Gå til innhold
  • Bli medlem

riko

Aktiv medlem
  • Innlegg

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om riko

  1. Mi erfaring er at det har teke frå ei veke til eit par månader. Det kjem vel an på om dei har internettdekning på hytta og kan ta det via nettbank, eller om dei må bære eingangsfullmaktene til "sivilisasjonen" før det blir effektuert. I såfall går eg ut frå at dei sparar opp litt regningar mellom kvar gang. Er du urolig for at turistforeninga ikkje skal få betalinga si, kan du sikkert ta kontakt med nærmaste DNT- kontor...
  2. Kan anbefale ein tur til Suletind som er ein fin topp på 1780 m.o.h. Kan takast som dagstur frå Nystuen fjellstue, eller med overnatting på DNT-hytta Sulebu. Frå Suletind har du god utsikt, og ei herleg nedkjøring på ski etterpå. På denne linken kan du finne meir info om turmulighetar i området: http://www.hyttelaget.com/bildeserier/2003suletind.htm
  3. Bra perspektiv å bringe inn. Ellers er det vel lurt å tenke kvalitet når ein kjøper nytt. Då får ein gjerne utstyr som varer lengre, og det er vel meir miljøvennligt i lengden. Nokre leverandørar tenker vel meir på miljø og klima i samband med produksjonen enn andre også. Det er fortsatt mulig å reparere utstyr. I byen vår er vi så heldige å ha ein skomakar , og både ryggsekk og fjellsko har fått forlenga levetid ved hans hjelp. Kollektiv transport til fjellheimen er slett ikkje godt nok utbygd, i allefall her i Rogaland. Har sjølv gjort ein del forsøk på å bruke sykkel som framkomstmiddel til startpunkt for fottur. Det kan absolutt gi ein ekstra dimensjon til turen, men krever jo at ein har god tid.
  4. Ikkje verst å gå fottur her så seint på året. Var du på toppen av Damreisknuten? Eg var der i begynnelsen av september. Gjekk då frå Tomannsbu. Det var ikkje heilt lett å finne ei god løype til toppen syntes eg, men utsikta var jo upåklageleg.
  5. Gjekk til Snønuten i Suldal kommune laurdag 20.10.07. Vi var spente på korleis det ville vera å gå dit så seint på året. Visste at det hadde kome litt snø. Vi hadde overskya opphaldsvær og vindstille. Fulgte merka løype frå Mostøl mot Stranddalen. Etter ca. ein time tok vi av frå løypa og opp bekken ved Nedre Reinadalen. P.g.a. snøfallet var det vanskeleg å sjå kor den umerka stien gjekk, men vi fant ein veg på venstre side av bekken, opp til det første platået. Deretter i ein slyng oppover til neste platå, der vi skulle vera på utkikk etter ei egg som skulle kunne følgjast nesten til topps. Vi gjekk nå i eit ca 3 cm. snølag, som var lett å gå i. Måtte vera obs på parti med is nær bekkar og vatn. Vi blei etterkvart passert av ein lokalkjent fjellvandrar (motbakkeløpar?) som også skulle til topps. Ettersom det seig på med tåke og vi nok var litt usikre på vegvala, var vi kjempetakknemlege for å kunne følge i spora frå vår ukjente kjentmann. Ca. ti minutt frå toppen treffer vi han igjen. - De er snart på toppen, men det er ingenting å sjå i tåka, seier han. Toppen må sjølvsagt erobrast likevel. Vel oppe ved varden blir vi overraska av sterk vind, og ei merkeleg lita revne i tåkelaget. Vi kryp i ly bak varden, og blir vitne til korleis tåka sprekk opp, og vi etterkvart får god utsikt til andre fjelltoppar, og mektige Blåsjø. Synest litt synd på han som var føre oss, men reknar med at han har sett utsikta før. Ser i topp-boka at det ikkje har vore så mange andre her i sommar og haust. Fin tur nedigjen i eigne spor, ser toppen klart på vegen ned igjen (bilde). Brukte 6,5 time t/r Mostøl. For andre som evt. tenker på å ta turen nå i haust. Dersom det kjem meir snø framover, vil det kunne bli tungt å gå til fots. Kanskje like greit å vente på skisesongen?
  6. Gratulerer! Snart har jo "alle" gått Norge på langs, så det er på tide å få høyre litt meir om gode "på tvers" ruter. Kanskje fins det fleire gode tips der ute til ein snartur over kongeriket?
  7. Hei! Eg vil anbefale Stavanger Turistforening si årbok frå 2002, som i sin heilhet er via stadnamn. Her kan du finne forklaring på mange fjellnamn, også utafor Rogaland.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.