Gå til innhold
  • Bli medlem

Vikafjellet (07.02.2004)


2124

Anbefalte innlegg

Vil melda om framifrå forhold på Vikafjellet igår den 7.februar. Tok turen opp i forgårds. Telting i stjerneklar himmel var etterlengta. Me vakna opp til vind, snø og dåleg sikt - det blei dermed Grøndalsfjellet. På toppen skein det opp - blå himmel og sol og nydeleg pudderføre ned att. Vel nede måtte me sitje i bilen og vente på mann med nøkkel til bommen( dei hadde stengd vegen), men da var verdt da, skal ikkje klage når ein har fjellet for seg sjølv på ein so fin dag!

Mykje snø og bra forhold på Vikafjellet!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Annonse

Eg ser at 2124 har ein flott stemningsrapport frå Vikjafjellet. Eg reknar med at du var ute på Skjelinganosi (1331 m.o.h.) óg, lengst nord på same fjellryggen som Grøndalsfjellet (1375 m.o.h.), med flott utsyn ned i Sognefjorden, og over til Jostedalsbreen, bl.a. Visst ikkje, ta deg ein vårskitur frå Vikjafjellsvegen i Skjelingen og gå oppå Skjelinganosi, med grei oppstigning frå litt sør for Svartavatnet, der du følgjer inntil rabbane som truleg er delvis snøberre no, for å unngå eventuell rasfare. Dermed er du straks på toppen. Returner gjerne om Grøndalsfjellet.

Vikjafjellet er eit flott fjellområde, der riksveg 13 går over fjellet mellom Voss og Vik. Turforslaga er mange, og her er nokre:

1. Kvassdalen/Holo inst i Myrkdalen (nedanfor Vikjafjellssvingane) - Vetle Grungen - Buforevatnet - Hestavatnet - Fossestølen ved riksvegen, evt. vidare til Målset - Pyttebakkane (Krakjen) - Flatfjellet med Gjetlestaidn - Dalsbotnen - Bødalen i Vik. Dette var den gamle driftevegen mellom Myrkdalen (Vossestrand) og Vik før vegen vart bygd over fjellet. (Dagstur).

2. Engjaland eller Skjervheim på Vossetrand - Torvedalen (overnatting) - vidare inn i Grøndalen (sør for Grøndalsfjellet) der ein forlet stien til Selhamar - vidare forbi stølane og over i Sendedalen som ein følgjer nordover til Vikjafjellsvegen, heile turen på Hordalandssida.

3. Fossestølen - Målset - Pyttebakkane/Krakjen - Gjetledstaidn på Flatfjellet - vestover mot Skadvatnet (vert passert i vasskanten i sørenden pga. hammar) - Badnavatnet - Rivedalen - Kringlevatnet (nordsida) - Turdalen - Krokeggi - Saursete - ned på god stølsveg mot høgdagarden Bungane - (evt. om stølen Hidliradn) - på bratt og nybygd skogsveg ned til Framfjorden (Arnafjorden), 20 km. vest for Vik.

4. Putlasetskardet mellom Fossestølen og tunnelen i Storehaug lenger nord - anleggsveg mot Muravatnet - til fots rundt nordenden av vatnet forbi Gravvotn (Gravbotn på kartet) og søraustover mot stølane i Vodlafjellet.

5. Frå anleggsvegen nemnt under pkt. 4, men følg gammal stølsveg frå vegen undervegs og passer på nordsida av Vossavatnet - følg varda sti over høgda og gå ned til stølen i Kvanndalen. Sjølv var eg der inne ein solfylt seinhaustdag i slutten av oktober i 2004, der eg traska til fots i ca. 10 cm. nysnø, og såg fjellet frå si flottaste side når vinteren er på veg.

6. Kvassdalen/Holo (sjå pkt. 1) - Vetle Grungen - austover mot Store Grungen - Dueskardet - opp venstre sidedal og over til nordsida av Ytredalsvatnet - austover og gjennom Urdaskardet - Tverraldskardet (Brekkedalsvegen som kjem frå Stalheim) - følg vegen austover til Haugane - Nåsen (Nosi) i Jordalen, veg til E 16 i Nærøydalen).

7. Kvassdalen - rett opp lia til den flotte stølen i Bjørndalen - gjerne vidare opp til Bjørndalskamben (1402 m.o.h.). Eg har ikkje vore på den toppen sjølv.

8. Stølstur på ski frå Årmot ved Helgatun i Myrkdalen - Bygdastølen (med eit av dei eldste stølshusa i Voss kommune) - Revhaugen - Reppane - Kvanndalen - Steinset -Tjørnarhovden (der ein alternativt kan følgja Oppheimsdalen til Oppheim (E 16) - Revhaugen - Årmot, (utprøvd i mars 2004).

Det er mange fleire ruter.

Kanskje det er lagt merke til at eg skriv Vikjafjellet istadenfor Vikafjellet. Det er fordi det er slik folk på Voss, Vossestrand og i Vik uttalar namnet. Folk frå Vik er kalla for vikjer, med j. Vikjafjellet kjem av at fjellet er fjellet til vikjene. (Digresjon).

God tur attende til Vikjafjellet, og kanskje fleire vil ta turen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.