Gå til innhold
  • Bli medlem

Tykjen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    59
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Tykjen vant dagen sist 20. september

Tykjen hadde mest likt innhold!

Om Tykjen

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Tykjen sine prestasjoner

Contributor

Contributor (5/14)

  • Dedicated Sjeldent
  • Collaborator
  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Nylige merker

27

Nettsamfunnsomdømme

  1. Einig med deg @dsk Ja det er mykje smak og behag. Har også stor sans for Nova, har brukt den på lange turar. Og har aldri hatt kritiske feil som ikkje kan fiksast i felt. Med kritisk feil så meiner eg feil som gjer at primusen ikkje kan brukast lenger/ikkje kan reparerast i felt. Skruen under brennaren vart utslitt og mutteren datt av. Det var berre å feste med ståltråd. 2 gongar har CEJN-koplinga slutta å tette. Løysinga her er å stikke inn att hann-delen for å stoppe lekkasjen. Ikkje ideelt, men det fungerer. Den nye Nova-pumpa med bajonett og stengeventil istaden for CEJN er ei betre løysing. Den einaste kritiske feilen eg har hatt med brennarar som eg ikkje kunne fikse i felt var på ein Primus Omnilite med ergopumpe. Her spratt den raude plastproppa av medan eg pumpa trykk for å fyre opp. Og den kan ikkje festast igjen. Då var det over og ut for den pumpa, men Primus sende ny pumpe som erstatning.
  2. Eg har no litt erfaring med brennarar med reguleringsventil. Starta med Optimus 111 i 1988 og kjøpte Nova i 2001, så fenomenet er ikkje heilt nytt for meg. Og du har eit viktig poeng @sneakyowl det med at lågare effekt gir lågare drivstofforbruk. Det er noko som er underkommunisert i friluftsverda. Men poenget mitt med innlegget var å sette fokus på at XGK ikkje berre treng å være on/off. Den kan fungere bra til matlaging òg.
  3. Mange friluftsfolk synest MSR XGK er den råaste og kulaste brennaren og dei har kanskje rett i det. Men så opplever ein etter kort tid at bruksområdet er svært avgrensa fordi effektreguleringinga er så dårleg. Sjølv var eg sein med å prøve ut XGK, men eg har brukt ulike modellar av XGK ein god del dei siste to åra og vil gjerne dele litt erfaringar. Eg set stor pris på at primusen er særs enkelt oppbygd og at den er bygd for å vedlikehaldast i felten. Den siste versjonen av plastikpumpe er også svært truverdig og blant dei beste på marknaden. Men treng det være den typiske XGK On/Off reguleringa heile tida? For XGK EX er nok det diverre svaret. Om du brukar lågt trykk så blir det litt enklare å regulere ned effekten, men framleis er det snøsmelting, kaffivatn og Real Turmat som er greia. Set du inn ein såkalla "simmering plate" mellom gryta og brennaren blir det litt betre, men ikkje bra nok. Det same gjeld for XGK2 med shaker jet. Løysinga for meg som likar å lage mat på tur har vore å teste ut eldre modellar av XGK med dyse utan shaker jet funksjonen. Både gamle XGK og den litt nyare XGK 2 med shaker jet kan bruke desse kortare dysene utan innebygd reinsenål. Skilnaden når det gjeld matlaging er betydeleg. Steiking av fisk og kjøt? Koke havregraut eller ris? Pannekaker? Lågt trykk på flaska eller høgt trykk? Ingen problem. Dette gjeld både for alkylatbensin (XG-dyse) og parafin (XK-dyse). Saknar eg innebygd reinsenål? Nei, eg kan ikkje seie det. Men hadde eg fyrt mykje med ureint brensel så ville nok svaret vore eit anna. Så litt ang MSR Standard Fuel Pump: den er vesentleg dårlegare å regulere enn dei tidlegare modellane med aluminiumsratt. Men den er nok tryggare i bruk. Trikset er å bli kjent med den og at det er lettare å finjustere effekten om du flippar ned reguleringshendelen. Då blir det lettare å justere akkurat det bittelille som trengs for å få vekk dei gule flammane som du får om du skrur for langt ned. Steng reguleringshendelen heilt igjen, la brennaren bruke opp nesten alt drivstoffet i røret og så åpne berre akkurat så mykje som du treng. Det har vore skrive ein del her på forumet om at Arctic Fuel Pump er lettare å regulere. Det som skil Arctic frå Standard er lærpakninga og mjukare, blå o-ringar. Eg har funne nokre pumper frå rundt 2015 som er lettare å regulere (dvs at dei har lenger vandring mellom fullt stengt og fullt åpent), men det er ikkje slik at alle Arctic Fuel pump har denne eigenskapen. Eg har samanlikna ulike pumper som har kort og lang vandring men kan ikkje sjå nokon skilnad på dei, men det er det tydlegvis. Det er heilt tydeleg at det er to ulike versjonar ute i marknaden. Varri.no har XGK non-shaker bensindyse (XG) på lager, men parafindysa (XK) er ikkje så lett å få tak i diverre. Kjekt om andre ville dele sine erfaringar rundt dette relativt smale temaet.
  4. Ser jo bra ut det der! Men korleis oppfører den seg ved lav effekt? Eg prøvde ein stillebrennar frå Berniedawg på XGK EX. Den vart raudglødande med mindre du fyrte den på full effekt. Har også same erfaring med Silentcap for Nova.
  5. Såg det fyrst no, har både primus og deler (NRV) i Florø om du framleis er i Florø.
  6. Fann omsider ein tysk nettbutikk med vanvittig utval: https://www.allmaps.de/WG_1355.php EUR 29,90 inkl frakt til Noreg. Og så blir det vel litt toll og anna.
  7. Takk for tips, men ingen suksess. Kanskje nokon her på forumet har eit kart som ikkje skal brukast i sommar? Det er Maastokartta W523, nordlig del av Enaresjøen eg ser etter.
  8. Nokon som er oppdatert på kor hen det fungerer best å kjøpe finske topografiske kart for tida? Sist eg kjøpte var det på cdon.com men dei har slutta med kart. Papirkart altså.
  9. Har støtta kineserane og bestilt på ali express, såg bra ut den der
  10. Takk, akkurat det eg såg etter
  11. Nokon som har eit tips til kjøp av dette?
  12. Har prøvd bioetanolen til å forvarme min gamle Msr Whisperlite Internationale på parafin nokre gongar no, merkar ingen forskjell frå raudsprit. Denne primusen er heilt på grensa for å takle parafin.
  13. Sikkert nokon som har erfaring med begge. Er det nokon fordelar med Bioetanol? Samme varme, men mindre sot? Eller?
  14. Prioritert rekkefølge dersom du skal fyre i telt: 1. Alkylatbensin 2. Parafin med lite lukt (tennvæske, fritidsparafin, varmeolje men ikkje lampeolje) 3. Parafin med lukt (fyringsparafin, white spirit) 4. Blyfri bensin 5. Diesel
  15. Tusen takk! Har fått tak i ein lite brukt GK frå 1981 som eg skal lage nye kjelestøtter til. Denne er utan reinsenål og går an å køyre på lavare effekt enn dei ned reinsenål. Blir artig å prøve i felten.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.