1:Alder og bosted, evt. navn
Eg heiter Mari, er 16 år og bur i Lom kommune i Oppland.
2:Første topp - når og hvor
Det er eg rimeleg sikker på var Galdhøpiggen i juli 1994.
3:Antall hittil og kriterium for samlingen (Røyne, 30 m p.f. osv.)
Eg har 50 toppar over 2000 meter hittil. Eg går etter ei liste med 300 toppar over 2000 meter.
4:Flotteste topptur så langt hvor og evt. noen ord
Det trur eg må vera Bukkehø ein vårdag i 2002. Vi gjekk på ski frå Geitsætre i Leirdalen og inn mot Illåbreen. Det var ein lang og tung tur, men gud bedre for ei herleg utsikt, nydeleg vèr og fantastisk utforkøyring vi hadde! Rett og slett prima! Har hatt mange fantastiske turar i løpet av mitt 16 år lange liv, men denne hugsar eg ekstra godt.
5:Hvorfor en samler
Først og fremst fordi eg elskar å vera ute i naturen - naturen og fjellet er terapi for kropp og sjel. Og når eg fyrst er ute - kvifor ikkje gå på toppar? Det er artig å samle og det er ein sunn og spennande hobby.
6:Planlagt progresjon og eventuelt største hinder i progresjonen
Har eit mål om å gå på så mange fjellturar som mogleg i livet mitt - ikkje nædvendigvis berre toppar. Eg har ein liten draum om å koma meg oppå alle dei 300 toppane som står på lista som eg fylgjer. Eg har att 250. Eg stressar ikkje, eg har god tid! Største hinder må nok vera tid. Med utdanning, skulearbeid o.l. er det ikkje alltid like lett å få tid til å gå ein tur.
7:Hvordan det hele startet
Pappa er fjellførar og breførar. Han tvang oss ungane med på tur helg etter helg. Drivstoffet var kvikk lunsj og premier etter kor mange kilometer vi hadde gått. Etterkvart byrja ting å gå av seg sjølv, og no er eg ivrig toppsamlar, rypejegar og friluftsjente.