plassar eg elles aldri hadde fått sett. Dette er noko eg skal fortsetje med, uavhengig av kva andre meinar. Refererer til sitatet Kim skreiv i forrige innlegg, og det som er blitt poengtert av mange her: Det å samle på toppar er iallefall ein svært sunn samlemani!
  9. Går ut ifrå at du meiner Midtre Bukkeholstindar...? Frå Tverrbotntind Ø-1 er det ein bratt snørygg over til dei Midtre Bukkeholstindar. Denne bestod av mykje blåis då eg var oppe i Tverrbytna (to helger sidan). Eg tykte det såg litt tvilsamt ut då, men før snøen er reist på breen, bør det gå rimeleg greitt her.
  10. Store Bukkeholstind er ein fin og luftig topp. Gå frå Leirvassbu, og på stien mot Spiterstulen tek du opp i Tverrbytna. Gå så sikk-sakk opp mot eggen aust for Søre Bukkeholstind (kan vere fordel å gå tidleg opp på eggen her). Vidare følgjer du eggen over Søre og Store Bukkeholstind. Herifrå kan du fortsetje traversen bortover dei vestlege Bukkeholstindar til Bukkehøi. Ein ting å passe på her er moglegheiten for å komme over breelva søre Illåi. Denne er ofte stor. I tillegg er dette ein lang tur, ca. 12 timar for normale personar, men absolutt ein flott tur blant brear og tindar i eit vilt område av Jotunheimen. Turen skal normalt ikkje kreve sikring sjølv om det er ein litt luftig passasje i Vakkerbandet (før ein kjem til Bukkehøi).
  11. Vesttoppen er etter alt eg har lest og sett den høgaste. Stemmer at toppen ikkje står markert verken på 1:50000 heller 1:100000 karta. Rart sidan dette er den høgaste... Var sjølv på Vesttoppen i august -97 i strålande sol. Vurderte å gå bortover til Austtoppen, men eggen såg i overkant luftig ut så det vart retur til Leirvassbu.
  12. 1. Knut Kjærvik, 19 år, Gaupne (utdanning ved HIS Jørstadmoen på Lillehammar). 2. Stetind i Leirdalen 21. juli 1994. 3. Antall toppar: 48 av 300. Går etter Røyne si liste. 4. Har hatt svært mange flotte turar. Kan likevel prøve å rangere dei beste: a) Toppdag til mange av Bukkeholstindane 16. august 1997. Fekk med meg 5 2000-meterar denne dagen. Gjekk frå Leirvassbu og returnerte same veg. Hadde me vore sikre på at Søre Illåi kunne passerast hadde me reist over fleire toppar samt Bukkehøi, men dette var likevel ein super tur. Totalt ca. 10 timar. Skitur til Kniven, Geiti og Soksi 12. mai 2001. Fantastisk skitur i godvær i Smørstabbområdet. c) Hausttur til Store Memerutind (Vesttoppen) og Leirhøi. Igjen ein super tur i området Visdalen-Leirdalen. Flott vær på Noregs 10. høgste topp. 5. Spenning, spesiell stemning, utfordrande osv. Har alltid gått mykje i fjellet, og det naturlege har vore å komme seg opp på toppar og sjå litt meir enn ein gjer nede i dalane. 6. Byrja fyrst å samla seriøst i år (2004). Har vore veldig hipp som happ før, men no er det litt meir systematikk i turvalet. Vil prøve å ta mellom 15 og 25 i året. Største hinder i progresjonen er at eg går på toppar utan klatring og uten breutstyr. Skal snart ta klatrekurs gjennom utdanninga så då blir det iallefall eit hinder mindre... 7. Usikker... Trur eg alltid har vore oppteken med å komme meg opp frå dalane og på toppane. På grunn av foreldre som tidleg tok meg ut på tur, har fjellgåing vorte ein naturleg del av oppveksten. Slik har eg gradvis fått både meir forståing og interesse for fjellet.
