Her var det mykje bra! Å ha med ein venn er det beste tipset.
- Å leite etter noko er også lurt.
- Leite etter visse blomster/froskar/fuglar/raude T-ar
- La barna få fotografere
- Å skrive i toppboka eller få klistermerke på toppen/stempel i boka, er veldig motiverande
- Å kome fram til noko er spennande. Enten ei hytte, ein teltplass eller aktivitet.
- Bere eigen sekk- ikkje for tung! Ha eiga drikkeflaske og kanskje nøtter, så slepp ein å mase om dette.
Slår eit slag for Tafjordfjella! Her kan du kombinere hytte med telting.
Flott å starte i Romsdal (Brøste) og gå innover mot Pyttbua. Her kan de telte eller sove i hytte og ta turar til Karitind og Pyttegga med lette sekkar. Flott å gå vidare mot Veltdalen - og sjå på den hytta som kompani Linge sov i under 2.verdenskrig (gøymd under eit berg, her kan ein faktisk overnatte!). Hytta er vanskelig å finne, og svært spennande for barn! Tilbake til Reindalsseter - og overnatting på turen tilbake til Brøste. Dette er eit frodig og variert terreng med god merking, fine teltplassar og svært vakker natur.
Innser at telemarksutstyret er modne for utskifting - vurderer overgang til randonné.
Nokon som har tips til LETT sko for breid kvinnefot med høg rist?