I Rondane er det flott Vi hadde ein sommartur der for ikkje så lenge sidan. Gjekk frå Hageseter (2 km sør for Hjerkinn) til Høvringen, via Grimsdalshytta, Dørålseter, Bjørnhollia og Rondvassbu. Vi var ikkje på nokon av toppane den sommar. Den einaste ura eg hugsar er Dørålglupen rett før Dørålseter. Vi bruka vel eit par timar på den Dersom ein går frå nord til sør som vi gjorde, må ein kryssa Grimsdalen og Haverdalen d.v.s. du må ned i dalen og opp igjen på andre sida. Derimot fulgte vi Bergedalen, deler av Rondvassdalen, Langglupdalen og Illmanndalen. FLOTT å gå og for ein utsikt!!! Fint å gå også mellom Rondvassbu og Smuksjøseter.
Bra bøker:"Rondane" av Frank Ivar Hansen og "Rondane og Dovre" av Bjormyr/Kopperud. God Rondanetur