Gå til innhold
  • Bli medlem

Påske i Sogn


Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous
Skrevet

Tenkte å tilbringe påska i Sogn -- med bil og ski. Vikafjellet er allereie utpeika, og turen til Fresvikbreen er aktuell. Mottar gjerne andre turtips. Vi kan gå 6-8 timar om dagen, og køyre opptil 2 timar.

Annonse
Skrevet

Vil de ha ein flott skitur frå Vikjafjellet, inkludert eit par hytteovernattingar, startar de frå Skjelingen. Gå vestover forbi Svartavatnet, Bjergane og Rappen til Åsedalen (proviantert hytte). Ta så turen nordover gjennom Urdaskardet til Vatnane (hytte utan proviant). Så er det berre å rusla på ski utover mot Fagerdalsnipi med utsyn mot Jotunheimen, samt vandra langs fjellkanten mot den vakre og dramatiske Finnafjorden. Skulle snøen vera tint opp nær heile skogstrekninga, er det råd å gå opp eller ned frå/til Arnafjorden (Tenne eller Nese).

Turen til Fresvikbreen er grei frå Ovrisvatnet, via Muravatnet, Svelgen, Øvste Fresvik-Jordalen og Fresvikvarden. Kva med å køyra til Holmen i Nærøydalen (fylkesgrensa før Gudvangen), og køyr opp i Jordalen til Nåsen? Så kan de anten gå på ski opp Slettedalen til Fetanipi og Bakkanosi, eller gå innover Jordalen til Breidalen, gå over Vardane og Vasseteggi og ut mot Rimstigfjellet, Breiskrednosi og Skogafjellet. Desse toppane byr på utsyn ned i Nærøyfjorden. Kjellinge og g-arnt er kjent der inne.

Helsing Stuttjukken.

Skrevet
Tenkte å tilbringe påska i Sogn -- med bil og ski. Vikafjellet er allereie utpeika, og turen til Fresvikbreen er aktuell. Mottar gjerne andre turtips. Vi kan gå 6-8 timar om dagen, og køyre opptil 2 timar.

Kvar i Sogn har du tenkt å tilbringe påska? Det kan no vere greit å vite, om du skal få turtips.

Kandalen som Pelle føresler ligg no i Nordfjord, det er no kanskje litt unødvendig å køyre så langt

for å finne fine turmål.

Gjest Anonymous
Skrevet

Vi har overnattingar i Vik og Sogndal.

Takk for innspel så langt!

Skrevet

Med base i Sogndal er det ei mengde med turmål som kan nåast med 1 times køyring.

Reknar med at Sognefjellsvegen er open til Turtagrø, og då er Store Soleibotntind og Dyrhaugsryggen innan rekkevidde. Sognefjellet med Fanaråken eller Steindalsnosi går greit.

Vidare vestover ligg Fortunsdalen og Mørkrisdalen med masse moglegheiter. Oppover Jostedalen er Vangsen eit fint mål, eller ein kan komm innover mot Jostedalsbreen.

Nermaste turmåla kan vere frå skianlegget på Hodlekvè i Sogndalsdalen, vestover fjella mellom

Leikanger og Sogndalsdalen. Toppunktet på Gunvordalsbreen på 1604 moh, og muligheit til

å fortsette innover mot Steindalsbreen. Også til skianlegget Heggemyrane i Hafslo er kort køyring, her kan ein gå til Asbjørnsnosi på 1610 moh.

Ellers har Jølster fine toppar, frå Dvergsdalen mot Grovabreen eller Olahansfjellet. Litt lenger køyring til Stardalen, med Snønipa frå Haugadalen, eller Bjørga frå Befringstølen. Her kan ein òg gå opp Kvannebakknova og inn på Jostedalsbreen til f.eks Supphellenipa.

Ellers er det unormalt lite snø her i fylket i vinter, og etter fleire veker med kaldt vær og lite nedbør,

er det hardt og mykje avblåst i høgda. Men med 3 veker igjen til påske kan det no forandre seg litt.

Dette var berre nokre av alle dei mulighetene som finst i Sogn

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.