Gå til innhold
  • Bli medlem

Sigbjørn

Aktiv medlem
  • Innlegg

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sigbjørn

  1. Var på Soleiebotntindane 20.juli, då såg snøfonna ut som vist på bildet. Sigbjørn
  2. Nils: Det bildet kan minne veldig om innsteget til Høgvaglbreen..? Sigbjørn
  3. Hei og takk for innspel, Det vart start i Erdalen, kom oss opp til breen ei renne mellom fossen og dalsida. Andre turgrupper hadde følgt sommerruta, men det hang såpass mykje isblokker klare for utrasing over denne at vi foretrakk å gå lenger inn mot fossen før vi gjekk opp. Grunna ein kranglete fot måtte vi dessverre droppe Fjærland som mål, så vi valde å gå ned til Slæom og vidare til Sota. Kunne stå på ski nesten ned til flatene ved Mysubyttsetra, men siste strekninga krevde mykje "påsketeknikk" i form av bråstoppar ved/i opne bekkar og myrer... Sigbjørn
  4. Hei Vi har store planer om Jostedalsbreen på langs i pinsa (sikkert iiingen andre som tenker det heller). Sliter imidlertid med å bestemme oss for start frå Erdalen eller frå Sota. Start frå Sota er kun aktuelt dersom det er muleg å gå på ski ein god del av strekninga inn til Slæom. Er det nokon her på forumet som har vore i det området i det siste, eller som veit korleis det ligg an med snøtilhøva der? Sigbjørn
  5. Kom til Muruelva i motsatt retning frå Hinnotefjellet for nokre år sidan med ein plan om å krysse den og gå opp til Surtningsue. Konstaterte etter litt vandring opp og ned langs elva at sjølv om det var tidleg på dag var elva så stor og stri at det var like lurt å rusle ned dalen til Memurubu, ta ein kald pils og vente på første båt til Gjendesheim... Meiner å hugse at det omkom ein person under forsøk på å vade elva litt tidlegare same året. Sigbjørn
  6. Hei Vi var fire stykker som gjekk rundturen over Bukkehåmaren til Tjørnholstindane sist helg. Då låg snøen frå ca 2100moh, men ikkje så mykje at det var problematisk å gå. Det er bratt klyving opp til Høgdebrotet, men med rimeleg gode tak og litt assistanse gjekk det bra sjølv om fleire ikkje var veldig høgdesterke. Egga mellom Tjørnholstindane er meir utsatt, men denne kan du omgå nede i sørsida. Total turlengde vart ca 10-11 timer for oss, er du i god form kan den gåast ein god del raskare. Men så skal jo naturen nytast, og dette er definitivt ein flott rundtur når utsiktsforholda er gode... Sigbjørn
  7. Hei! Var på Glittertind sist lørdag (med sykkel frå parkeringa...) Snakka med fleire undervegs som hadde gått frå parkeringa og brukt ca 1,5 time inn til Glitterheim, så tidsvurderinga di er rimeleg bra. Eit tips kan vere å leige sykler på campingen på Randsverk, slik vi gjorde (men så hadde vi stativ på bilen og). Det er VELDIG behageleg å ha sykkel på Glitterheim når de skal dei 8 km tilbake til bilen
  8. I anledning god vermelding var det på tide å kome seg til fjells igjen. Det faste breåtet Øyvind hadde meldt helgefri og var særdeles klar for lengre fjelltur, og underteikna sørga kjapt for å avspasere fredagen med godver i sikte. Ein del timer i bil seinare var vi på plass ved Leirvassbu og begynte å klargjere sekkane for å rusle inn til planlagt teltplass ved Kyrkjetjernet. Ørliten nedtur å finne ut at saftflaska var lekk, og hadde fordelt innhaldet utover store deler av sekken.... Nedtur nr 2 når eg fann ut at a) digitalkameraet hadde flatt batteri, og ingen reservebatteri var med. Heldigvis er mobilkameraene begynt å bli ganske bra, slik at turen ikkje vart heilt udokumentert. Fin rusletur innover langs ruta til Spiterstulen, og fann ein utmerka mjuk teltplass rett før det går nedover mot Visdalen. Ei kort natt seinare var det opp med glidelåsen på teltet, berre for å konstatere at godveret framleis var der. Etter ein kopp kaffe og ein kjapp frukost, hadde vi pakka sekkane med breutstyr og anna naudsynt stash og var på veg mot Søre Bukkeholstind. Prøvde å halde høgda før vi svingte av mot toppen på Søre. Måtte litt innover før vi fann ein grei plass å krysse Tverrbytna, men ikkje verre enn at vi kunne dra rett oppover mot Søre Bukkeholstind. Svingte etterkvart utover mot austegga når vi nærma oss første fortoppen. Som vi skulle finne ut var det opp til fleire fortopper som medførte litt berg-og-dalbane gåing, men omsider kom vi oss inn til toppen av Søre. Vidare mot Store var vi oppom minitoppen "Vest for Søre", runda den på snø etterpå og vidare opp mot Store Bukkeholstind. Kryssa snøfeltet rett før toppen og klyvde opp frå sørvest, men såg når vi kom heilt opp at det hadde vore like greit å gå rett på egga slik tilhøva var denne dagen. Etter kaffepause på Store bar det vidare mot Midtre. Luftig klyving nedover egga, men greit på tørt føre. Etter at det begynte å flate ut vart det enklare, men framleis låg snøen så langt ut at det vart litt vassing i roten snø. Frå midtre og opp til V1 var det greit å gå, var såvidt ute på brekanten opp første stigninga. Over Bukkeholsbandet til Nørdre var det fram med tau og breutstyr. Kort passasje javel, men snøtilhøva innbaud ikkje til å ta sjanser. Kom oss greit over og vidare til toppen på Nørdre. Gjekk vidare til dei to austre toppane (Ø1 og Ø2). Når vi stod på Ø1 og såg på hammaren opp til Ø2, vart vi kjapt einige om at det var eit greit alternativ å gå rundt... Tok med oss Nordaustre Bukkeholstind og, før vi stabba oss delvis til knes nedover snøkanten på Bukkeholsbreen. Heilt greit å kome ned til vanleg steinrøys etterkvart. Av med breutstyret, så bar det ned på vestsida av Bukkeholshøe og opp dalen til teltet og reinsdyrflokken ved Kyrkjeglupen. Ufatteleg kor godt Real turmat og litt kald drikke på boks kan smake etter slike dager og 10 nye topper
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.