Gå til innhold
  • Bli medlem

Strekk ut og smil - Kveldstur til Breidnosi(1602)


Anbefalte innlegg

Skrevet

10. mai vart fjellsuget for stort att! Då eg forlet kontoret og sykla heimover var det berre ein tanke som stod i hovudet mitt, å finne utstyret og kome meg ut på skitur. Været var lettskya og den friske brisen skremde meg ikkje.

Bilen vart parkert kvart over fem ved Rv 52, ved "Støtta", på fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane. Målet var Breidnosi og kanskje Vesle Jukleggi.
Eg likar ikkje å dra på for tungt utstyr. Difor valde eg å gå på langrennski og med tynne skøytestavar. Snøen var fast under det vesle laget med fuktig snø. Mange frostnetter den siste tida har bevart snøen for oss galningar som søkjer opp i snøen når graset spirar nede i bygda.

Turen oppover gjekk dels med skøyting, dels i klassisk stil før fellane vart sett på. I den sørvendte bratthellinga braut dei små trinsene av og til gjennom snøen, men elles var turen uproblematisk. Jo lenger opp eg kom jo meir vinterleg vart det, men på 1500 meter fann eg ein stor barflekk perfekt for kvil og niste. Eg hadde nok teke plassen frå lokalbefolkningen, for rypene kretsa rundt meg på ærbødig avstand. Eg har aldri før hatt slikt "rypetekke"! :)

Etter ein god pause kom eg raskt opp på næraste topp og fekk utsyn til fleire kantar. Eg såg meg om etter Vesle Jukleggi, men kunne ikkje finne den. Det var fleire små toppar i området som ikkje syner på kartet og dermed vanskeleg å orientere seg. Eg hadde med ein enkel GPS og laga eit waypoint for å finne ut nøyaktig kvar eg var seinare.

I dette området var snøen tørr! Og for eit landskap! Jubel og fryd! :)
Eg hadde litt dårleg gli, fordi noko av limet frå fellane vart hengande fast i klisteret midt under skia. Likevel gjekk det bra å skøyte mellom toppane. Om lag halv åtte fekk eg utsikt til Vesle Jukleggi(1701). Fornuften fekk meg til å snu der utan å prøve å nå toppen. Trass alt var det arbeidsdag onsdag. Neste gong skal eg starte halvannan time før! Eg avslutta med å ta nokre bilete og gå opp på Breidnosi som eg no hadde plassert i terrenget.

Tilbaketuren gjekk lettare enn venta, men føret vart skarpt lenger nede, så der kryssa eg i stadenfor å prøve telemark. Ved bilen, ti på ni, sende eg ei melding til kona om at eg var framme. "Strekk ut og smil" svara ho. Og det gjorde eg!
:D

post-200-13347439142_thumb.jpg

post-200-133474391432_thumb.jpg

post-200-133474391445_thumb.jpg

post-200-133474391454_thumb.jpg

post-200-133474391462_thumb.jpg

post-200-133474391552_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.