Gå til innhold
  • Bli medlem

Vinnerliste

Populært innhold

Viser innholdet med mest poeng fra 29. mai 2016 i Artikler

  1. [gallery600x480] [album]448[/album] [/gallery] Produkt Warmpeace Viking 1200 Levert av Hekta På Tur Veiledande pris kr. 5.499 Fast lågpris per 2016 kr. 3.999 Fakta frå leverandør Vekt: 1.760 g Fyllvekt: 1200 g Volum komprimert: 13 l Dunspenst/Cuin: 600 EU 700 US Fyllratio: 90/10 Temperaturangivning EN standard 13537: T Comfort -10 °C T Limit -18 °C T Extreme -38 °C Fakta frå Fjellforum Vekt pakka i kompresjonspose: 1.836 g Vekt kompresjonspose: 135 g Vekt pose: 1.701 g Fakta om testperson Kvinne 34 år. 167 cm og normalvektig. Van med å ligge ute, ikkje spesielt frossen. Testkriteriar Vekt og varme Pakkvolum og dunspent Dunvandring og kvalitet på saumar Komfort og brukarvennlegheit Pris Om posen Viking 1200 er den varmaste posen av i alt fire modellar i denne soveposeserien frå Warmpeace. Den har ein romsleg mumiefasong, med tettsittande hette og varmekrage. Glidelåset er tovegs YKK, med ein brei dunfylt kuldeklaff på innsida. Det er lagt webbing (stivt band) langs glidelåset, som skal hindre det frå og kile seg. Ytterstoffet er Loft Nylon DWR+. Dette er vassavvisande, skal tole høg belastning og er lett. Modellen kjem i tre ulike storleikar for personlengde inntil 170 (short), 180 (regular) og 195 cm (large), med glidelås på venstre side. Posen er sydd med Z-kammer. Det vil seie at kammera overlappar kvarandre. Tanken er å unngå kuldebruer som typisk vil oppstå med vanlege kanalar sydd med gjennomgåande saumar. Sjå bilete i karusell. Posen er handfylt hjå ei familiebedrift i Tyskland, som har arbeidd med dunprodukt sidan 1952. Dei føretek også den siste kvalitetssjekk av produkta før dei sender dei frå seg. Dunspenst er oppgitt med minimumskvalitet. Foret i alle Vikingposane er av pustande svart stoff. Det pustande stoffet skal syte for fukttransport båe vegar, og den svarte fargen er valgt for å kunne nytte ein kvar gløtt av sol i fjellet til å få tørka ut fuktigheita me slepp ut i posen i løpet av natta. Ekstrautstyr: For den som likar enno betre plass enn det posen byr på, kan ein kjøpe seg auka omkrets på posen i form av ein dunfylt kile som er kompatibel med glidelåsa. Denne heiter Warmpeace extender og ligg per 13.04.2016 til kr. 799 Forklaring av nokre viktige omgrep Dunspenst: Duna si spenst og evne til å utvide seg vert rekna i ein skala som heiter cuin (cubic inches per ounce). Dess høgare cuin dess høgare spenst og evne til utviding. I praksis vil det då fungere slik at om ein tek like mange gram dun med låg og høg cuin inn i same jakke med same materialar, vil den med høg cuin isolere betre. Dette fordi spenst og utviding dannar eit større isolerande luftlag enn duna med lågare spenst. Konsekvensen av dette er at ein, gitt like føresetnader elles, treng mindre mengder dun for å oppnå ei bestemt isolerande effekt, dersom ein nyttar dun med høg cuin. Desse faktorane påverkar i stor grad kor godt posen let seg komprimere og kva den veg. Skalaen for US dunspenst og EU dunspenst er noko ulik. 600 EU er omlag det same som 700 US. Dunblanding seier noko om det prosentvise tilhøvet mellom dun/fjær. Ein pose merka med 95/5 dun/fjær har det varmaste blandingstilhøvet du kan få, med 95% dun og 5% fjær. Dei fleste