Gå til innhold

asb

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. Bur i Gudbrandsdalen - det vi meinte var både Sør-Norge og Nord-Norge.
  2. Vi har heile sommaren fri - to vaksne og ein 1-åring, og vi vil bruke to-tre veker på tur i sommar. Vi har lavvo, ønskjer å sette den opp i skogen, men ha nærleik til fjellet, og nærleik til godt fiske. Vi har i utgangspunktet tenkt oss sørover, men værutsiktene bestemmer ein del, så nordover kan også vera aktuelt. Nokon som har gode erfaringer med gode turområde saman med småfolk, der det er triveleg å vera over litt lengre tid? Vi gler oss på tur, men går oss litt bort i alle karta våre - det er jo så mykje å velgja i!
  3. Planlegger tur til Femundsmarka i første halvdel av desember. Å ta med telt er aktuelt, men det kan også være aktuelt å benytte seg av åpne buer/hytter. Vil gjerne ha tips om rute til en tur som skal vare i opptil ei uke. Håper noen kan bidra med gode tips!
  4. asb

    Klatring i Nord-Østerdal

    Noen som vet noe om mulighetene for innendørs klatring i Nord-Østerdalen? Tynset, f.eks.?
  5. Ikkje enig med å halde seg unna Leirungsdalen - vi gjekk der nå for eit par veker sidan og myggen var handterbar. Fleire fine toppar å nå frå der. Dessutan er Leirungsdalen ei fantastisk flott dal som er utruleg fin å vakne opp i kvar einaste morgon!
  6. asb

    Olavsbu med hund

    Kanskje har du allereie funne ut av dette, men: Var innom Olavsbu i sommar, det står i hvertfall eit bur ute i ein bod i den eine bygningen.
  7. asb

    Urdadalen

    Nokon som veit korleis det er i telte i Urdadalen? Som namnet tilseier reknar eg vel ikkje med mange moglegheiter...
  8. asb

    Valg av trekkhund

    Dette med å ha hunden laus når det ikkje er sau i sikte når det er ein hund av ei rase med generelt sterkt jaktinstinkt: Det er ein risiko å ta, for dersom dei fyrst byrjar å jage, skal det mykje til å stoppe dei. Det er viktig å huske båndtvangen - og det gjeld alle hunder og alle raser! Dersom det fyrst skulle skje noko, er det til skade for både dyra som blir ramma, hunden som får kjeft fordi han følgjer instinkta sine, rasens "gode namn og rykte" og ikkje minst hundeeigaren sitt.
  9. asb

    Valg av trekkhund

    Kan uttale meg om malamute: Dei har eit sterkt jaktinstinkt, som andre polarhundar. Bør (skal) ikkje sleppast lause, aller minst vår og sommar, om vinteren kan ein gjera det dersom ein er langt unna dyr (når er ein sikker på det?). Kvalpen vår gjekk laus i heile vinter, men er usikker på korleis vi gjer det til vinteren att. Eg trur vi kjem til å prøve oss fram i område med lite folk og dyr. Det kjem sjølvsagt også an på kor god kontroll du har på hunden. Men lite overskygger jaktinstinktet dersom den plutseleg får auge på noko å springe etter. Generelt er ikkje malamute ein hund å ha laus, har vi fått beskjed om.
  10. asb

    Hvem har hund og hvilken rase?

    Hei! Vi har hund, og valgte alaskan malamute fordi det er ein fin familiehund og ein super turkompis som aldri seier nei takk til korkje store eller små turar i friluft. Han er litt over ti månadar nå. Malamute er store hundar som krev ein god del både mentalt og psykisk, men vi er veldig fornøygde med vår og angrar ikkje på valget!
  11. Det er Store Smørstabbtind, ja. Takk for svar!
  12. Må man over bre for å komme opp på Smørstabbtind (Smørstabbreen?) på ski nå - og i så fall er det farlig å gå over der nå?
  13. Vi tenkjer oss ein tur til Grønland sommaren 2008. Har ikkje begynt detaljplanlegging enda - lurte i grunn berre på om nokon har vore på tur på Grønland om sommaren og kunne gje oss nokre gode råd. Det er aktuelt for oss å ta med hund, så vi undersøkjer nå moglegheitene for dette. Vi har funne ut at dette vil vera mogleg berre i den sørlege delen av Grønland, så det er fortrinnsvis i dette området vi er interessert i å få informasjon om. Håper nokon kan hjelpe oss med tips!
  14. Hei, nokon som har gått gjennom Leirungsdalen dei siste dagane? Lurer på å ta ein tur i helga - har ikkje gått der om vinteren før, og vil gjerne veta litt om forholda.
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.