Gå til innhold
  • Bli medlem

Reidun

Aktiv medlem
  • Innlegg

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Reidun

  1. Vi gjekk turen Finse-Mogen i fjor sommar tidleg i juli. Vi starta frå Finse 5.juli og var framme på Mogen kvelden 9.juli. Vi hadde ein kviledag på Krækkja. Turen frå Finse til Krækkja var ganske drøy, det var ganske mykje snø så tidleg på sommaren og vi var også innom Sumtangen ved Finsbergvatnet. Det tok ein drøy time, men er absolutt å anbefala dersom du er interessert i historie. Frå Krækkja gjekk vi til Halne og "juksa" litt sidan vi tok Halnekongen over Halnefjorden. Båtturen var ein fin opplevelse! Greit med litt variasjon Turen gjekk vidare til Rauhelleren og Lågaros.I området nord for riksveg 7 var det mykje ur, syntest vi. Austvidda sør for riksvegen er flat og lettgått. Når det gjeld Fjellvåken på Møsvatn og bussruter ved Skinnarbu/enden av Møsvatn, så finn du dei på nettet (Rjukan Turistinformasjon/kontor). Vær obs på at båten (og bussen) går sjeldnare tidleg og seint på sommaren. Rutetidene er heller ikkje dei same på dei ulike vekedagane. God tur på storslagne Hardangervidda
  2. I Rondane er det flott Vi hadde ein sommartur der for ikkje så lenge sidan. Gjekk frå Hageseter (2 km sør for Hjerkinn) til Høvringen, via Grimsdalshytta, Dørålseter, Bjørnhollia og Rondvassbu. Vi var ikkje på nokon av toppane den sommar. Den einaste ura eg hugsar er Dørålglupen rett før Dørålseter. Vi bruka vel eit par timar på den Dersom ein går frå nord til sør som vi gjorde, må ein kryssa Grimsdalen og Haverdalen d.v.s. du må ned i dalen og opp igjen på andre sida. Derimot fulgte vi Bergedalen, deler av Rondvassdalen, Langglupdalen og Illmanndalen. FLOTT å gå og for ein utsikt!!! Fint å gå også mellom Rondvassbu og Smuksjøseter. Bra bøker:"Rondane" av Frank Ivar Hansen og "Rondane og Dovre" av Bjormyr/Kopperud. God Rondanetur
  3. Tusen takk for tilbakemeldingane! Det er ikkje Gamlelægeret ved Lågliberget. Dette ligg lenger sør. Kan prøva Øvre Numedal fjellstyre. Finn ikkje dette lægeret verken hjå Hilde Roland (Prosjekt Normannslepene) eller på "kulturminnesøk"(der var det mykje anna spennande ) . Eg veit at det er merka av på enkelte kart. For då vi tok oss ein god pause inne i steinbua, dukka det opp ein familie som var glade for at dei endeleg hadde funne lægeret som stod på kartet. Takk igjen og så prøver eg fjellstyret
  4. I sommar gjekk vi frå nord til sør på "Vidda". På ruta Rauhelleren-Lågaros dukka det opp eit gamalt læger midt i turistløypa. Dette var rett etter brua over Lågen. Lægeret låg sør-aust for Festningstjønne i Geitvassdalen. Det var ikkje merka av på kartet vårt i alle fall. Er det nokon på Fjellforum som veit noko meir om dette? Namn? Bruk? Alder?
  5. Hei! Det kjem jo litt an på når på sommaren du skal gå. Vi gjekk sjølv i år mellom Finse og Mogen tidleg i juli. Det var mykje snø mellom Finse og Krækkja, men då var det også slutt på snøen. Sørvestvidda er kjent for å ha mykje snø til eit stykke ut i juli. Vi hadde ein kjempeflott tur til Mogen i år. Har tidlegare teke turen frå Rjukan til Dyranut. Flott at Helberghytta vart bygd. Turen mellom Kalhovdhytta og Rjukan er på 9 timar. Nå er den fordelt på 6 t. og 3 t. Østvidda er flatare enn vestvidda, meir viddelandskap i øst. Vestvidda er meir kupert. ...så her går det litt på "smak og behag"! Mvh.
  6. Vegen inn til Stor Urevatn er åpen for alle.Ingen bompengar.Åpnar 1.juli, men ligg snøen lenge slik som i år, kjem du ikkje lenger enn til Reinevatn før uti august.God tur!
  7. Vi gjekk turiststien Gjevilvasshytta - Trollheimshytta 2.juli. Gjekk på mykje snø, men den var fast og fin å gå på. Mange fenner i området Kamtjørnin - Riaren - Fossådalsvatn og mykje av merkinga var borte. Vår erfaring var at det ligg meir snø vest i fjellet enn i aust. Vi hadde fint ver og turen var flott
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.