dunprodukt i dag ligg frå 80/20 og oppover. Høg andel dun og høg cuin kostar, likeins gode materialar. Test av dunposar og ein dunpose sin kvalitet må difor alltid sjåast i samanheng med pris. Tilhøve under testing Posen har til no 15 bruksdøger. Desse har gått føre seg med eit temperaturspenn frå -20 til 0 °C, i tørt vær, og i skikkeleg vestlandsfuktig vær. Den har vore med i arcticbeddingen på pulktur, og den har vore kraftig komprimert og pakka i botnen av storsekken. Den har blitt brukt som om den var testars eigen pose, med det minimum av forsiktig handsaming det innebær å være i underteikna sine hender. Vurdering Ein finn lettare posar enn denne, som er like varm og meir komprimerbar. Ein kan også finne dunposar som er rimeligare og like varme men langt tyngre og mindre komprimerbare. Dette handlar om å sjå eiganskapane vekt, komprimerbarheit, kvalitet og varme i samanheng med pris, og konkludere med omsyn til balansen desse faktorane imellom. Vekt og varme Posen har vore brukt i temperaturar på mellom 0 og -20 °C, og prestert godt under alle tilhøve. Posen er angitt med komfort temperatur for tester (kvinne) på -10. Tester opplever at posen er langt varmare enn angitt. Ved minus 10 holdt underteikna varmen, til tross for at liggeunderlaget var hakket tynnare enn eg likar i minus 10 (låg isolasjonsevne, eller R-verdi.) Med tjukkare/doble liggeunderlag, held underteikna varmen i denne posen i -20 °C. Eg har aldri hatt så varme netter for så låg vekt, i denne prisklassa. Skal ein ha dei same temperaturangivelsane i ein lettare pose, må ein rekne med eit langt større utlegg. Konklusjonen er at temperatur sett i forhold til vekt er meget bra, betre enn det som var oppgitt. Du kan lese meir om EN standard her, og meir informasjon om R-verdi på liggeunderlag finn du her. Pakkvolum, dunspenst, dunvandring og saumar Posen ligg i mellomklasse kva gjeld pakkvolum sett opp mot angitt temperatur, til tross for bra dunspenst. Forklaringa ligg nok i ei fyllmengde på 1200 gr. dun. Det må nødvendigvis gi noko volum, sjølv med høg kvalitet på duna. Derimot opplever underteikna at pakkvolum opp mot opplevd temperatur er meget bra. 13 l for ei god natts søvn i minus 20 kvalifiserar til eit opprykk på volumvurderinga. Dette må nok også sjåast i samanheng med at ein oppgir minimumsstandard på dunkvaliteta, og ein kan rekne med at det er mykje dun med høgare kvalitet enn 700 cuin i sving. Kompresjonstrekket er solid, og kan verkeleg jobbast med utan at noko ryk sundt. Spennene er noko trege. Til gjengjeld glid dei ikkje opp før du løyser dei med handemakt. Posen hentar seg raskt inn etter kompresjon, ofte langt raskare enn "naboens" langt dyrare pose i samanliknbare klasser. Duna "fell på plass" nærast av seg sjølv, og arbeid med å "fluffe" opp og omdistribuere dun i posen finn ikkje stad. Gi han to rist i det du trekk han ut av posen og hiv han på underlaget, og det har ordna seg sjølv. Eg opplever at det skuldast utforminga på kammera i kombinasjon med dunmengda. Eg opplever også at eg av same grunn, i mindre grad enn med mange andre dunposar, opplever kalde punkt på pundersida når eg ligg. Dette gjorde nok sitt til at posen var varm nok til meg og holdt temperaturangivelsen, også den gongen liggeunderlaget ikkje var optimalt. Nokre få dunfjon har funne vegen ut