Gå til innhold
  • Bli medlem

Snønuten 20.10.07


riko

Anbefalte innlegg

Gjekk til Snønuten i Suldal kommune laurdag 20.10.07. Vi var spente på korleis det ville vera å gå dit så seint på året. Visste at det hadde kome litt snø. Vi hadde overskya opphaldsvær og vindstille. Fulgte merka løype frå Mostøl mot Stranddalen. Etter ca. ein time tok vi av frå løypa og opp bekken ved Nedre Reinadalen. P.g.a. snøfallet var det vanskeleg å sjå kor den umerka stien gjekk, men vi fant ein veg på venstre side av bekken, opp til det første platået. Deretter i ein slyng oppover til neste platå, der vi skulle vera på utkikk etter ei egg som skulle kunne følgjast nesten til topps. Vi gjekk nå i eit ca 3 cm. snølag, som var lett å gå i. Måtte vera obs på parti med is nær bekkar og vatn. Vi blei etterkvart passert av ein lokalkjent fjellvandrar (motbakkeløpar?) som også skulle til topps. Ettersom det seig på med tåke og vi nok var litt usikre på vegvala, var vi kjempetakknemlege for å kunne følge i spora frå vår ukjente kjentmann. Ca. ti minutt frå toppen treffer vi han igjen. - De er snart på toppen, men det er ingenting å sjå i tåka, seier han. Toppen må sjølvsagt erobrast likevel.

Vel oppe ved varden blir vi overraska av sterk vind, og ei merkeleg lita revne i tåkelaget. Vi kryp i ly bak varden, og blir vitne til korleis tåka sprekk opp, og vi etterkvart får god utsikt til andre fjelltoppar, og mektige Blåsjø. Synest litt synd på han som var føre oss, men reknar med at han har sett utsikta før. Ser i topp-boka at det ikkje har vore så mange andre her i sommar og haust. Fin tur nedigjen i eigne spor, ser toppen klart på vegen ned igjen (bilde). Brukte 6,5 time t/r Mostøl.

For andre som evt. tenker på å ta turen nå i haust. Dersom det kjem meir snø framover, vil det kunne bli tungt å gå til fots. Kanskje like greit å vente på skisesongen?

post-3166-133474502238_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne
Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.