Gå til innhold
  • Bli medlem

Oddga

Passivt medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral
  1. Bruk gåstavar. og helst teleskopstavar. Dei kan du stille inn der det passar best. Litt korte oppover, litt lenger nedover. Det har funka fint for meg siste åra, (eg blir 63 i haust) då får du 4-WD i motbakkane, og det hjelper godt nedover og. God støtte og god balanse med stavar. Eg er ikkje overvektig, er 86 kg, og 1,80 høg. Men med nokre kg. på ryggen blir vekta fort godt over 90 kg. Men gode fjellsko er viktig, eg anbefalar Scarpa Ladak som eg har to par av, ett gammalt par, dei er snart utslitne, ett nyare par av samme sort. Dei gir god støtte, og har en fantastisk sklisikker sole på moseglatte steinar og regnglatte grasbakkar. Der det utrulig kva man kan greie berre en tek tida til hjelp. Min filosofi er: Starte tidleg, komme ned seint. Då har en hatt en god tur. Ønsker alle en GOD TUR!
  2. Samme her. enkelt å pumpe opp, vekt 1,06 kg. 35 cm. langt, 17 cm i diameter Lett å få plass til i sekken. Godt å ligge på.
  3. Dette er mange mange år siden, ca. rundt 1970, eg gjekk åleine på ski til en topp på vel 1270 meter. Då eg nerma meg toppen, merka eg at det gradvis blei is under det lette laget med nysnø. Oppover gjekk det greit, det var ikkje så veldig bratt. Hadde lette turski uten stålkanta, og etter ei stund var eg oppe. Trur dette var etter påske, veret var varmt og fint og sola steikte, så eg blei ei god stund på toppen. Då eg tok på att skiene og skulle svinge nedover, gløymde eg isen under nysnøen, plutselig var kroppen vannrett og eg begynte å sigle ukontrollert unna bakke. Farta var ikkje så stor, men eg hadde ikkje sjanse til å bremse eller stoppe. Så for eg sidelengs over et parti med berrmark, der mista eg høgre skia. Deretter bar det utfor en liten hammar på halvannen meters høgde. Under den hadde det samla seg noke snø som eg landa ståande opp i, og der stoppa det, heldigvis. Skia eg mista, for vidare utfor en hammar til. Og det var siste stopp før et stup på sikkert over 200 meter. Derfrå eg stoppa var det greit å gå bort og finne skia, som sto i ein liten snøhaug. Litt skjelven bar eg skiene med meg bort til trygg plass og kunne renne trygt ned att baksida..... No er eg over 60 år, eg hugsar denne episoda som om det skulle skjedd i går. Har fortsatt å gå på turar både sommar og vinter, og mange av dei åleine. Er en litt ekstra på vakt, går det som regel bra.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.