av posen og inn i teltet. Dette er så få, og dei er så små at det nesten ikkje er nevneverdig. Eg har hatt dunjakker i ei prisklasse eg ikkje likar tenke på, som har lekt meir dun enn dette, med mindre hardhendt behandling. Med 15 netter har eg litt lite grunnlag for å seie noko om haldbarheit på saumar og handtverk elles. Førebels kan eg seie at saumane verkar solide, med tette, faste sting og god slitestyrke på tråd. Handtverket elles er upåklageleg. Komfort og brukarvennlegheit Hetta sitt godt, og ein får snurpa den godt igjen ved behov. Den har bra med dun, og vert opplevd som eit godt vern mot varmetap. Kuldekragen var eg i utgangspunktet skeptisk til, då endane på den berre så vidt overlappar kvarandre, og då utan borrelås, knapp eller noko anna form for feste. Skepsisen min har dog blitt gjort til skamme. Kragane tettar seg ved stramming fint til over skuldrane, og er med på trekke heile hette/halssystemet tettare på kroppen. Faktisk kan det tenkjast at den manglande overlappen med feste gjer at kragen legg seg finare til kring halsen, uten klumpar og bulkar som lagar opning for varmetap. Glidelåset er tovegs, eit must for slike som meg som vil ha det varmt kring nakken men som ofte vaknar av at føtene står i kok. Det er også ein føremun å kunne opne ved føttene på morgonen før ein kryp or posen, og få lufta fukt ut av fotenden medan posen framleis er varm. Eg har til gode å kile glidelåset, noko eg sett stor pris på både når det hastar og elles. Eg har ikkje merka noko form for kuldebru langs glidelåset, så kuldeklaffen gjer nok jobben sin. Det svarte foret i posen tørkar fort, og det funkar særs bra med tanke på å nytte kvar en liten gløtt av sol til å få varma opp å tørka ut nattas fukt. Dei fleste som har prøvd å varme opp og tørke noko i sola, anten det er for å få festevoksen til å gli lettare på skia eller å få tørka tekstilar, veit å sette pris på denne vesle detaljen som fargen på fôret utgjer. Ytterstoffet skal være vassavisande og funkar også slik i praksis. Underteikna er glad i å ta den første morgonkaffien i posen, og rett som det skvett vert det noko slubbing. Dette tørkar fort, og ser ikkje ut til å trekke inn til duna. Komforten er upåklageleg. Den moderate mumiefasongen gjer at det er mogleg å bevege seg litt i posen, utan at han vert så stor at det for ein person med "gjennomsnittleg" kroppsmasse vert for mykje å varme opp. Posen er mindre glatt utvendig enn ein del andre posar eg har prøvd, og innerstoffet vert opplevd som passeleg glatt med tanke på å kunne bevege seg utan at det "heng" fast i klea. Klimaet i posen er godt, over eit breidt spenn av temperaturar, noko som indikerar gode materialval både utvendig og innvendig. Regular vert opplevd som rett storleik til meg, og vil nok funke også for folk som ragar litt meir over bakken enn mine 167 cm. Førebels konklusjon Nesten uavhengig av korleis det går i vidare test er dette allereie veldig mykje pose for pengane. Den er funksjonell og komfortabel, med god komprimerbarheit og låg vekt sett i lys av varme og pris. Allereie ein soleklar favoritt hjå underteikna, og definitivt mitt val når det skal fornyast i familien. Dette skjedde med posen i det vidare Posen skal brukast vidare, med ei evaluering av tilstand etter 50-60 bruksdøger og igjen etter førstegangs vask.