  13. Takk for beskrivelse og link til turartikkelen. Trur me kjem til å gå heilt opp til bretunga og krysse søre Illåi her, sidan det var vanskeleg lenger nede (iallefall utan å bli blaut...). Den einaste passasjen som verkar vanskeleg er ned i Vakkerbandet. Trur likevel dette skal gå bra. Me ventar til Søndag med turen grunna dårleg værmelding. Greitt å ha flott vær på ein slik tur!! (ikkje sant Julia??) Jaja..nok om det. Kanskje det blir ein liten tur på Laurdag og. Tenkte litt på Tverrbytthornet, men etter å ha lest litt om denne toppen er eg usikker. Får sjå kva det blir til. Ein ting er iallefall sikkert: Det blir MINST ein topptur i helga! Fjellhelsing
  14. Hei, I samråd med familien vart det bestemt å gå Bukkehøi og bortover til Bukkeholstind M2 (2135). Har nokre spørsmål i forbindelse med denne turen: 1. Korleis er det å gå over til Tverrbotntind Ø-1 (2151) herifrå? Har lest om ein bratt snørygg, kanskje det er mykje is her no? 2. Nedgangen frå Bukkehøi til Vakkerbandet. Er denne "grei"? 3. Størrelsen på søre Illåi?
  15. Hei, Eg og familien skal inn til Leirvassbu i helga og planen var å ta så mange 2000 - meterar som mogleg. Begrensinga er at me går utan sikring og at kanskje snø setter ein stoppar på dei mest utsette plassane. Har tenkt ut nokon turar som kan vere aktuelle: 1. Geitsetra - Bukkehøi - Bukkeholstindar V-2, V-3, V-4 evt. NØ, N og den på Tverråbreen. Beste returveg? 2. Leirvassbu - Tverrbytthornet - Tverrbytthornet V. Beste returveg her: Tverrbytna? + evt andre turar? Eg lurar og på om det går an å gå desse ryggane rimeleg greitt (litt klyving er ok): 1. Urdadalstindane. Kor langt evt kjem eg her? Bør eg gå frå sør mot nord eller omvendt? 2. Heilstuguryggen. Kor langt evt kjem eg her? Bør eg gå frå sør mot nord eller omvendt? Veit dette vart mange spørsmål, men eg veit og at det ligg mykje god kunnskap inne på forumet her!
  16. Hei, Tok turen til Jervefonni i kveld. Brukte ca. 1 time frå bilen og opp. Gjekk då rett på ryggen og følgte denne til topps. Gjekk greitt å komme over elva, men eg tok av sko og vada. Orka ikkje å gå å leite etter plassar å komme over. Berre gjorde det fort og gæli! Elles gjekk eg nedatt den vegen som du julia og morten gjekk både opp og ned. Var ikkje snøfonner her no, men mykje mindre stein enn direkte på ryggen. Var derfor særdeles meir behageleg å gå her, spesielt sidan regnet gjorde steinane på ryggen glatte som pokker... Nede ved bretunga til Storbreen kom eg fint over elva utan å vade. Trur og denne vegen opp er den beste. Her kan ein gå på sti inn til breen og så ta rett opp til toppen. Ein god erfaring dette. Ein lærer så lenge ein lever!
  17. Jeps, stemmer det... Skal heimover til det fagre Vestland på Onsdag, så eg rekker ein liten tur oppom Jervefonni iallefall. Går med sjumilsstøvlar...
  18. Gjesten over var tilfeldigvis meg...
  19. Hei Vurderer ein tur til dei to næraste toppane på Skagsnebb frå Leirdalen. Noko som veit noko om forholda der oppe no? Evt om turen til Jervefonna er raskare..greiare no?
  20. Hei Eg og familien var på Soleiebotntindane og plukka 2000 - meterar i helga. Dette gjekk fint heilt til me skulle opp på Nordre. Ifølgje ruteforklaringa i boka av blant anna Thommesen og Kuyper, skulle dette gå rimeleg greitt. Iallfall ikkje nevneverdig verre enn S1 og S2. Desse gjekk veldig greitt. Turen ned i skaret mellom Nordre og Store gjekk fint, men her byrja problema. Me gjekk nedover skaret ca. tjue meter og tok oss så på skrå oppover fjellsida. Her kom me til ein trang passasje, og til eit bratt sva. På andre sida av svaet var det eit rapellfeste eller iallefall eit tau av eit slag. Frå vår posisjon såg det ut som ein her kunne sikre over svaet. Dessverre hadde me ikkje med oss tau og dermed måtte me stoppe her. Derfor gjekk me litt tilbake og tok oss rett opp til eggen. Her smalna det meir og meir til og siste toppeggen var for bratt til å passere. Dermed måtte me snu på ny. Sidan klokka byrja å bli mykje, bestemte me oss for å gå tilbake til Store og ta fatt på heimturen. Derfor lurar eg på om nokon har erfaringar frå denne toppen? Om rutevalg og eventuell bruk av tau. Tykte beskrivelsen til Thommesen var litt lite detaljert frå skaret og opp... På førehand takk for alle svar!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.