    1 poeng
  2. Det var lite snø og det som var var vindblåst, så oddsen var litt imot meg når jeg tenkte på pudderkjøring. Satt i bilen på Oppdal og så på kartet over Trollheimen. Storlidalen fristet ikke, men kunne jeg håpe på at de siste dagers sørvestvær hadde lagt igjen pudder østafor Fulånebba? Håpet var å få ei fin nedkjøring derfra. Hadde vært på toppen før, og viste at det er rimelig bratt på toppen, så tok med fjellsko og stegjern i sekken. Parkerte i Viromdalen ved Sanden på 180m. Der lå det ikke snø, så måtte traske opp igjennom skogen med skoene på ryggen til ca 350m før jeg kunne gå videre på randonee. Lite snø var det, men det var 15cm pudder oppå hardpakka snø, så forholdene var overaskende gode. Fulånebba/Grøvelnenna sett fra Sunndalsøra (bildet har jeg tatt ved en annen anledning) Gikk normalveien opp til litt sør for Mohaugen. Her flatet det ut og jeg gikk inn mot det bratte partiet hvor jeg la igjen skiene og gravde ned randoskoene. Fjellet har to topper og går man normalruta opp ender du først opp på en litt lavere fortopp. Klyvinga opp her var grei, men noe utsatt og spennende med mye is og hard fokksnø så stegjern gjorde seg godt. Fra fortoppen gikk veien ned i skaret til enn punkt som er noe utfordrede, spesielt uten tausikring og isfrie holdetak. Fikk ikke klatra ned så mått hoppe ned ca 2.5m til steinen nederst i skaret. Steinen er nokså stor og flat, så å lande her går helt greit selv med snø på. Problemet er bare at det er ganske luftig med stup på bedde sider av det tynne skaret så man føler seg ikke helt trygg i omgivelsene. Det bratte partiet opp mot Fulånebba. Kom meg opp på selve toppen hvor det var helt vindstille, en skjeldenhet på denne tiden. Hadde tatt med meg både dunjakke, gass, feltrasjoner og masse vann så ble sittende på toppen i noen gode 2 timer til sola begynte å bli lav. Med skyfri himmel fikk jeg ett lite innslag om å bare bli på toppen utover kvelden og se om jeg får tatt noen flotte bilder av stjernene, utsikten er jo ganske fenomenal! Jeg startet med å gå opp ett tramp ned ei ny rute, ned på vestsiden i stedet for ned i skaret i nord. Jeg ville helst unngå skaret i mørket, spesielt om vind og vær tok seg opp. Så før sola gikk ned gikk jeg opp ei trygg rute ned mot vest. Tilbake på toppen ble det photoshoot mens sola gikk ned, motivene var det ikke mangel på! Panorama fra Fulånebba over Sunndalsfjorden. Vinnufjellene med Dronningkrona sees til venstre. Utsikt utover Sunndalsfjorden. Sola går ned over fjellene ved Øksendalen. Sola står i Søre Skjorta. Skjorta (1711m) til høyre. Litt etterlys står i Litlskjorta (1552m). Blåtimen med lysene i Sunndalsøra. Zoom på Sunndalsøra Hydro Aluminium Sunndal Etter at sola gikk bort ble det litt døtid mens jeg ventet på klar stjernehimmel uten lysforstyrrelser fra sollys. Startet på med bygging av en varde av snø, steinvarden så så stusselig ut syntes jeg. Etter en time hadde jag kappa ut nok firkantete til en 2m høy varde. Lommelykta plasserte jeg i midten inni varden slik at det ble blått lys av varden. Stativ hadde jeg jo ikke med meg, så jeg måtte også bygge ett snøstativ, kraftig nok til en stein på toppen slik at kameraet kunne stå stødig til å ta nattbilder i flere rettninger. Etter 3-4 timers mørke kom også nordlyset fram, som gjorde turen komplett for min del og kameraets del! Nå sitter jeg bare igjen og kunne ønsket at jeg hadde ett enda bedre kamera, for slike turer som blir så komplett som denne finnes det få av. Den 2m høye snøvarden sto nok ikke lenge på denne utsatte vindtoppen! Stjerner over Sunndalen. Nordlyset dukket opp i nordvest. Lysene som gjenspeiler seg imot skyene er fra Kristiansund (sterkest til venstre) og oppover til Kyrksæterøra. Så ut som nordlyset forsvant etter hvert så jeg startet nedstigninga. Da blomstra selvsagt nordlyset opp igjen! Noe bratt retur til fotts nedenfor Fulånebba. Litt usikker på rasforholdene så gikk lengre ned for sikkerhets skyld. Måtte så opp til skiene igjen.
    1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+02:00
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.